søndag 24. november 2013

Erkebiskop Sortebill

Lancelot Blackburne.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Ikkje alle i kyrkja går gjennom det kyrkjelege hierarkiet på same måte, men få kan ha hatt ein meir usansynleg veg til toppen enn denne anglikanske erkebiskopen.

Mannen vi skal ta for oss heiter Lancelot Blackburne. Han var anglikansk erkebiskop av York frå 1724 til 1743, og vert av den anglikanske kyrkja kategorisert under overskrifta «Some of the more unusual Archbishops...»

Lancelot Blackburne gjekk ut frå erverdige Christ Church College i Oxford og vart ordinert i 1681. Han ville ikkje bli vanleg sokneprest, men takka i staden ja til å bli prest i Antigua i Karibien. Dette vart ikkje heilt som han hadde sett for seg, då løna kom i form av sukker, så han flytta derfor like godt heile verksemda si til øya Nevis. Her skil yrkesvegen seg drastisk frå det vanlege «presteløpet», for han fekk seg hyre på ei sjørøvarskute. Ombord fungerte han som ein vanleg pirat og fekk sin del av byttet. Han var populær mellom dei andre sjørøvarane, men gav seg av ein eller annan grunn med sjørøveriet og vendte attende til kyrkja. Det vert sagt at då ein av dei gamle skipskammeratene hans kom heim til England og spurte etter gamle Blackburne, vart han svært overraska over å høyre at han hadde blitt erkebiskop av York.

Det er mogeleg at sjørøveriet var på oppdrag frå kongen, i alle fall spekulerer både Church of England og Dictionary of National Biograhy over dette. Ein kan ikkje seie noko sikkert, men det eksisterer i alle fall ei kvittering der Blackburne får utbetalt £20, ein stor sum, for «hemmelege tenester i Antigua».

Etter to år var han i alle fall attende i England, og satsa der på å finne rike, sjuke prestar og så spele korta sine slik at han både kunne ta over etter dei og arve dei når dei døydde. På denne måten kom han etterkvart inn i presteskapet rundt katedralen i Exeter. Her byrja rykta å gå om han. Det vart sagt at han hadde gravd ein tunnell frå huset sitt og inn til nabohuset, tilfeldigvis huset til ein av stormennene i byen. Denne tunnellen brukte Blackburne til å besøke kona til stormannnen når han ikkje var heime. Skandalen gjorde at Blackburne måtte halde seg vekke i eit par år, men då vart han frikjent for skuldingane og fekk kome attende. Og no steig han raskt i gradene. Han vart domprost, så erkediakon i Cornwall før han endeleg vart biskop i Exeter i 1717.

Blacburne sikta høgt og hadde smiska med kongen sidan George I vart konge i 1714. Måten han vart biskop på, var at han drog til Exeter då han høyrde biskopen var sjuk, skreiv eit brev til erkebiskopen og sa at han burde få jobben og venta. Slik han brukte.... Kongen var ikkje vanskeleg å be då Blacburne ville ha jobben, og slik vart han biskop.

Han ville bli biskop, men han ville tydlegvis ikkje vere biskop. Han brukte mesteparten av tida si i London. Rykta i tida ville ha det til at det var mest piker, vin og sang det gjekk i. I alle fall var det lite kyrkjeleg aktivitet. Det han gjorde av kyrkjelege handlingar sette derimot spor. Han via kong George I med si tyske kusine og elskerinne, eit ekteskap som skal ha vore tvilsamt under dei gjeldande lovene og omdiskutert i kongefamilien, men det gjorde at den tidlegare sjørøvaren fekk erkebispesetet i York som takk.

Han var erkebiskop i 19 år. Dei siste ti åra ordinerte han ikkje ein einaste prest. Han brukte heller tida på det han likte best: Posisjonering på slottet og piker, vin og sang. Han utførte ein og anna konfirmasjon, men skal ha blitt kasta ut av kyrkja under den eine konfirmasjonen, då han bad om å få inn pipe, tobakk og øl for å halde ut.

Blackburne døydde i 1743 utan å etterlate seg barn, i alle fall ikkje nokon ein var sikre på, men opp til fleire høgtståane geistlege i England måtte i ettertid leve med spekulasjonar rundt om erkebiskopen eigentleg var faren deira.

Artikkelen har som hovudkjelde William Donaldson si bok Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, og er i utgangspunktet skrive som ei helsingstale i ei bursdagsfeiring. Teksten er her litt omarbeida, slik at den undelege forteljinga kan lesast av fleire. 
 

søndag 17. november 2013

Ein skikkeleg salutt!

