onsdag 25. juli 2012

Ville du delt grav med denne mannen?

Relativt tilfeldig var eg innom Mariager kirke i Danmark. Kyrkja er siste rest etter eit birgitinerkloster som forsvann som fylgje av reformasjonen. Av nyare dato var denne steinen som stod på kyrkjegarden, men den var likevel knytt til reformasjonen og til ein interessant person.

Steinen er tydlegvis ein fellesstein for alle dei som vart flytta ut av ei familiegrav på 1930-talet. Slike graver var det mange av i denne kyrkja, slik det er mange plassar. Steinen har fylgjande tekst:
Her jordedes
de ukendelige Døde,
som fandtes i Stratsraad
de Thestrups Gravkælder: 
Gravbyggeren og hans Slægt,
Biskop Stygge Krumpen
samt mange Navnløse.
Ukende fandtes de.
Gud kender deres Navne.
17-10-1931
Det er  biskopen vi skal verte litt betre kjende med. For ikkje berre hadde han eit særs fabelaktig namn, han var også den siste katolske biskopen i Børglum. Før han vart biskop var han i teneste for Christian II. Som takk for tenesta, og for å halde embedet i familien, vart i 1519 han hjelpebiskop for onkelen  i Børglum, med rett på å overta i tenesta etter han. Umiddelbart skal han ha blitt den reelle styraren i bispedømet. Han fekk avsatt ein prost og lagt prostiet under onkelen sin, slik at han sjølv kunne bli biskop. Denne manøveren gjorde at Stygge kom i strid med Paven, då nok ikkje alt hadde gått heilt etter boka. Samstundes la han seg ut med kongen, og var ein av hovudmennene i opprøret mot kongen i 1522, eit opprør som sette Fredrik I på trona. I 1525 gav Fredrik Stygge brev på prostiet som låg under onkelen, og han overtok desse verdiane i 1533.

Stygge Krumpen var flink til å ordne seg. Dansk biografisk Lexikon seier om han at han hadde «en bundverdslig Natur, for hvem Bispedømmets Indtægter og egen Fordel vare det væsentligste Motiv». Vidare seier leksikonet at «Stiftets Klostre forstod han paa forskjellig Vis at faa i sin Magt; men for at forøge sine Indtægter behandlede han især Nonneklostrene, Hundslund, Ø o. fl., paa den skammeligste Maade, lagde Besætning i Klostrene, selv i Nonnernes Soverum, for at gjøre dem kjede af Opholdet osv. Ligeledes lod han flere af Stiftets Kirker besørge ved sine egne Kapellaner for at forøge sine Indtægter, tilvendte sig Annexgaardene og lignende.»

Som om ikkje dette var nok skal han ha hatt eit ope forhold til slektningen sin Elsebet Gyldenstjerne, noko hennar mann sjølvsagt ikkje hadde noko særleg til overs for. Stygge Krumpen budde saman med Elsebet, medan mannen hennar gjorde det han kunne for å få henne heim att, gjennom rettsvesenet og på andre måtar. Tilsaman gav ikkje desse tinga biskop Stygge noko særleg godt rykte. Han skal ha vore «yderst forhadt».

Reformasjonen kom som eit hardt slag for Stygge. Han kjempa mot dei lutherske straumningane, og bad mellom anna inn gode, tyske katolikkar som han ville ha til Danmark for å få folk attende til moderkyrkja. Grevefeiden som førte Christian III til makta og gjorde luthersk kristendom til den gjeldande trua vart ein lite ærerik affære for Stygge. Han måtte rømme frå væpna menn som brann ned garden hans, og rykta sa at han gøymde seg i ein bakaromn saman med elskerinna si til det var trygt å kome ut. Og då den nye kongen var innsett byrja motgangen skikkeleg for Stygge. Då «regnede en Mængde Stævninger ned over den forhadte og voldsomme Biskop; Retskjendelserne gik ham som oftest imod.» Han sat fengsla fram til 1542 då han slapp ut på strenge vilkår. Som eit ironisk sluttpunkt for mannen som hadde utnytta nonnekloster som biskop, måtte han halde liv i eit nonnekloster frå 1543 og resten av livet.

Stygge Krumpen sin gravstein i golvet på
Mariager kyrkje.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I 1551 døydde Stygge Krumpen og vart gravlagt i ei familiegrav i Mariager kyrkje. Dansk biografisk Lexikon seier at han vart mumifisert og låg slik at folk kunne sjå han «indtil nyere Tider», kva dei no måtte meie med det.

