onsdag 29. februar 2012

NRK med lågmål om «Jesu grav»

Ein kan av og til lure på kva som skal til for å få lov til å skrive artiklar som omhandlar kombinasjonen av historie og religion i diverse nettaviser. Kan ein slå til med ein spekulativ vinkling på det heile verkar det som om ein får blankofullmakt til å skrive kva det måtte vere. Sist ute er NRK som kan melde at ein kan ha funne Jesu grav i Jerusalem. Spekulativt og fint, og proppande fullt av kunnskapsløyse. Vi kan ta for oss nokre døme.

Artikkelen fortel at ein har funne nokre steinkister i nærleiken av der ein tidlegare har funne andre steinkister som enkelte har forsøkt å knytte til Jesus. Den grava ein no har funne er det altså ingen som hevdar er Jesu grav. Ei meir riktig overskrift vert då nok slik som «Kan ha funnet beviser for Jesu siste hvilested - for rundt 25 år siden». Ikkje så spektakulært, men framleis spekulativt i massevis...

I denne grava har ein altså funne nokre kister. Dette kan vere spanande og viktige funn, men redaksjonen på nrk.no verkar ute av stand til å forstå det dei skriv om. Inskripsjonane på kistene inneheld, slik eg forstår forskningsrapporten NRK er greie og lenkjer til, ein gresk versjon av tetragrammet (יהוה) i tillegg til noko forskarane tolkar som ein stilisert versjon av dette på hebraisk eller gresk. Vanleg norsk utale av desse fire bokstavane er «Jahve», og om vi legg godvilja til kan ein også godta Jehova som nokre få vil bruke. Det verkar ikkje som om NRK er klar over at dette er det same namnet, for på tre-fire linjer oppgjev dei begge omsetjingane, bortsett frå at dei ikkje er i stand til å omsetje det engelske «Yahweh» til norsk «Jahve». Rett skal vere rett, også forskningsrapporten brukar begge orda, noko som eigentleg ikkje er eit godt teikn. Forskarar ein kan stole på bør vere i stand til å halde styr på kva ord dei brukar. Les ein det rapporten seier om det NRK hevdar er «det aramaiske ordet for 'herre'», vert ein usikker på kvar NRK har fått dette frå. I rapporten seier ein at dette står på gresk og fort kan bety noko ala den engelske adelstittelen «lady»....[1] Alt i alt viser avsnittet at den som har skrive det anten ikkje har lese det han refererar eller ikkje har ei grunnforståing av det han skriv om, noko som gjer lesaren usikker på om ein får eit reellt bilete av kva saka faktisk handlar om gjennom å lese artikkelen.

Inskripsjonen som vert tolka som kvalen som åt Jona.
Biletet er henta frå forskningsrapporten.
Vidare snakkar ein om eit fiskesymbol i grava. Dette vert av forskarane mellom anna sagt at «kan representere Jonas og hvalen». Igjen viser journalisten manglande grunnforståing for emnet. Namnet på han som hamna i magen på ein kval har vore omsett med «Jona», ikkje «Jonas», i dei to siste bibelomsetjingane frå Det Norske Bibelselskap. Uansett er dette ikkje det viktigaste. Om det forskarane seier stemmer, er dette sensasjonelt nok i seg sjølv. Dei hevdar at grava er frå før år 70, altså før mesteparten av NT vart skrive. I NT finn ein kun éin sikker referanse til forteljinga om Jona,[2] noko som er pussig sidan dette er ei forteljing dei første kristne burde ha lett for å kunne knytte til Jesus. Referansen finn vi i Matteus som sannsynlegvis vart forfatta ein gong mellom 70 og 90. Denne grava vil då knytte forteljinga om Jona til urkyrkja på ein heil ny måte, noko NRK absolutt burde ha utdjupa. Det er mykje meir spanande enn fjollete spekulasjonar om familiegrava til Jesus. (Noko eg kjem til snart.) Rapporten seier også at «the most extraordinary features in the “Patio” tomb are the four-line Greek inscription and the Jonah image. Both are unprecedented», så dette burde det ha vore mogeleg for NRK å fange opp.

