tirsdag 24. januar 2012

KM i galskap III

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I kyrkjemeisterskapen i galskap har vi i dag kome til den Xenia av St. Petersburg som er det den russiske kyrkja kallar «narr for Kristus» eller «jurodivyj».

Xenia var gift med ein offiser i hæren som drakk seg til døde. Før dette var han valdeleg og ufyseleg mot Xenia. Etter at han døydde byrja ho å gje vekk det familien eigde til fattige, noko som førte til at slektningar utan hell forsøkte å få erklært henne som gal. Etter nokre år der ho stadig gav vekk meir av det ho eigde, forsvann ho frå byen, og var pilegrim som gjekk mellom ulike heilage stader i Russland medan ho bad «Jesusbøna». Kanskje oppsøkte ho også andre heilage personar og fekk vegleiing av dei. Ho var vekke i åtte år, og då ho kom attende til St. Petersburg hadde ho blitt ein jurodivyj. Ho gjekk i det som var att av uniformen til mannen og svarte kun når ho vart tiltala med hans namn og ho budde under open himmel. Ho tagg ikkje pengar, men hadde kun det ho fekk som gåve frå folk, og då gav ho mykje vidare til andre fattige. Etter kvart fekk ho ry på seg for å profetere framtidige hendingar og for å gje folk gode råd, som gjerne kun verka gode i etterpåklokskapens ljos.

Det vert spekulert i om Xenia handla som ho gjorde for å gjere opp for mannen. Han døydde utan å skrifte eller få nattverd, og ved å ta på seg hans klede og svare på hans namn, ville ho kanskje gjere bot på vegne av han.

Etter at ho døydde vart grava eit pilegrimsmål, og var det også under sovjettida, trass i at styresmaktene forsøkte å hindre folk i å kome seg til kapellet som vart bygd over grava hennar på 1800-talet. Formelt vart ho ikkje kanonisert før i 1978 av den russisk-ortodokse kyrkja i utlandet, og i 1988 av kyrkja i Russland. Minnedagen hennar er 24. januar.

Som med dei andre i KM i galskap er ikkje Xenia eit døme til direkte etterfylgjing, men det ho gjorde kan tene til inspirasjon for oss andre, for vi har alle noko å lære av korleis ho, og mange andre med henne, går inn i det dei kjenner seg kalla til med heile seg.

Vi avslutter med ei hymne ein finn på engelsk Wikipedia.
Having renounced the vanity of the earthly world,
Thou didst take up the cross of a homeless life of wandering;
Thou didst not fear grief, privation, nor the mockery of men,
And didst know the love of Christ.
Now taking sweet delight of this love in Heaven,
O Xenia, the blessed and divinely wise,
Pray for the salvation of our souls.

torsdag 19. januar 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? II

Eg tok for ei stund sidan opp spørsmålet om kva som er den koselegaste guddommen, basert på utsjånad. Sjølv nominerte eg Ganesha og bad om andre forslag. På Facebook kom Audun Emil Husa med følgjande forslag:
Her vil eg gjerne fremje den egyptiske dvergeguden Bes sitt kandidatur. Oppgåvene hans var m.a. å verne om heimen, d.v.s. kvinner og born. Han er dessutan ein av særs få av dei gamle egyptarane som faktisk ser mot kamera når han vert avbilda. Når ein baby lo, tilsynelatande umotivert, trudde ein at Bes var ein stad i rommet og gjorde morosame grimasar. Sjølv heller eg meir i retning av at han er skuld i ein heil del umotivert barnegråt.
Dette er eit knakande godt forslag! Eg skal ikkje skryte på meg noko kjennskap til Bes, men Gods of Ancient Egypt kan fortelje oss om  Bes at han er ein mangfaldig figur. Han var ein slags demon som ikkje var ond, men god. Han var beskyttar av heimar og fødslar og vart knytta til seksualitet, humor og dansing. Han beskytta farao, men mannen i gata likte han fordi han først og fremst beskytta kvinner og born. Etterkvart såg ein på han som forkjemparen for alt godt og motstandaren av alt vondt. Han støtta Ra, og hadde til gjengjeld Ra sin støtte. Samstundes var han ein krigsgud som beskytta Egypt og folket. Til alt dette var det sjølvsagt knytta ein del ritual, som at statuar av han beskytta hus mot vonde ånder og hjalp fødande kvinner og slikt, men ein hadde ikkje templar og presteskap knytta til Bes.

