mandag 29. april 2013

Bispemøte

Nokre bilete kan ein ikkje gå forbi. Dette er eitt av dei. Biletet visar deltakarane på ein bispemøte i den armensk-katolske kyrkja i Jerusalem rundt 1880. Patriarken sit i midten med biskopane sine rundt seg. Sidan eg ikkje veit akkurat når biletet vart tatt, er det vanskeleg å seie kven patriarken er. Det var eit byte av patriark rundt 1880, så det kan vere to ulike patriarkar.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

mandag 15. april 2013

Presteplikter anno 1537

Reformasjonskongen Christian III stod bak
Kirkeordinansen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Enkelte har kanskje fått med seg at det har blitt vist til boka Kirkeordinansen av 1537. Reformasjonens kirkelov i eit par innlegg i det siste. Dette har den naturlege forklaringa at eg for tida har ei utgåve av denne boka Osterøy bibliotek har i sitt lager, på heimlån.

Dansk Wikipedia kan fortelje oss at «Kirkeordinansen 1537/39, eller med den danske titel fra 1539 Den rette Ordinants, er den danske reformationskirkes "grundlov" og forelå 1537 i en latinsk udgave, 1539 i en dansk og udkom i 1542 . Den nyordnede Danmarks og Norges kirke- og skoleforhold efter reformationen og der gik en meget grundig udarbejdelse forud ved flere kirkekommissoner og gennemsyn af reformatorerne i Wittenberg. Kirkeordinansen bygger i høj grad på tyske forbilleder, dog tilrettelagt efter danske forhold.»

Dette høyrast kjedeleg ut, men det er ein del perler i boka. Vi skal sjå på nokre dømer på kva som ligg i grunnlova for den dansk-norske reformasjonskyrkja. Vi held oss til det som gjeld prestane sine oppgåver, sjølv om det heilt sikkert også er mykje underleg i det som står om skulen. Alle kursiveringar i teksten er gjort av meg.

§6 - Hvordan det skal gå til med prekenen
Den som skal preke, skal da først formane folket til å påkalle Guds hjelp. Dernest skal han lese opp teksten som skal forklares og utlegge den. Og han skal ikke forlenge prekenen ut over én time.[1]
[...]
Fremfor alt skal han avholde seg fra alle slags skjensel og forhånelse så han ikke nevner noen med navn.[1]
[...]
Heller ikke skal han hatskelig fare løs på papistene, med mindre han er nødt til det for å formane og gi eksempler.[1]
[...]
To ganger om uken, i det høyeste, skal det prekes i byene, på onsdag og fredag. Men når det er åpenbar trang til det, kan man vel ta to dager til.[2]

§18 - Hvordan jordmødre skal undervises
Predikerne skal undervise disse jordmødrene når de er blitt valgt, hvordan de skal forholde seg både med barselkvinnene og med fosteret.[3]
[...]
Videre skal de hjelpe dem til å forstå at den smerte som de lider under fødselen, er et kors som er pålagt dem av Gud...[3]

§19 - Hvodan man skal undervise barselkvinner
Derfor skal predikerne flittig undervise dem...[4]

§20 - Hvordan man skal forholde seg med de kvinner som ligger sine barn i hjel.
En kvinne som uforvarende og mot sin vilje ligger sitt barn i hjel, - hvilket sogneprestene i sine prekener dog skal formane flittig om ikke må skje...[5]

§32 - Om noen bestemte bøker som landsprestene skal ha, og som de ikke uten skade kan unnvære.
Fordi det i disse tider blir utgitt mange unyttige og dårlige bøker, som ikke bare de uerfarne og kyndige, men også de forstandige ofte forgiftes av, så må alle gode sogneprester bare bruke de bøker som vise og lærde menn har godtatt, for at de ikke under skinn av sannhet også skal tilegne seg villfarelse, til stort forderv for dem som skal ha tillitt til dem som prester.[6]