Så vert det verre. Med tidfestinga til før år 70, og med ein påstand ein berre kan ha tatt rett ut av lufta om at inskripsjonane mest truleg er laga av ein av disiplane til Jesus slår ein fast: «symbolene på kistelokkene er de tidligste kristne skrifter som finnes, langt før evangeliene ble skrevet.» Sjølv om ein skulle ha rett i både dateringa og at det er ein av disiplane til Jesus som har laga dette, er det ikkje dermed sagt at dette er dei eldste kristne skriftene. Romarbrevet vert til dømes datert til år 57 eller 58[3], altså før dateringa på desse kistene. Og Markusevangeliet vert datert til mellom 65 og 70[4], altså omtrent samtidig med denne dateringa. Påstanden er altså det reinaste sprøyt.

Vidare fortel ein om grava ein fann på åttitalet. Dette var ei grav «med beinkister påskrevet navn fra Jesu familie, blant dem Maria Magdalena, Maria og Judah, som ble påstått å være Jesu sønn. Og selvfølgelig Jesus, sønn av Josef», seier NRK. For å ta det som er eit konsekvent problem i denne artikkelen først: Personen dei hevdar er Jesu son har eit namn ein vanlegvis stavar «Juda» på norsk. Eit minstemål for å skrive om slike emner må vere å få namna riktig. Tanken om at Jesus skulle ha gifta seg med Maria Magdalena og fått born møter ein på med jamne mellomrom. I det siste har det vore mest vanleg å hevde at dei drog til Frankrike og slo seg ned der. Ei forteljing ein ikkje finn før på 1000-talet...[5] Å skulle tru at ein person det vart forfatta så mykje om kunne gifte seg og få born utan at dette vart skrive noko om er heilt usannsynleg. For ikkje å snakke om at grava hans ikkje skulle verte eit pilegrimsmål. Eller at borna fekk leiande posisjonar i kyrkja. Det er eigentleg noko som ikkje treng å seiast, men eg seier det likevel: Tanken heng ikkje på greip!

Vi skal ta med oss eit siste punkt. Det er sjølvsagt mange som har sagt det same som meg. «Dette heng ikkje på greip». Grunnen til at vi seier dette er, i fylgje NRK, at det er vanskeleg for oss å ta inn over oss at «Jesus både giftet seg og fikk barn – begge deler med en kjent prostituert». Den «kjente prostituerte» er sjølvsagt Maria Magdalena. Testamenta nemner henne ein del gongar, og ho har den svært sentrale rolla som den første som ser den oppstandne Kristus. Lukas fortel oss at Jesus dreiv ut sju demonar av henne, så det er ikkje snakk om å teikne noko glansbilete. Men nokon form for prostitusjon høyrer vi aldri om. Tanken om at ho skal ha vore prostituert skal kome av ei feilkobling pave Gregor den store gjorde i ein tale i 591, der han sa at Maria Magdalena også var kvinna vi møter i forteljinga som står rett før der Jesus driv ut demonane frå henne (Ei forteljing som forøvrig er preiketekst på søndag.). Der møter vi ei kvinne som «levde eit syndefullt liv», noko heile byen var klar over. At ein pave gjorde denne feilen nesten seks hundre år etter at Maria levde, gjer henne sjølvsagt ikkje til nokon prostituert. Maria Magdalena er ei av dei aller viktigaste kvinnene i NT, og ikkje nokon kyrkja skammar seg over på nokon som helst måte, som det verkar som NRK trur.

Det er vanskeleg å seie kva som er mest spekulativt og tøvete. Teoriane til forskarane eller artikkelen frå NRK. Uansett har dei i alle fall klart å gjere det som kunne vore glede over eit spanande funn til irritasjon over vrøvl og tøv.

Tru om NRK ville latt nokon med tilsvarande kunnskap om fotball få skrive eit referat frå ein tredjedivisjonskamp?