Uansett kor fine og flotte desse oppgåvene og eigenskapane er, er dette ein slags guddommeleg missekonkuranse der det er utsjånaden som gjeld. Gods of Ancient Egypt seier mellom anna følgjande om korleis Bes ser ut:
Bes was generally depicted as a bearded dwarf, sticking out his tongue and shaking a rattle. He is always depicted facing forwards [...] Bes is a comical figure with pronounced bow legs, prominent genitals and a tail. [...] Occassionally he [...] is depicted as a winged deity.
Då er vi verkeleg inne på ein utfordrar i konkurransen. Ein skjeggete dverg med hale, vingar og stor penis som ser på fotografen/skulptøren/målaren i kontrast til det som var vanleg mellom dei egyptiske kollegaene hans. Dette er bra. Det vert hevda i forslaget at Bes kanskje var skuld i barnegråt, og ser ein på statuane av han, kan det kanskje stemme. Dei eg har funne bilete av på nettet er ikkje alltid så fine, men ein kan tenkje seg at om egyptarane hadde fått nokre tusen år på seg, slik hinduane har fått det med Ganesha, ville Bes ha blitt koselegare med åra. Eg vil derfor hevde at Bes er ein god utfordrar til Ganesha som den koselegaste guden i pantheonet. Tusen takk for eit strålande forslag, Audun!

Bes saman med kona si, Beset.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

onsdag 18. januar 2012

Er Wikipedia politisk nøytralt?

Engelsk Wikipedia i dag.
Som sikkert alle dei som les denne bloggen har fått med seg gjennomfører ein ein politisk aksjon på engelsk Wikipedia i dag, og har «svarta ut» heile sida. Også min «heimewiki», no.wikipedia.org, gjennomfører ein støtteaksjon. Dette gjer ein i protest mot dei såkalla SOPA-  (Stop Online Piracy Act) og PIPA- (Protect IP Act) lovforslaga som er oppe til vurdering i USA no.

Eg er langt frå nokon ekspert på desse lovane, men i grove trekk skal dette vere lovar som gjer styresmakter og eigarar av intellektuell eigendom større mogelegheitar til å stoppe dei som vil spreie materiale underlagt opphavsrett på ulovlege måtar. Dette er forsåvidt eit prisverdig initiativ, men det kan verke som om ein, som så ofte før, ryddar ugras mellom blomane med gravemaskin.

Kritikarane fryktar at dette kan verte brukt til å sensurere kommersielle motstandarar, hindre «varslarar» i å kome med naudsynt informasjon og på mange måtar kneble dei frie ytringane på nettet. Ein kan mellom anna gå aktivt inn og hindre sider i å kome opp i dei store søkjemotorane. I utgangspunktet skulle ein tenkje at dette ein amerikansk lov, men PIPA rettar seg særleg mot domener registrert i utlandet, og om ein i USA innfører sterke reguleringar på nettbruk, vil dette få konsekvensar for resten av verda, i tillegg til at det USA gjer skapar presedens for liknande ting andre stader.

Kritikarane er tunge aktørar. Human Right Watch seier, saman med andre, mellom anna om PIPA at  lovforslaget trass i nokre endringar «continue to threaten the stability, freedom, and economic potential of the Internet.» Reporters Without Borders seier om SOPA at lova «is clearly hostile to freedom of expression and reverses the usual judicial logic by delaying referral to a judge until after content is blocked. It would allow copyright and intellectual property owners to impose content filtering and blocking without independent judicial control. It would allow them to decide what content can and cannot be accessed. It would turn them into Internet dictators.»