Dette er kyrkja som gjekk med i feiringa av grunnlova.
Biletet er lånt frå Romsdalsmuseet.
Messa vart i dag feira i Molde domkirke, noko som gjorde at ein rask kikk på kva Wikipedia kunne fortelje om denne kyrkja var naturleg. Wikipedia kunne fortelje mykje, mellom anna kunne eg lese følgjande om den første kyrkja som stod på tomta: «17. mai 1885 brant kirken ned, muligens som følge av et noe uheldig skudd med saluttkanon»

Dette viser seg å vere ei underdriving, for det finnes augevitneskildringar av det som skjedde 17. mai 1885. Romsdals Folkeblad kunne 15. mai 1935 trykke eit intervju med han som, etter sitt eige ord, var den første som såg at det brann i kyrkja. Vi gjev ordet til Torsten Fuglset. (Kursivering i teksten er gjort av meg)
Ja, sier Torsten, jeg var den første som la merke til at det brente i kirken og varslet om det. Røk og flammer slikket op omkring tårnet nokså høit oppe, da jeg så det. Jeg var den gang i 20 års alderen.

- Det skulle være foranlediget av en saluttkanon oppe på ”Berget”, som traff tårnet og satte fyr på? 

- Branden viste seg først høit oppe på tårnet, så det var nok en saluttkanon som var årsaken. Været var stille og varmt, og ilden grep forferdelig fort om sig.

 - Og det kan hende at byen våknet!

Dagen skulle markeres med salutt fra noen brandkanoner, som var placert oppe på berget hvor Brødr. Gjendem nu residerer, og så har en av de brendende forladninger tatt sikte akkurat på kirketårnet med den mest skjebnesvangre følge.
Så vert det spanande å sjå om nokon lar seg inspirere til grunnlovsjubileet i vår...

Når vi først er inne på Molde domkirke, må det seiast at det er noko underleg med den kyrkja. Ho er på mange måtar ein slags prototype på ein 50-talskatedral. Som skapt for domkyrkjegudstenester med det dei har med seg og med sitteplassar som går langt over det ein treng i lille Molde. Samstundes vart ikkje denne kyrkja bygd som domkyrkje. Det gjekk rundt 25 år før Molde kirke vart til Molde domkirke. Det er som om ein i Molde rekna med at ein skulle få eit eige bispedømme på nordvestlandet og tenkte at om dei berre bygde ei domkyrkje, skulle dei sikkert få ein biskop dit også. Slik vart det i alle fall. Biskopen kom og kyrkja fekk bli domkyrkja ho eigentleg var. Så skal ein vere konsekvent, må det snarast kome ein biskop på plass i den ventande katedralen i Haugesund...

søndag 10. november 2013

Drukna kyrkjer VII - Kyrkja som ikkje drukna

Eit litt uklart bilete av Masi kyrkje tatt av underteikna ein
nydeleg vinterdag i 2008.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Etter at St. Isidors minne har fått særs mange nye bekjente på grunn av forrige innlegg, er det på tide å ta lesartalet ned til det normale att. Vi gjer dette med den (foreløpig?) siste artikkelen om drukna kyrkjer. 

Denne gongen skal vi til Norge, og vi skal til ei kyrkje som ikkje er drukna. I den lille bygda Masi, eller Máze, i Kautokeino kommune ligg det ei lita kyrkje frå 1965. Eg har vore i denne kyrkja eit par gonger, og det er ikkje på nokon som helst måte ei spanande kyrkje. Ho vart bygd etter at ei kyrkje frå 1931 vart ein del av det tyske flammehavet i 1944, og kan vel ikkje by på noko meir spanande enn levande liturgi på samisk, noko som jo i seg sjølve er verdt ein tur.

Det som gjer at denne kyrkja er noko eg tar fram her, er at eg trur dette er det næraste vi har kome ei drukna kyrkje i Norge. På 1970-talet kom det nemleg fram at ein hadde planar om å demme ned heile bygda i samband med utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget. Dette utløyste, som vi alle veit eit voldsomt spetakkel, og Masi, som kanskje er den mest genuine samiske bygda i Norge, kom tørrskodd frå dei heile. Eg har blitt fortalt at hadde planane gått gjennom, ville ein i dag kun ha sett kyrkjespiret på kyrkja, og det ville ha vore alt ein såg av bygda. Slik vi har sett på nokon av dei drukna kyrkjene vi har sett på til no.

Eg trur altså at Masi kyrkje er det næraste vi kjem ei drukna kyrkje i Norge, men om nokon har eit betre forslag, er det berre å skrike ut!

Altaret i Masi kyrkje.
Biletet er tatt av madammen og ligg på Wikimedia Commons.

onsdag 6. november 2013

Norge er ikkje eit kristent land, men kven har skulda for det?


Klikk på biletet for å få det større.
Få ting får fram like mykje stygt i det norske folk som den vulgærkonservative nasjonalreligiøsiteten, noko vi ser grelle døme på no når NRK har rydda i smykkeskrinet.

Eg vart invitert til å like Facebook-sida «Ja til å bære korset når og hvor jeg vil» og tok ein titt på det folk skreiv der. Det flaumer over av stygge døme på korleis ein skuldar på innvandrarar for noko som mykje heller kan sporast til akkurat dei same folka som ropar høgast.

Folk påstår at det NRK har gjort er eit forsøk på å blidgjere innvandrar som har klaga på krossbruken, at dette er å «nøytralisere kulturen vår», at dette vert gjort for å tilpasse Norge til andre kulturar og at det er ein del av ein slags muslimsk konspirasjon for å ta over verda....