[1] Side 13 og 14 i rapporten. Eg reknar med det er dette dei meinar, sidan det er den einaste av innskripsjonane dette kan stemme med.
[2] Denne finn ein i Matt 12, 40. - Reidar Hvalvik/Terje Stordalen, Den store fortellingen, 1999, side 104
[3] Reidar Hvalvik/Terje Stordalen, Den store fortellingen, 1999, side 284
[4] Reidar Hvalvik/Terje Stordalen, Den store fortellingen, 1999, side 201
[5] Oskar Skarsaune, Den ukjente Jesus, 2005, side 92

onsdag 22. februar 2012

Ein gullbelagt munk

Yuet Kai sittjande mellom 13 000 buddhastatuar.
Medan vi er inne på lik som står på utsilling, kan det høve å ta med seg forteljinga om Yuet Kai, eller 月溪法師 for dei kinesiskkunnige mellom oss. Yuet Kai hamna også på utstilling etter at han var død, om i noko meir respektfulle former enn Angelo Soliman.

Yuet Kai vart født inn i ein rik familie i sørkina i 1878. Han var ein dyktig poet og flink med lyra i tillegg til at han studerte filosofi på eit godt universitet i Kina. Då han var 19 år bestemte han seg for å vie livet sitt til buddhismen, noko han gjorde med ettertrykk. For å vise kor bestemt han var, skal han ha skore kjøtet av to av fingrane sine, sett fyr på dette og brukt det til å tenne 48 lys framfor ein statue av Buddha. I 1933 flytta han til Hong Kong, eigentleg for å undervise, noko han også gjorde, men han enda etterkvart opp med å bygge eit stort templkompleks, Ten Thousand Buddhas Monastary eller «Klosteret for dei ti tusen buddhaane».

Dette er eit svært tempelkompleks som, som namnet hintar om, inneheld tusenvis av statuar av Buddha, i tillegg til massevis av andre statuar. Tempelet ligg langt oppe i ei fjellside og alt av materiale måtte bærast opp med handemakt. Bygginga starta i 1949, då Yuet Kai hadde runda 70 år, men han var med på å bære alt saman opp saman med disiplane sine. Sjølve klosteret tok åtte år å bygge, og det tok ti år til å få ferdig alle buddhastatuane som skulle stå langts veggane i hovudtempelet. Tilsaman vart dette rundt 13 000 statuar. Då hadde allereie Yuet Kai vore død i nokre år. Han døyde i 1965, 87 år gamal. Først vart han gravlagd i ei kiste i marka, men etter nokre månader vart han gravd opp att. Kroppen var då framleis heilt fin, og den vart mumifisert, malt med bladgull, kledd i munkedrakt og plassert i lotusstilling i eit glasmonter i tempelet, for alle å sjå. Og der sit han den dag i dag, som eit midtpunkt i eit fantastisk tempelkompleks.

Utsikten frå toppen av pagoden ned mot hovudtempelet
Klosteret ligg som sagt langt oppe i ein bratt bakke, og langs dei over fire hundre trappetrinna opp dit står det over fem hundre statuar av folk som har nådd Nirvana, såkalla arhat. Når ein har slete seg opp trappene vert ein møtt av mellom anna ein nietasjes pagode og massevis av statuar i ulike storleikar. Eit fantastisk skode som alle som er i Hong Kong bør få med seg.

Det er altså ikkje berre i Kyrkja ein finn folk som har gjeve livet sitt til høgare maktar med liv og helse og heller ikkje berre i Kyrkja ein kan finne bygg som kanskje kan verke i overkant utsmykka eller geistlege som vert balsamerte. Yuet Kai gjorde alt dette. Han gav livet sitt til buddhismen og bygde eit fantastisk tempelkompleks. Som takk for dette sit han i dag i balsamert i eit glasmonter.  
Yuet Kai vert heidra.
Foto:Øystein Skauge

mandag 20. februar 2012

Frå frimurarstormeister til utstoppa attraksjon

«Hoffmauraren» Angelo Soliman.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne har ved fleire høve vore innom slavar som har fått fridomen attende og levd interessante liv etter dette. Augustus Tolton er i ferd med å bli kanoniset, medan Josefina Bakhita vart den første sudanesar som vart kanonisert. Historia vi skal ta for oss i dag minnar derimot meir om forteljinga til On Tong, som kom som slave til Bergen og vart lege på landsbygda rundt Bergen (og ein av mine forfedre), men han vi vert kjent med i dag var nok både i liv og død meir spektakulær enn On Tong.   