På eit eller anna tidspunkt har i alle fall denne mannen havna i ei massegrav saman med fleire andre. Av alle desse «ukendelige Døde» er det kun to som vert namngjevne: Stratsraad de Thestrup, som strengt tatt ikkje har med fornamnet sitt, og så denne Stygge Krumpen. Skal ein først hamne i ei massegrav der kun ein person står nemnt med fullt namn, kan ein gjere det betre enn dette. Det som kan ha vore fromme, hardarbeidande, ærlege folk bli no overskugga av «den forhadte og voldsomme Biskop». Dei hadde snudd seg i grava, hadde dei visst kva som stod over hovuda deira.

Vi får seie som det står på steinen: «Gud kender deres Navne.»

torsdag 12. juli 2012

Militarismen øydelegg samfunnet, også i fredstid.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Hadde det ikkje vore for eit vannvittig overforbruk på militærmateriell, hadde ikkje Hellas vore i den økonomiske krisa dei er i i dag. Dette melder Vårt Land i dag.[1] Dei byggjer på ein rapport frå Norges Fredslag som argumenterer overbevisande for akkurat dette.

Dette gjev krisa i Hellas ein ekstra, tragisk dimensjon. Den katastrofa som har ramma tusenvis av menneske der er totalt unødvendig og situasjonen kunne vore totalt annleis om ikkje milliardar av kroner hadde vore spydd ut på våpen. At Tyskland og Frankrike, som har vore pådrivarane for hjelpepakkene for den greske økonomien, samstundes har pressa på for å eksportere våpen til Hellas, som Hellas så må betale med lånte pengar, er nesten utruleg i sin surrealisme.

At mange fattige land brukar enorme summar på våpen og nesten ingenting på helsestell, skule og liknande for folk i landet er ikkje noko nytt. Det er ein stadig pågåande tragedie korleis pengar som kunne blitt brukt til å gje det mest naudsynte for fattige i staden vert overførte til dødsprofitørane i våpenindustrien. I dette mønsteret passar det som skjer i Hellas godt inn. Dei som produserer og sel våpen, tener seg rike på pengar som heller burde ha blitt brukt til å skape verdige levekår for menneske.

Noko som ikkje kjem fram i denne saka, men som er eit interessant poeng, er at også Norge må ta sin del av ansvaret for dette. Hellas er i konflikt med Tyrkia, og kjøper derfor mykje våpen. Norge auka sitt våpensal til Tyrkia med 166 millionar i 2011,[2] noko som gjer Norge til ein profitør i våpenkappløpet som har drive Hellas ut i katastrofa.

Lat oss vende oss til Norge. Ingen kan seie at Norge er eit dårleg land å leve i, men vi har sjølvsagt våre utfordringar. «I-landsutfordringar», men framleis utfordringar. Skular har elendig inneklima, lange ventelister på viktige sjukebehandlingar, dårlege vegar og jernbane osb. Forslaget til forsvarsbudsjett i 2012 var på 40,5 milliardar kroner.[3] Om ein halverer forsvarsbudsjettet har ein brått 20 milliardar ekstra å bruke på desse områda. Og då snakkar ein ikkje om «nye pengar», men om offentlege midlar ein allereie har. Det er kun snakk om omfordeling av pengar. Store problem i det offentlege Norge kunne vore løyst om ein ikkje hadde kasta pengane bort på våpen. Også i Norge ser ein altså at militarismen skadar samfunnet vårt.

Takk til Vårt Land, for å gjere oss klar over denne saka, sjølv om den godt kunne ha kome på eit betre tidspunkt. Dette er for viktig til at det skal forsvinne i flått og sommarstemne.

Referansar
[1] Vårt Land, 12. juli  2012, side 10-11
[2] SSB - Norsk våpeneksport 2007-2011. Uendret våpeneksport i 2011
[3] Aftenbladet - Norge bruker mest penger på militæret

Rapporten til Norges Fredslag finn ein forøvrig her.

tirsdag 3. juli 2012

Ein seglande bisp

Enkelte helgenforteljingar er for gode til å gå forbi. Ein av desse er forteljinga om Basilios av Rjazan som har minnedag i dag.

Basilios var biskop i Murom i Russland, men måtte flykte derfor etter at det vart retta falske anklagar mot han om å ha vore «umoralsk» mot ei ung jente. Folket i byen ville lynsje han, men han fekk overtala dei til å vente litt, og feira messe før han forlot byen. Han tok med seg eit ikon av Jomfru Maria, noko han vona ville gje han vern på vegen. Då han kom til ei elv la han bispekappa si på vatnet og stilte seg på denne medan han heldt ikonet føre seg. Det kom då ein sterk vind som førte han motstraums i elva, og han segla på denne måten i fleire timar før han kom til Rjazan, der dei tok imot han med aktsemd.


Basilios vert æra med ikon i alle kyrkjene i bispedømet han var biskop i, og dei fleste kyrkjene har også eit maleri av han der han seglar avgarde på bispekåpa medan han held ikonet av Maria i hendene. Eit slikt bilete tar vi også med oss i dag.  

Basilios som seglar på bispekappa si.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.