I samband med aksjonen på Wikipedia vert det sagt at dette er første gang Wikipedia gjer noko slikt. Dette stemmer ikkje, for det er ikkje lenge sidan italiensk Wikipedia hadde ein liknande aksjon i protest mot eit italiensk lovforslag. Det kan nok derimot stemme at det er første gong engelsk Wikipedia gjer noko slikt. Det har også vore uro rundt folk sitt syn på Wikipedia som politisk nøytralt. Dette er ein uro ein kan forstå, for Wikipedia er avhengig av tillitt for å utføre sin misjon på nettet, nemleg vere ein leverandør av truverdig kunnskap.

Samstundes kjem ein ikkje vekk frå at Wikipedia i sin natur er eit politisk prosjekt. Dei som står bak aksjonen på engelsk Wikipedia forklarar det slik:
We are staging this blackout because, although Wikipedia’s articles are neutral, its existence actually is not. For over a decade, Wikipedians have spent millions of hours building the largest encyclopedia in human history. Wikipedia's existence depends on a free, open and uncensored Internet. We are shutting Wikipedia down for you, our readers. We support your right to freedom of thought and freedom of expression. We think everyone should have access to educational material on a wide range of subjects, even if they can’t pay for it. We believe people should be able to share information without impediment.
Wikipedia er derfor ikkje politisk nøytralt. Wikipedia har aldri vore det og vil heller aldri verte det. Det er eit prosjekt som vil gjere verda betre gjennom å spreie kunnskap. Og som dei som står bak aksjonen seier: «We believe that new proposed laws like SOPA and PIPA (and other similar laws under discussion inside and outside the United States) don’t advance the interests of the general public. That's why we're doing this.»

onsdag 11. januar 2012

Den koselegaste guden i pantheonet?

Ganesha ridande på ei rotte.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dei ulike guddomane rundt om i verda kjem i ulike framtoningar. Nokre ser ut som menneske, nokre som dyr og nokre som heilt andre ting. Nokre er vakre, nokre er stygge, og nokre, som Ganesha, er beint ut koselege og søte. I alle fall om ein finn dei rette bileta av dei.

Det sjarmerande biletet som opnar denne bloggposten er ein burmesisk framstilling av Ganesha ridande på ei rotte, slik han har for vane. Rottar kjem seg som kjent fram over alt, og det er sjølvsagt ein praktisk eigenskap for eit ridedyr. Kven kan mislike ein gut med elefanthovud som rir på ei rotte?

Om eg har forstått min hinduisme riktig, noko som ikkje er sjølvsagt, er Ganesha son av Shiva og Parvati. Namnet hans tyder noko slikt som «Leiar for dei som fylgjer Shiva», og han er den av gudane ein skal tilbe fyrst, og er hinduane sin gud for hindringar, då vel i tydinga at han hjelper med å kome seg forbi hindringane, vil eg tru. Det at han rir på rotter og mus heng også saman med dette, for det at dei kjem seg inn overalt, viser at dei overvinn alle hindringar.

Ganesha vart fødd, eller kva ein skal kalle det, ved at Parvati laga han av laus hud frå kroppen sin. Ho var lei av Shiva, og han var verken med i «konstruksjonen» eller informert om det som skjedde. Då Shiva kom heim tok Parvati seg eit bad, og Ganesha nekta Shiva å kome inn. Han vart då rasande på guten og hogde hovudet av han. Dette var sjølvsagt ikkje populært hjå Parvati som vart rasande og truga med å utslette verda. Dei andre gudane vart livredde for dette og gjorde det dei kunne for å blidgjere Parvati. Dei lova å finne eit nytt hovud til Ganesha og at han skulle verte leiar for fylgjet til Shiva og skulle tilbedast først. Dette godtok Parvati og gudane drog ut for å kappe hovudet av det første vesenet dei fann. Dette var ein elefant, og slik fekk Ganesha hovudet sitt.