Siste nummer av Dag og Tid hadde ei kort sak om Angelo Soliman, ein mann som var «hoffmaurar» i Wien på 1700-talet. Dette er ei forteljing som er for interessant til å gå forbi.

Angelo Soliman vart født rundt 1721 i eit område som i dag ligg i grenselandet mellom Nigeria og Kamerun og gjekk då under namnet Mmadi Make. Som born vart han fanga av slavehandlarar og kom som tiåring til Marseille der han vart kjøpt av ei rik dame frå Sicilia. Han vart seinare gjeven vekk i gåve til ein fyrste frå Austerrike. Han og fyrsten kom svært nær kvarandre, og Soliman redda livet hans i eit slag der Soliman var med som offiser. Eigaren hans døydde etterkvart og Soliman vart i 1753 teken som tenar hjå prinsen av Lichtenstein, som heldt hus i Wien, der Soliman etterkvart fekk tittelen «høgfyrsteleg maurar og kammertenar», i tillegg til at han også her etterkvart kom svært nær fyrsten. «Husmaurarar» var på moten på denne tida. Dag og Tid seier at «Svarte tenarar var luksusvare, det ypparste eit barokt fyrstehoff kunne syna fram», og det skal ha vore rundt førti andre slike «klenodium» i Wien i same periode som Soliman var der.

Angelo Soliman var ein eineståande mann. Han var intelligent og vakker. Han var ein dyktig matematikar og ein særs god sjakkspelar. Han snakka seks språk flytande (tsjekkisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk og latin) og han hadde kome inn i dei høgare kretsane i Wien, om enn som slave. Han gifta seg med ei kvit kvinne i 1768, utan å ha rådført seg med eigaren sin, og fekk same år fridomen sin attende sidan eigaren ikkje var nøgd med giftarmålet.  Utan fast inntekt såg framtida ikkje så lys ut, men i 1772, same år som han fekk si einaste dotter, døydde prinsen av Lichtenstein og det kom ein ny mann på trona. Han gav Soliman jobb som huslærar for sonen sin, og både inntekt og kontakt med det øvre lag av Wien var igjen sikra. Resten av livet var han kanskje den i Wien som kom nærast på fyrstefamilien.

I 1783 vart han med i frimurarlosjen «Det sanne samhald» som var den mest revolusjonære av losjane i Wien, og også hadde medlemmer som Josef Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart. Soliman steig i gradene i losjen, og vart etterkvart stormeister. Han jobba også politisk for å fremje saka til dei svakaste i byen. Det verka altså som om Soliman var integrert til det fullkomne i det øvre lag av verdsbyen.

I 1796 døydde Angelo Soliman av hjerneslag, og det skulle vise seg at han langt frå vart sett på som ein likemann med dei kvite i byen. Før han døydde hadde ein gjort førebuingar til det groteske som skulle kome. Rett etter at han var død vart liket flådd og beingrinda tatt ut. Alt som låg i kista familien gravla var kjøt og innvollar, dette utan at familien hans var klar over kva som skjedde. Huda og beingrinda vart preparerte av museumsfolk; han vart rett og slett stoppa ut. Så vart den utstoppa skrotten pynta med strutsefjær og perler og stilt ut i raritetskabinettet til det naturhistoriske museet i Wien saman med mellom anna ei lita afrikansk jente og ein annan afrikansk mann. Som om dei var nokre deformerte dyr.

Museet brann ned i 1848 og restane av Angelo Soliman fekk endeleg kvile i fred, men ein kan framleis sjå ei avstøyping av hovudet hans på eit museum i Tyskland.