No er det nok heller slik at det ikkje er innvandrar som har klaga på dette, men meir truleg ein eller annan hissig ateist. Men det er sjølvsagt mykje meir behageleg å skulde på dei skumle, stygge innvandrarane som kun har kome til Norge for å ta seg tilrette og «klage på alt vi gjør».

Men kven har skulda for at Norge ikkje lenger er eit kristent land? Det er ikkje muslimane. Det er ikkje ateistane. Dei som har skulda for at Norge ikkje er eit kristent land, er dei som ropar og skrik om at Norge er eit kristent land og kor viktig det er at vi tar vare på den kristne kulturarven, utan å leve ut noko av dette i praksis.

Lat oss køyre ein rask test for deg som meiner det er viktig å ta vare på den kristne kulturarven, særleg i møte med innvandrarar.
Går du ikkje på gudsteneste på søndag? Sender du ikkje borna dine på søndagsskule og barnekor? Veit du ikkje at Kjærleikens høgsong står i 1. Kor 13? Forstår du ikkje kva 1. Kor 13 viser til? Kan du ikkje Herrens bøn? Meiner du jula handlar om familie og kos? Handlar påska om den siste skituren eller den første turen på fjorden? Er pinsen kun for den første utepilsen? Trur du reinkarnasjon kan kombinerast med kristendom?

Då er det i såfall DU som er ansvarleg for at kristen tru får mindre plass i det offentlege rom i Norge. Då må DU gå i deg sjølve og gjere noko med ditt liv, slik at du vidareformidlar kristne praksisar som kan vere med og forme samfunnet.

Gjer du ikkje det har du ingen legitimitet når du snakkar om å ta vare på den kristne kulturen, for det er DU som bryt den ned. Det handlar ikkje om innvandrarar eller ateistar, det handlar om at DU ikkje fører vidare det DU hevdar er norsk kultur.

Akkurat denne dama trur eg nok faktisk bærer «den kristne kulturarven videre» 
Vil ein føre den kristne kulturen vidare i Norge, er det første ein må gjere å føre den kristne trua vidare. Dette gjer ein gjennom å delta i dei kristne samlingane, altså gudstenester, og gjennom å la kristen praksis få forme dagleglivet. Kristen praksis er ikkje å spreie løgn om innvandrarar. Kristen praksis er kjærleik.

Lite ville glede meg meir enn om alle desse som snakkar så varmt om den kristne kulturarven og at Norge er eit kristen land skulle dukke opp i kyrkjene på søndag. Det er også lite som ville overraske meg meir....

mandag 4. november 2013

Drukna kyrkjer VII - Sharp's Station Methodist Episcopal Church, Tennessee

I dag skal vi sjå på ei kyrkje som har forsvunne under vatn, men her har også kyrkjesamfunnet gått inn i historia, eller rettare sagt gått inn i eit anna kyrkjesamfunn. Methodist Episcopal Church finnes ikkje lenger i den forma ho ein gong hadde, men vart ein del av United Methodist Church i 1968. Då hadde allereie Sharp's Station kyrkja i Loyston, Tennessee vore dekka av vatn i over tretti år.

På byrjinga av 1930-talet bygde ein Norris-demninga som igjen skapte Norrissjøen. Denne innsjøen la mellom anna Loyston under seg med kyrkje og det heile. Dei to bilete vi skal sjå vart tatt i 1933, altså omtrent i det ein byrja å bygge demninga som skulle ta knekken på kyrkja.

Slik såg kyrkja ut i 1933. Biletet er tatt rett etter ei gudsteneste.
Biletet er tatt av Lewis Hine og ligg på Wikimedia Commons. (PD)

Pågåande gudsteneste i 1933.
Biletet er tatt av Lewis Hine og ligg på Wikimedia Commons. (PD)

fredag 1. november 2013

Drukna kyrkjer VI - St. Ivan Rilski-kyrkja i Bulgaria

Kyrkjeruinane i kanten av vatnet.
Biletet er tatt av Ivan Hadji og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)
Vi tar turen til Bulgaria og St. Ivan Rilsku-kyrkja, ei kyrkje omtrent midt i landet. Ho vart lagt under vatn då ein bygde ein dam på 1960-talet.

Alt eg veit om denne kyrkja har eg frå ei maskinomsetjing frå bulgarsk Wikipedia, så eg er open for at eg har feil, men det ser ut som om det er ei kyrkje frå 1895, vigsla til Bulgaria sin nasjonalhelgen St. Ivan Rilski.

På 1960-talet lagde ein ein dam, og i løpet av 1965 vart kyrkja, og resten av landsbyen Zapalnya oversvømma. Dei restane av kyrkja som står att i dag skal vere dei einaste ruinane av det som var ein landsby. Kvifor kyrkja ligg på land på bileta veit eg ikkje, men kanskje dammen vert tappa ned av og til?

Slik kan det sjå ut inne i ei kyrkje etter at vatnet har fått råde.
Biletet er tatt av Ivan Hadji og ligg på Wikimedia Commons. (CC-BY-3.0)