Eg har nyleg fått med meg at Tor Åge Bringsværd har skrive ei lita bok om Ganesha. Eg har ikkje lese boka, men det gav meg ein grunn til å pynte bloggen med eit bilete med det eg trur er den guden i pantheonet med trivlegast utsjånad.

Om andre har vektige forslag til guddommar med koseleg utsjånad er eg interessert i å høyre dei. Vi ser då heilt vekk frå ting som sanning, kva dei står for og slike uviktige detaljar.

Informasjonen om Ganesha er henta frå Hinduismen og buddhismen av Knut A. Jacobsen og Notto R. Thelle, s. 87-89

fredag 6. januar 2012

Eit klede til ettertanke

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Frå Vatikanet melder ein at forskarar meiner at likkledet i Torino er «et umulig objekt som ikke kan ha vært forfalsket», altså at det er ekte. Om dette skulle vere sant, og om ein skulle vere i stand til å bevise dette på ein overbevisande måte, altså vise at dette kledet vart slik vi kjenner det etter ein eller annan form for energistråling eller noko slikt, kan det sjølvsagt vere ganske omveltande for korleis ein tenkjer om ulike ting. Om ein samstundes kan klare å knytte dette til Jesus frå Nasaret på ein haldbar måte, vil det vere bortimot eit gudsbevis.

Eg trur ikkje det vil skje. Eg er mellom dei som ikkje trur dette kledet viser Jesus frå Nasaret i ein eller annan fase av oppstoda (Om ein kan dele den inn i fasar, då...) Til det er det for mange ting som ikkje heng saman. Ein høyrer ikkje om det før på 1300-talet, teknikken i veven er frå rundt då, personen det er bilete av er for høg til at det verkar sansynleg at det er Jesus og andre ting som ikkje gjer at eg ser det som truverdig at dette er eit reellt avtrykk frå Jesus. (Ein kan med fordel lese det Asbjørn Dyrendal skreiv om dette på Skepsis for nokre år sidan. ([1], [2] og [3]) eller det Catholic Encyclopedia skriv.)

Vil dette seie at dette er eit uinteressant eller uviktig stykke tøy? Ikkje på nokon som helst måte. Tusenvis av truande vel å tru at dette er ekte og eit bevis for oppstoda og dermed også for eksistensen av Gud. Mange av desse vil ikkje miste trua på dette uansett kva vitskapsfolk måtte finne på å seie. Andre hellar mot å tru det, men er ikkje sikre. Så har ein folk som meg, som ikkje trur dette er ekte. For alle gruppene kan det tene som eit hjelpemiddel for bøn, meditasjon og tru, på same måte som ikonar, andaktsbøker, lysglober, rosenkransar, soakingmatter og andre ting kan tene til det. Sjølv om det ikkje er guddommeleg i seg sjølve, tener det som hjelpemiddel i truslivet for dei kristne. Der har likkledet ein enorm misjon i kyrkja. Uansett kva ein meiner om det framprovoserar det ettertanke, undring og beundring. Det fører tankane til krossdøden og oppstoda, altså kjerna i kristendomen. Det er dermed eitt av dei, ja kanskje det, beste hjelpemiddelet for krossmeditasjon vi har i kyrkja. Eg skulle meir enn gjerne sett dette kledet, sjølv om eg ikkje trur det er meir guddommeleg enn sengeteppet mitt.

I tillegg er dette eit klede som må fascinere alle, både truande og ikkje-truande. For korleis i alle dagar har nokon laga noko så flott og spesielt. Kva utstyr hadde dei for å klare dette? Kven gjorde det? Og kvifor? Spørsmåla står på rekkje og rad. Ein treng ikkje tru dette kledet er eit guddommeleg prov for å vere djupt fascinert og imponert av det.

tirsdag 3. januar 2012

Køpenickiade

Bilete tatt av politiet viser ein arrestert Voigt i 1906.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Tida har igjen komen for ein tysk svindlar. Sist gong St. Isidors minne var innom dette emnet var det Kaspar Hauser som stod for bløffen. Mannen vi skal gjere oss kjent med i dag var på mange måtar meir underhaldande enn den stusslege Hauser.

