fredag 30. august 2013

Fond du Lac-sirkuset

I dag feirer den episkopale kyrkja i USA minnedagen for Charles Chapman Grafton som var biskop i Fond du Lac i Wisconsin for rett over hundre år sidan. Eg har aldri høyrt om mannen før eg las om han i dag, men han verkar for meg som ein flink biskop. Eg hadde heller aldri høyrt om debatten som oppstod rundt han, Fond du Lac-sirkuset, eller «Fond du Lac Circus» som dei kallar det i USA. Eit sirkus som viser at det ikkje berre er her i landet vi ser ulikt på både liturgiske klede og kyrkjelege samarbeidspartnarar...

Saka er som følgjer: I 1900 vigsla Grafton ein R.H. Weller til sin kodajutor, eller hjelpebiskop. Til å vere med på dette hadde han bedt inn den russisk-ortodokse biskopen i Alaska med sitt følgje og ein biskop frå den gamalkatolske Polish National Catholic Church (som vel Den nordisk katolske kyrkja ligg under). Allereie her kan vi nok gå ut i frå at det skurra hos dei lågkyrkjelege i den episkopale kyrkja.

Seremonien vart utført «with a fullness of ceremonial that was unprecedented in the Episcopal Church. All officiating bishops wore copes and miters. Chrism was used in the consecration, and the newly ordained bishop was given an episcopal ring and a pastoral staff.» Eigentleg skulle også den ortodokse og polsk-katolske biskopen delta i gudstenesta, men slik vart det ikkje. Under gudstenesta var dei kun tilstades.

Etter gudstenesta vart det så tatt eit bilete av alle biskopane som var der. Om ikkje det andre som skjedde hadde skapt bråk, gjorde i alle fall dette biletet det. For første gong vart her episkopale biskopar tatt bilete av med bispekåpe og mitra. Dette var mykje å bere for dei lågkyrkjelege som ikkje hadde noko til overs for slike «katolske» klede. I tillegg var det episkopale, gamalkatolske og ortodokse geistlege samla i ein flokk, noko som heller ikkje var populært mellom dei som meinte at dei episkopale heller burde stå saman med andre protestantiske kyrkjer. Episcopal Library slår fast at «Considerable uproar resulted in some parts of the Episcopal Church when a picture of the assembled bishops was published in The Living Church». Biletet, som er det ein ser under, fekk namnet «Fond du Lac Circus».

The "Fond du Lac Circus"
Biletet er lånt her. Kven som er kven på biletet kan lesast her.

Slik kom altså stasleg bispeskrud dundrande inn i den episkopale kyrkja. Dei av oss som har sett oss litt rundt på den fabelaktige bloggen Bad Vestments kan kanskje av og til vere på nippet til å meine at det hadde vore betre om akkurat denne kyrkja ikkje hadde oppdaga bispekåper....

tirsdag 27. august 2013

«Meir enn overraskande» med kristne i MDG?

Det følgjande er sendt som lesarbrev til BT, men det ser ikkje ut som BT finn plass til det i valkampinnspurten. Derfor legg eg det ut her. 

Torill Selsvold Nyborg frå KrF går i BT 21. august kraftig til angrep på slike som oss: Prestar som er med i MDG. Ho finn det «meir enn overraskande» at vi, og andre kristne, er med i eit parti som «sterkt devaluerer dei kristne verdiane landet vårt byggjer på». Måten vi visstnok gjer dette på er ved å forfekte ein livssynsnøytral skule og ved at partiprogrammet vårt ikkje nemner orda «kristen» eller «kristendom».

At vi er med på nokon devaluering av kristendomen, er sjølvsagt det reinaste sprøyt. Vi kan ikkje snakke for andre enn oss sjølve, men i MDG sitt partiprogram finn vi eit menneskesyn og ein samfunnsanalyse som ligg nær opp til det vi sjølve står for. Meiningane våre er resultat av impulsar frå ulikt hald, men kristen tru er for oss den viktigaste av desse. At spesifikke ord ikkje er nemnt i programmet, seier ingenting om innhaldet i programmet. I MDG finn kristne, muslimar, nyandelege, nyateistar og andre saman, og det kan vi gjere nettopp fordi vi ikkje er eit religiøst parti. MDG er eit parti for oss som ynskjer å byggje eit samfunn basert på grøne grunnprinsipp som solidaritet både med denne og dei komande generasjonane, ikkje-vald, økologisk berekraft og likeverd. Verdiar som ikkje er spesifikt kristne, men gode grunnverdiar vi kan einast om på tvers av livssyn.

Å forkynne og sikre kristendomen sin plass i samfunnet er kyrkja si oppgåve, og både vi og dei andre prestane i MDG gjer alt vi kan for å fremje det vi trur på. Men kyrkja kan ikkje ha nokon form for særstilling i politikken eit multireligiøst samfunn byggjer på. Denne politikken skal ikkje gje éin religion eller eitt trussamfunn særrettar. Den skal vere allmenn og lik for alle, noko som mellom anna vil seie at skulen må vere livssynsnøytral. KrF ser dessverre ikkje ut til å skjøne dette, og vil til dømes ta ein krampeaktig omkamp om RLE-faget. For å vere klokkeklare på kva vi meiner: Trusopplæring er kyrkja si oppgåve, og skulen skal vere ein livssynsnøytral arena for elevar av alle livssyn.