Referansar.
Alle sidetal er henta frå Kirkeordinansen av 1537. Reformasjonens kirkelov, omsett av Terje Ellingsen, Verbum 1990
[1] Side 48
[2] Side 49-50
[3] Side 73
[4] Side 75
[5] Side 76
[6] Side 106

fredag 12. april 2013

Gud og vitskap - ei konstruert problemstilling

Henrik Sahlin Pettersen, Tommy Mangerud og Jan-Ole Hesselberg går i ein kronikk på NRK Ytring inn i ein mangefaldig polemikk mot tru på Gud, særleg der denne kjem i kontakt med naturvitskapen sine domene. Der problema kjem for dei er når «religionen hevder å kunne si noe om hva universet består av og hvordan det virker.» Det kan ein sjølvsagt sjå at kan verte problematisk for naturvitskapleg forsking, men er dette ein reell problemstilling? Når skjer det at religionane seier noko om kva universet består av og korleis det fungerar, ut over det naturvitskapen seier? Og når skjer dette med ein slik kraft at det har innverknad på arbeide forskarar og formidlarar gjer? Kanskje ein kan peike på at kreasjonistar i USA delvis gjer dette, men i vår europeiske kontekst kan eg ikkje sjå at dette er ei reell problemstilling. Religiøse grupper som forfektar sjølvstendige teoriar om korleis universet er bygd opp er marginale grupper heilt utan makt, og det er derfor vanskeleg å sjå kva det eigentleg er det vert argumentert mot. Er det forskarar som ikkje gjer jobben sin bør vel vitskaplege tidsskrift vere meir eigna til denne debatten, medan ein talarstol ut i det store offentlege rom, slik Ytring er, er betre eigna til å tale mot trendar i samfunnet. Problemet er at eg ikkje ser at det som vert stilt opp som ei problemstilling er eit reelt problem.

Forfattarane viser også til at Stephen Hawking meiner at universet kan ha oppstått frå ingenting. Det kan godt vere han har rett i det, utan at det på nokon som helst måte vil vere eit banesår for religionane. For å snakke ut frå kristen tru, så meiner vi at Gud har skapt alt eksisterande. Korleis dette skjedde har vi ikkje noko svar på, og det er heller ikkje så viktig. Har Hawking rett, vil vil seie at Gud stod bak dette, og verken religionen eller naturvitskapen trenge å ha problem med dette. Det ligg i «konseptet» Gud at dette er noko som er på eit anna «nivå» enn det naturvitskapen jobbar med, og den konflikten som enkelte ateistar og diverre også enkelte kristne forsøker å teikne opp mellom tru og vitskap er ein kunstig konflikt. Vi som truande kan sjå på dei imponerande funna naturvitskapen gjer som stadige teikn på at det står ein stor Gud bak. Om enkelte forskarar vil meine det er latterleg at vi legg på ein ekstra «nivå», Gud, bak deira funn, kan eg leve godt med det. Om dei derimot hevdar at vi må bevise dette «nivået» gjennom naturvitskapen, er det dei som forsøker å gjere det forfattarane av kronikken seier er problematisk med religion. Då forsøker naturvitskapen å seie kva Gud er og korleis Gud fungerer. Då er det dei som vil blande to «nivå » som ikkje skal blandast.

Ein kan med god grunn meine at ein skapargud står bak alt eksisterande sjølv om Hawking har rett, men det er sjølvsagt ikkje eit argument for at akkurat min religion eller konfesjon har rett forståing av denne skaparguden. Kva religiøs overbygging ein truande set si overtyding om ein skapargud inn i, bør vere revnande likegyldig for naturvitskapen, men det verkar det ikkje som om det er for kronikkforfattarane. Om eg hevdar den guden som tala til Abraham står bak naturlovene, medan ein annan hevdar det er Brahma som står bak dei same naturlovene, endrar ikkje dette på dei faktiske naturlovene. Det er like fullt nokre naturlover der som naturvitskapen har som oppgåve å skildre og forklare. Dei ulike mytologiske forklaringane på kva som ligg som eit bakteppe bak dette er heilt irrelevant for naturvitskapen. Når forfattarane seier at det er like logisk rett å hevde at «den luthersk protestantiske Gud står bak» som andre mytologiske forklaringar, er dei derfor langt utanfor det som fell innanfor naturvitskapen. At eg meiner det er gode grunnar for at skaparguden eg tilbed er det dei omtalar som den «luthersk protestantiske Gud», har med heilt andre ting enn naturvitskap å gjere. Det har sin klare og rasjonelle logikk, men fell som sagt langt utanfor det naturvitskaplege domene. 