Wilhelm Voigt var ein småkriminell mann frå det som i dag er Kaliningrad. Han vart fødd i 1849 og levde over halvparten av livet før fylte førti år i fengsel for ulike brotsverk. I august 1906 vart han heve ut av Berlin, og det er då det morosame startar.

I staden for å dra frå Berlin gjekk han «under jorda». Systematisk kjøpte han opp dei ulike delane til ein kapteinsuniform, heilt til han hadde komplett uniform.

Ein slik uniform var det Voigt
hadde på seg.
Denne er stilt ut i rådhuset i
Köpenick, der han tok seg tilrette.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Iført sin uniform som gav han kapteinsrang i den preussiske hæren gjekk han til ei lokal kasserne og beordra med seg fire meinige soldatar og ein sersjant. Desse såg uniformen og fulgte med sin «overordna». Voigt kvitta seg raskt med sersjanten, som vart sendt vekk, og fekk i staden med seg endå seks meinige soldatar.

Saman tok desse toget til Köpenick som på dette tidspunktet var ein eigen by. Der dei marsjerte inn på rådhuset og okkuperte det. Voigt gav soldatane sine ordre om å sikre alle utgangar og stoppa alle telefonsamtalar frå byen til Berlin i ein time.

Så arresterte han borgermeistaren, Georg Langerhans, og kasseraren i byen. Desse to sendte han med to soldatar til Berlin for å bli avhøyrde, mistenkte for korrupsjon. Sidan det var mistanke om korrupsjon, måtte han gå gjennom rekneskapen og såg det naudsynt å konfiskere bykassa. Den inneheldt på dette tidspunktet rundt 3500 mark. Ein kaptein i den preussiske hæren er sjølvsagt ein ordna mann, så Voigt la sjølvsagt att ein kvittering for det han tok med seg. Denne skreiv han under med namnet von Malzahn, namnet på sin siste fengselsdirektør, samt bokstavane «H.i.1.G.R.» som tyder «Hauptmann im 1. Garde-Regiment». Han tok med seg pengane, bad dei soldatane som ikkje hadde fått transportoppdrag sikre bygget i ein halv time og forsvann mot togstasjonen. Så skifta han til vanlege klede og vart vekke.

Cöpenicker Dampfboot si kveldsutgåve
frå 16. oktober 1906, den dagen då
Wilhelm Voigt okkuperte rådhuset.
Biletet er henta frå tysk wikipedia, derein også kan lese heile sida.
Det vart sjølvsagt eit valdsamt rabalder etter dette. Både Tyskland og andre land lo av det som hadde skjedd, og særleg peika ein på den overdrevne respekten ein hadde for uniformar og offiserar i Tyskland.

Voigt vart arrestert etter berre ni dagar, då ein han hadde sona saman med hadde høyrt om planen hans og vart lokka av ein stor pengesum til å angje Voigt. 1. desember vart han dømt til fire år i fengsel for opptrinnet. 

Akkurat kvifor han gjorde det han gjorde, er ikkje klart. Sjølv hevda han at han eigentleg berre var ute etter eit pass for å kome seg ut av landet, medan andre hadde meir tru på at han var ute etter pengar. Han skulle ha høyrd snakk om at det vart oppbevara to millionar mark i ein safe i rådhuset, sa ein. Dessutan oppbevarte ein ikkje pass i rådhuset...

Voigt vart benåda av keisar Vilhelm i 1908. Vistnok likte keisaren det Voigt hadde gjort. Året etter gav han ut ein sjølvbiografi, Wie ich Hauptmann von Köpenick wurde. Mein Lebensbild. der han skreiv om «offiserskarriera» si. Han reiste også rundt i Europa og Nord-Amerika og fortalte om det han hadde gjort, før han døydde i Luxemburg i 1922.