Nyborg avsluttar med nærmast å hevde at det er ein kristenplikt å stemme KrF. Det er det ikkje. Det er like lite ein kristenplikt å stemme KrF som det er ein kristenplikt å stemme MDG eller noko anna parti som stiller liste i valet. Alle må ta eit sjølvstendig val, og desse vala bør ein ha nok respekt for til å avstå frå slike utspel som det Nyborg her kom med.

Steinar Sneås Skauge og Marianne Støylen Skauge. Prestar og MDG-medlemer.

fredag 16. august 2013

«I en sofa fra IKEA...»

Sjå for deg at du høyrer dette på radioen medan du er ute og køyrer bil.

Det er snart val til nasjonalforsamlinga i eit lite land kjent for store rikdomar som er plasserte i uoversiktelige fond utanfor landet. Slik det er med denne typen val har det blitt gjort førebuingar i form av manntal, valkort og liknande og dei som ikkje kan stemme på valdagen får høve til å gjere dette i vekene før den store dagen.

Når dagen kjem skal velgjarane gå til ulike stemmelokale. Dette er vanlegvis på skular, bibliotek og andre offentlege bygg. Men eitt stemmelokale skiljer seg ut. I ein av dei største byane i dette landet kan folk stemme i eit butikklokale. Og ikkje i kva som helst butikklokale, men i det lokale utsalet til ein internasjonal butikkjede som kjem frå det litt større nabolandet til dette landet. Om denne butikkjeden kan Wikpedia seie at den er «owned and operated by a complicated array of not-for-profit and for-profit corporations».

Kva ville du tenkt om du sat i bilen og høyrde dette? Eg sat i bilen i dag og høyrde akkurat dette.

I Bergen er IKEA i Åsane eitt av stemmelokala.

Eg kan ikkje anna enn å undre meg på kva vi hadde sagt om det lille landet som skulle få seg ny nasjonalforsamling var eit anna land enn Norge...

søndag 11. august 2013

Ferdaminni fraa Sumaren 2013: Spedalske ruinar

EG HAR BLITT GJORT MERKSAM PÅ AT DEI HUSA DET ER BILETE AV I DENNE ARTIKKELEN IKKJE ER DEI HUSA EG VAR PÅ JAKT ETTER. ARTIKKELEN ER ALTSÅ FEIL!

Dei siste ferdaminnene i denne omgang går ikkje så langt. Dei held seg faktisk i Lindås, men er likevel relativt eksotiske, for det er ein vaskeekte leprasafari. Vi skal til det som skal vere ruinane etter husa til ein av dei siste spedalske i Norge.

Så lenge eg kan hugse har eg høyrt forteljinga om korleis ein av dei siste spedalske i Norge budde på Skausneia. Ein dag eg var oppe på fjellet ein tur, var det på tide å ta ein kikk på denne plassen. Min kjentmann presiserte at det var ikkje lange biten å gå når vi først var i området, så vi la i veg for litt lokalhistorie på nært hald.

Ruinane er ein eller annan plass inne i det blå området, trur eg. På bakken var det heile overgrodd...

Kjentmannen hadde i prinsippet rett i at når ein er på Fjellsbø er det ikkje så langt til ruinane etter husa, men det er ikkje ein tur ein bør ta om ein har med seg barnevogn, for å seie det slik.... Heller ikkje om ein er redd for flått. Som mesteparten av utmarka her i området er det overgrodd og vanskeleg å gå, men vi fann til slutt fram.

Inne i mellom buskane fann vi først murane etter to små hus. Her skal Harald Fjeldsbø, ein av dei siste spedalske i Norge ha budd. Han vart innlagt på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen i januar 1912, og døydde der i 1957. NRK har faktisk eit intervju dei gjorde med han berre nokre veker før han døydde, der han fortel om livet som spedalsk i Norge i forrige hundreår. (NRK påstår i artikkelen at mannen er frå Masfjorden, men så vidt eg hugsar, sa han sjølv aldri «Masfjorden», og eg har frå relativt påliteleg hald at mannen vi høyrer er Harald Fjeldsbø. Dette passar også med det han seier om når han kom inn, jfr. stiftinga sine journalar.) 

Det låg altså to små hus mellom nokre buskar, og eit lite stykke frå desse to låg det eitt hus til. Og når eg seier «hus» meiner eg sjølvsagt restane etter hus. Kva dei ulike husa var til, veit eg ikkje, men det skal altså vere desse husa som var heimen til den spedalske før han måtte flytte.

Hus ein og to 

Hus ein og to litt nærare

Hus tre i forgrunnen og ein og to i bakgrunnen
Eg reknar med at det stemmer at det er desse husa som var heimen til ein av dei siste spedalske i Norge. I såfall hadde det ikkje skada med litt opprydding og kanskje ein plakett eller noko...