Forfattarane seier at «[n]år en forsøker å innarbeide religion i vitenskapen ender en derfor ofte opp med logisk bristende argumentasjon», og noko liknande kan nok også seiast om kva som skjer når ateistar forsøker seg med bibeltolking. Når dei seier at ein ut frå Bibelen må «betrakte homofili som avskyelig, mens kvinneundertrykking,voldtekt og barnemishandling må tolereres», er dette milevidt frå nokon som helst normal lesing av Bibelen. Forfattarane har kritisert andre for manglande kunnskap, og det er nærliggande å svare her at manglande kunnskap om bibelsk hermeneutikk gjev ikkje rett til å finne kva som helst slags tolking som passar deg og din agenda best.

tirsdag 9. april 2013

Russiske fallskjermprestar

Kva skal ein meine om slikt som dette? Er dette eit nedslåande døme på kor langt samanblandinga har gått, særleg i den ortodokse kyrkja, mellom kyrkja og militæret, eller er dette eit gledeleg døme på ei kontekstuell kyrkje som er der folk er?

Uansett er det i alle fall ganske stilig med ei oppblåsbar kyrkje med transportable ikon. Det trur eg vi alle kan einast om.

mandag 8. april 2013

Løysing på problemet med vigselsliturgi(ar)?

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det største ordningsmessige problemet vi har i kyrkja i dag er nok det som skjer eller ikkje skjer når det kjem til ein eventuel vigselliturgi for likekjønna par. Dette er ei viktig sak for begge sidar i saka, og etter mitt syn er det få som verkar å ta alvoret den andre sida ser på alvor. For nokon dreier det seg om brot på Bibelen sine bod, for andre dreier det seg om korleis vi som kyrkje handlar mot menneske. For meg personleg er det viktigaste argumentet i denne saka det økumeniske perspektivet. Innfører vi eit slikt vigselrituale vil vi samstundes stenge oss ute for store delar av den verdsvide kyrkjefellesskapen. Eg ynskjer ikkje dette, samstundes som eg heller ikkje ynskjer at vi ikkje skal be for dei ekteskapa som ynskjer det.

Min eigen konklusjon på spørsmålet om kva vi bør gjere i denne saka er derfor langt frå klar, men ein kort tekst frå Martin Luther har fått meg til å fundere på om den følgande skissa kunne ha løyst problemet på ein smidig, men ganske unnvikande måte.

Det første vi må gjere er å seie frå oss vigselretten. Det er noko vi uansett bør gjere, og har ikkje noko med denne saka å gjere, så det bør vere ein relativt ukontroversiell sak.

Deretter må vi kutte vigselritualet vi har som bindande rituale. Gjer vi det har vi ikkje nokon formel liturgi for inngåing av ekteskap, verken for den eine eller den andre typen. Mange prestar vil sikkert meine at dette er greit, då dei då står meir fritt til å forme seremoniane slik dei ynskjer, medan det sjølvsagt vert vanskelegare å halde att for alt mogeleg fjas folk vil ha med. Den gamle liturgien er framleis noko ein kan bruke, og Norges Kristelige Studentforbund har til dømes laga eit forslag til ny liturgi, så det burde ikkje vere umogeleg å snekre saman nokre greie seremoniar for den enkelte prest. Gjer ein det på denne måten gjer ein det likt for alle, utan å lage ein ny liturgi og med det utforme lærepunkt som vil skape økumeniske problem. Alle prestar som vil kan allereie be for likekjønna ekteskap, så denne ordninga vil ikkje føre noko nytt inn i kyrkja, men ordne det på ein litt annan måte.

Kva har Martin Luther med dette å gjere? Jo, i En liten bok om brudevielser med den innbydande undertitelen «For de enfoldige sogneprester» kjem han med eit forslag til vigselliturgi. Men denne liturgien er ikkje bindane. Den går «ut til de unge sogneprestene som ikke kan noe bedre, for at de endrektig sammen med oss kunne bruke denne form og måte.

De andre, som kan det bedre, det er de som vel ikke kan alle ting, men som gjerne vil gi inntrykk av at de kan alle ting. De har ikke bruk for denne tjenesten min [...] Man kunne ellers tenke at de lærte noe av andre, og det ville jo være en stor skam.»[1]

Luther seier altså at vi ikkje treng ein fast liturgi for vigsler. Kan vi ikkje følge han på dette?