Wilhelm Voigt sin svindel gav sjølvsagt inspirasjon til ein haug med filmar, skodespel og likande og vart også grunnlag for eit heilt nytt ord.   «Køpenickande» tyder å gje seg ut for å vere offentleg myndigheit  utan å vere det, og kjem sjølvsagt frå denne hendinga.

mandag 2. januar 2012

Kristen-Norge

Etter at den materialistiske delen av kristmessefeiringa gjorde at eg satt att med to utgåver av ei og same bok, vart eg ein av dei som gjorde sitt til at tredje juledag levde opp til sitt rykte som den store byttedagen. Boka eg då kom heim med var Kristen-Norge. En oppdagelsesreise av Didrik Søderlind.

Didrik Søderlind er nok ikkje i utgangspunktet den ein forventa skulle levere ei bok om dei ulike avskuggingane av det kristne Norge, all den tid han arbeider i Human-Etisk Forbund og tidlegare har levert litteratur om mellom anna den norske svartmetallscena. Men boka kom altså ut i 2010, og vart møtt med til dels særs gode kritikkar. Sidan ho kom, har boka stått på leselista mi, men sneik seg altså ikkje inn før som den desidert siste boka i 2011.

Plottet i boka er enkelt og smått genialt. Søderlind brukte eitt års tid på å reise rundt i Norge og vitje ulike kyrkjelyda. Han skulle finne ut kva kristennorge bestod av, kva som skilde dei ulike samfunna og kva som band saman. Korleis dei ulike praktiserte trua trua si og kva ein trudde på. Og han stilte seg open for å verte overtydd om at nokon hadde rett.

Det må seiast at Søderlind absolutt ikkje er av dei mest religionsfiendlege ein kan støte på i HEF, hadde han vore det hadde ikkje denne boka blitt så god som ho er. Og når sant skal seiast hadde ho nok heller ikkje blitt så god om nokon av oss på innsida av kristennorge skulle ha skreve henne. Søderlind vert ein stad i boka utfordra på korleis han som ateist kan skildre kristne kyrkjelydar på ein rettvis måte, og gjev som svar (fritt parafrasert etter hukommelsen) at det er jo det han gjer når han skildrar andre truande, så då må det gå her også. Og det går strålande godt.

Dette er ei bok det absolutt er bruk for. Til Klassekampen sa Søderlind at det er ei katastrofe kor lite folk kan om kristendomen. Det han han rett i. Men denne boka kan rette opp i dette, for det er ei flott innføring i ulike konfesjonar, i ein del kristen grunnteologi og i den norske kristenheita. Det er sjølvsagt ikkje komplett, det er ikkje heilt systematisk, det er heller ikkje heilt utan feil, men alt i alt er det svært bra. Det er informativt, det er underhaldande, det er pirrande, det er nyttig. Boka burde vere obligatorisk lesning for alle som er interessert i kristendomen, anten for å finne ein andeleg heim i religionen eller for å kritisere han, for i denne enkle boka finn ein mykje informasjon alt for mange folk manglar.

Sjølv likte eg svært godt kapittelet der han var på vitjing hjå læstadianarane i Tromsø. Det var spanande å lese ei skildring av ein del av den kyrkja eg sjølv høyrer til som eg ikkje har nokon erfaring med. Det eg derimot har erfaring med er vanlege gudstenester i Den norske kyrkje. Eg var sjølvsagt spent på kva Sønderlid meinte om den gudstenesta han var på, men eg trur både eg og han vart positivt overraska. Men kvifor er det eigentleg med eit kapittel om new-age i boka? Det verka malplassert på meg. Særleg sidan kapittelet om adventistane då vart ståande litt på utsida.

Dette er uansett ikkje noko som trekk særleg ned inntrykket av ei særs god bok. Det gjekk ei stund før eg fekk somla meg til å lese boka, men boka er absolutt like aktuell om vi no skriv 2012 og ikkje 2010. Kristen-Norge. En oppdagelsesreise er ei av dei beste, om ikkje den beste, bøkene eg las i 2011. Anbefalast på det sterkaste!