Soliman sette spor etter seg i kulturen. Han trefte Mozart ved fleire høve, og ein meiner at ein av Mozart sine karakterar er basert på Angelo. Sikkert er det at ein av karakterane i Robert Musil sin Mannen uten egenskaper er bygd på Soliman sitt liv. Han er heller ikkje gløymt: Wien Museum køyrer no utstillinga Angelo Soliman - Ein Afrikaner in Wien. Den skulle ein ha sett!
 

fredag 17. februar 2012

Eit kart for søkjande


Denne vegvisaren for å finne seg ein høveleg religion har vandra rundt på nettet i det siste. Eg anar ikkje kvar han eigentleg kjem frå, men den kan passe som ein lett start på helga.

mandag 13. februar 2012

Fordervande prestar og fromme folk

Ei side frå historieverket til Adam som
Skildring av øyane i Norden er ein del av.
Biletet er henta frå tysk Wikipedia.
Medan vi omtalar folk frå Bremen, passar det å kome innom Adam av Bremen og det han skreiv om Norge. Hans Descriptio insularum Aquilonis, eller Skildring av øyane i Norden er festeleg lesing. Boka var ferdig i rundt 1075, og i den skildrar han folk og land med det vi kan tru er relativt grei presisjon for ein som aldri var lenger nord enn Danmark. Sidan St. Isidors minne har eit kyrkjeleg tyngdepunkt er det naturleg å sjå kva han skreiv om kyrkja i Norge rundt 1075. Han har først skildra nordmennene som gode med dyrehald og dyktige krigarar før han går vidare og seier:
... nu hvor de har modtaget kristendommen og er blevet bedre underrettede i skolerne, har de lært at elske 'freden og sandheten' og slå sig til tåls med deres fattige kår og kun at sprede, hvad de selv har samlet og ikke - som før - høste hvad andre har sået. Og mens de alle oprindelig var hengivne til fæle trolddomskunster, bekender de sig nu med apostelen enfoldigt til Kristus og dét som korsfæstet. De er også de mest beherskede mennesker, man kan tænke sig, både hvad angår spisevaner og væsen, og især ynder de sparsommelighed og beskedenhed. Desuden viser de præsterne og kirken så stor respekt, at den, der ikke daglig ofrer ved den messe, han overværer, faktisk ikke regnes for kristen. Men dåben og konfirmationen, indvielsen af altre samt ordinationen til de hellige stænder må altsammen købes dyrt hos dem og Danerne. Dette forhold skyldes - efter min mening - præsternes griskhed, for da barbarerne endnu ikke kender til at give tiende eller ikke ønsker det, tvinges de i stedet til at betale for alle de tjenestydelser, som burde være gratis, fx. sygebesøk og begravelser. Deres så fremragende sæder bliver således, efter hvad jeg har erfaret, kun fordærvet af presternes griskhed.[1]
Eit par spørsmål melder seg sjølvsagt etter dette rapporten, som til dømes korleis folket kan ha vorte fromme som munkar med eit korrupt og fordervande presteskap, og kvifor i alle dagar dette fromme folkeslaget visar desse fæle prestane så stor respekt.

Enkelte vil sjølvsagt seie at dette med fromme lekfolk og eit meir utsvevande presteskap ikkje har endra seg særleg mykje på dei siste tusen åra, medan andre lurer på kvar det fromme folket vart av og kvifor dei ikkje vart med presteskapet i heilaggjeringsprosessen.

[1] Teksten er henta frå Adam af Bremen, Beskrivelse av øerne i Norden, Oversatt og kommentert av Allan A. Lund, Wormianum, 1978, side 52-54. Alt står i kapittel 31, slik boka er delt inn i denne utgåva. Eg reknar med at dette kan vere ein standardmåte å dele inn boka på.

fredag 3. februar 2012

Ansgar av Bremen

Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
I dag er det minnedag for Ansgar av Bremen, Nordens apostel og skytshelgen for Skandinavia. St. Isidors minne markerar med denne hymna som er henta frå ei tidebønbok frå Uppsala domkyrkje. Teksten har eg frå Medieval Sourcebook, der ein og kan lese heile Ansgar sitt vita.
Most noble father, Anskar,
Restore us by thy grace,
And those who wander now afar
In Christ's own bosom place. 
In holy strife contending
Thou did'st the faith proclaim
To Danes and Swedes declaring
The honour of His name. 
An unbelieving nation
From thee the light receives,
The teachings of salvation,
It now with joy believes. 
Thou to God's sheep hast given
The food they fain would claim,
And earnestly hast striven
To glorify His name. 
To the great King thou bringest
When earthly strife doth cease,
The talents thou receivest,
With manifold increase. 
To Father, and His only Son
Be laud and honour given
To Holy Spirit, Three in One
In earth and highest heaven.