Kva så med kyrkja si lære om ekteskapet? Vi treng kanskje ei skikkeleg lære om ekteskapet? Her har eg ikkje noko godt svar, men eg konstaterer at vi har ei skral lære om krig med ei historie med delvis pasifistiske utsegn  på den eine sida, via feltprestinstitusjonen til nesten krigshissande utsegn på den andre sida. Kan vi leve med dette kan vi kanskje leve med ei uklar ekteskapslære?

No vil eg nok med dette gå inn under dei «som kan det bedre, [...] de som vel ikke kan alle ting, men som gjerne vil gi inntrykk av at de kan alle ting.», men eg vil likevel tru at lurare hovud enn mitt har vore inne på desse tankane tidelegare. Luther sine tankar vert mellom anna trekt fram i «Sammen – samliv og samlivsordninger i et kirkelig perspektiv» som nyleg kom. Likevel vert denne løysinga sjeldan eller aldri tatt fram som eit alternativ. Eg forstår ikkje kvifor.

[1] Sitatet er henta frå Martin Luther, En liten bok om brudevielse. For de enfoldige sogneprester. omsett av Terje Ellingsen, Verbum 1990, side 122

lørdag 6. april 2013

Kanskje går det framover?

Eg møter ofte på haldningar om at kyrkja er i forfall, og at alt var mykje betre før. Når «før» er er usikkert, men det er tydlegvis snakk om ein mytisk gullalder for kyrkja. Alt var i alle fall betre før 1969, då trusopplæringa vart tatt ut av skulen. Før dette vart sjelene frelste i hopetal, og den dag i dag ser vi at av dei som gjekk på skule før 1969 renn ned kyrkjene våre og dei lærte trufast opp borna sine i den evangelisk-lutherske lære.. Nesten ikkje ein person over femti står over ei gudsteneste, og deira barn og barnebarn fyller opp frivillig arbeid og kyrkjebenkar til siste plass. Så godt fungerte det med trusopplæring i skulen! Berre ta turen til næraste kyrkje og sjå.

Eg har nok heller den meiniga at alt ikkje var betre før. Noko var sikkert betre, men langt frå alt. «De 26 artikler om religionen» som vart vedtekne i Ribe i 1542 styrkar meg i denne trua:
25 Om kirkefred
Og etter som det titt og ofte er kommet klage og kjæremål til oss om at mange slår hverandre i kirken og på kirkegårder, da vil vi at brudd på kirkefred skal forfølges og straffes etter vår recess' ordlys likesom tingfred.
Sitatet er henta frå Kirkeordinansen av 1537. Reformasjonens kirkelov, omsett av Terje Ellingsen, Verbum 1990, side 128

onsdag 3. april 2013

Uhaldbart av landbruksministeren!

Kan desse auga seie nei? Tydlegvis, for Whites trefrosk
vert nok ikkje lov i Norge.
Bilete frå Wikimedia Commons.
I dag kom beskjeden eg, og mange med meg, har frykta. Landruksministeren køyrer over ekspertar og trumfar gjennom eit vedtak på tvers av alle anbefalingar. Trygve Slagsvold Vedum blokkerer legalisering av herptil som husdyr i Norge.

Dette er ei trist avgjerdsle, og ser ein på argumentasjonen til landbruksministeren, heng ikkje avgjerdsla på greip. Lat oss ta for oss det han seier i VG:
Vi sier nei til at folk skal kunne ha slanger og krypdyr i norske hjem. Det er ikke naturlig med slanger i Norge
Er det ikkje naturleg med slangar i Norge? Kva då med hoggomen? Eller slettsnoken? Eller buormen? Ser Senterpartiet på desse slangeartane på same måte som dei ser på ulven, altså som noko ein bør utrydde frå norsk fauna? Vidare kan ein spørje om det er naturleg med marsvin i Norge? Eller kva med gullfisk, chihuahua, ørkenrotte, papegøye eller esel? Ikkje dyr ein finn naturleg her, men like fullt dyr som er heilt lovlege som husdyr i Norge.
Det krever stor faglig dyktighet å se hvordan en slange har det. Slanger er ikke som hunder og katter som knytter seg til sin eier. De viser ikke tydelige tegn til stress og frykt
Melkesnoken må finne seg i å vere ulovleg i Norge.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Dette er i tråd med det Vitenskapskommiteen for mattrygghet også sa i sin rapport, og noko det kan verke som Norsk herpetologisk forening har tatt hensyn til i sitt framlegg til kva artar ein burde legalisere. Dei skriv i si høyringuttaling: «I privat hold kan noen arter gi en positiv respons på kontakt med mennesker, men da gjerne knyttet til fôringssituasjoner eller søken etter varme. Mange herptiler vil oppleve håndtering som en stressituasjon i større eller mindre grad. Da nybegynnere ofte har et ønske om å kunne håndtere dyret, har vi valgt reptiler som stresses lite ved håndtering.», altså at desse dyra kan gje uttrykk for korleis dei har det, og at ein har lagt vekt på dette i val av artar. Samstundes er det naturleg å samanlikne med lovlege dyr. Kor lett er det å sjå om ein edderkopp er stressa? Eller ein akvariefisk? Kvifor skal ein ha strengare krav for slangar enn for andre dyr?
Vedum sier hensynet til dyrevelferden har vært viktigst når han nå sier nei
Også leopardgekkoen er forbode.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Departementet Slagsvold Vedum leier har gjeve Mattilsynet i oppgåve å utgreie denne saka. Dei skriv i sin konklusjon: «Fordi dyrene er ulovlige, blir de sjelden tatt med til veterinær, og sykdom hos dyrene får ingen diagnose eller forsvarlig behandling. Mattilsynet beslaglegger jevnlig slike dyr, som må avlives selv om de ofte er friske og velholdte. Mattilsynets vurdering er at det vil være viktig for velferden til disse dyrene at hold av noen utvalgte arter gjøres lovlig.» Nettopp dyrevelferd vert trekt fram som eit viktig argument for legalisering.

Det er ikkje meir enn rundt eit halvt år sidan Slagsvold Vedum overkøyrde ein liknande uttale frå det same Mattilsynet. Då var det sirkuselefantar. Mattilsynet, saman med alle andre ekspertgrupper, sa at bruk av sirkuselefantar streid mot dyrevelferda. Mattilsynet sa mellom anna at livet elefantane har «tilfredsstiller ikke elefantens behov for fri bevegelse og sosial kontakt». Dette var ikkje nok for landbruksministeren, som trumfa gjennom at dette framleis skulle vere lov. Korleis kan han argumentere med dyrevelferd når ekspertane seier at hald av herptil bør bli lov på grunn av dyrevelferd og han tillet elefantar i sirkus, der ekspertisen hevdar dette er i strid med dyrevelferda? Dyrlege Monica Hegglund seier det bra om hereptilhald: «Et forbud begrenser neppe antallet reptiler og amfibier i vesentlig grad; men det reduserer deres mulighet til et dyrevernmessig forsvarlig liv» Det heile vert endå grellare når vi veit at den samme landbruksministeren, som noko av det første han gjorde i posten, sa at han «mener at pelsdyrnæringen tar dyrevelferd seriøst» og slår fast at Senterpartiet vil at denne næringa skal få fortsette verksemda si. Mangelen på logikk er skrikande.

Forbodet mot hald av amfibium og reptil i Norge er noko der kun Island held oss med selskap i Europa. Er det verkeleg slik at det som fungerer heilt fint i Sverige, Danmark, Finland, England, Tyskland og andre land med liknande klima, fauna og samfunn som Norge ikkje skal kunne fungere her? Og kvifor er det lov med eksotiske dyr så lenge dei har pels, fjær eller finnar, men så snart dei er kaldblodige er det forbode? Denne lova må endrast snarast. Trygve Slagsvold Vedum har ein mogelegheit til å gjere noko med dette, men det ser ikkje ut som om han har tenkt å late fornufta vinne. Desverre.

Det er snart val. Om lukka og fornufta er med oss har ikkje Senterpartiet så mykje dei skulle seie etter valet.
Perlefirfirsla er utruleg vakker, men likevel forbode.
Biletet er frå Wikimedia Commons.