mandag 28. november 2011

Klostervisdom til folket

I forrige veke var eg ein snartur innom det som er att av Bokladen i Bergen. Det er alltid spanande å kome inn i den butikken, for der finn ein ting ein rett og slett ikkje finn i andre butikkar i Norge eg veit om, med eit hederleg unntak for St. Olav katolske bokhandel i Oslo. I Bokladen fekk eg meg ein triveleg prat, og gjekk ut derifrå med ei bok og nokre andre ting.

Boka har eg lyst til å seie nokre ord om. Christopher Jamiston si bok Ditt hellige rom. Klostervisdom for moderne mennesker kom på engelsk i 2006 og på norsk i 2009, så det er altså ikkje ei  heilt rykande fersk bok utan at fem år på nokon som helst måte er lang tid i klostertradisjonen. Den er altså like aktuell, eller uaktuell, som då ho kom.

Jamiston er abbed i benediktinarklosteret Worth i Sussex. Dette klosteret er kjent for engelskmenn etter at det vart laga ein slags reality-serie derifrå. Reality-serien The Monastary vart ein overraskande stor suksess, og har også gått på TV her i Norden, dog utan å få noko særleg merksemd. Denne boka er ein slags oppfølging av serien, der Jamiston vil forklare klostervisdomen til nye folk. 

Tanken hans er at ein ikkje treng å vere munk for å leve etter klostervisdomen og implementere delar av klosterlivet i sitt eige liv. Om ein meiner ein ikkje har tid til dette, er ikkje det ei orasking god nok for abbeden, då han argumenterer godt for at dette har ein valgt sjølv, og ein kan derfor velgje det vekk. Boka er ei innføring i korleis ein kan leve sitt eige liv nærare det ein finn skissert i Benedikts regel. Dette gjer Jamiston tidvis svært godt. Sæleg likte eg kapitla om kontemplasjon og det å vere lydig. Han viser på ein god og enkel måte kva som er kristen bøn og korleis ein kan bruke dette til å kome nærare Gud og høyre Gud, og han visert glitrande korleis det moderne, individualistiske samfunnet ikkje i så stor grad handlar om fridom til eigne val som vi likar å tru i vår tid. Også andre delar av boka har mykje visdom i seg, men det var særleg desse to kapitla som tala til meg. 

Det er derimot ein ting eg stussar på, og som trekk ned heilskapen i boka for min del. Jamiston, og dermed forlaget, siktar seg inn på søkjande menneske, gjerne menneske utanfor kristendomen. Det er sjølvsagt prisverdig og noko fleire burde gjere. Jamiston skriv at «[de]nne boken vil hjelpe deg inn i det Benedikt lærer oss, men forutsetter ikke at du, leseren, er  kristen. Det den derimot forutsetter , er at Benedikt og hans klostertradisjon er kristen.» (side 15) Presiseringa er grei, og boka legg aldri skjul på at den handlar om ein kristen klostertradisjon. Og nettopp på grunn av dette er eg skeptisk til kor godt den fungerar inn mot søkjande og dei som definerer seg utanfor kyrkja. Boka er slik eg ser det i bunn og grunn indrekyrkjeleg, men forsøker på ein måte å «kamuflere» dette. Eg trur boka ville blitt endå betre om Jamiston heller skreiv meir medvite til kyrkjefolket og heller skreiv ei anna bok, som ikkje er så tett knytt til Benedikts regel, til dei som er på leit. Det trur eg særleg dei søkjande hadde hatt større utbytte av. Eg trur ein treng noko kyrkjeleg kompetanse for å få eit godt utbytte av boka.  

Ditt hellige rom er ei bok som eg vil tilrå til alle som har ein grunnleggjande kjennskap til kyrkjetradisjonen og vil ha inspirasjon til å leve eit meir disiplinert andeleg liv. Den er enkel og vis på same tid, og gjev fleire gode og enkle tankar til kvardagslivet for folk som er utanfor klosterlivet.

torsdag 24. november 2011

Reklame kan vere artig

Ein kan sjølvsagt seie noko klisjeaktig om at fordommar straffar seg eller at ein ikkje skal døme folk på grunn av utsjånaden eller slikt, men eg trur vi droppar det. I staden kosar vi oss med ein artig reklamefilm.

Eg satsar på at Helsedirektoratet ser ein annan veg...

onsdag 23. november 2011

O sacrum convivium

23. november er dødsdagen til den engelske komponisten Thomas Tallis. Tallis levde på 1500-talet og er ein av dei største engelske komponistane. Etter at eg meir eller mindre tilfeldig fekk ei plate med musikk av Tallis i eige, har dei fantastiske songane hans fått ein stadig hyppigare rotasjon i CD-spelaren min.


I dag høyrer vi «O sacrum convivium», ei hylling til nattverdsakramentet.    


Tekst frå Wikipedia:
Latin

O sacrum convivium!
in quo Christus sumitur:
recolitur memoria passionis eius:
mens impletur gratia:
et futurae gloriae nobis pignus datur.
Alleluia.
Engelsk
O sacred banquet!
in which Christ is received,
the memory of his Passion is renewed,
the mind is filled with grace,
and a pledge of future glory to us is given.
Alleluia.

tirsdag 15. november 2011

Pelsnæringa må vekk!

Mink på ein finsk pelsdyrfarm.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Nationen melder i dag at pelsdyrnæringa nok vil overleve den komande landbruksmeldinga frå regjeringa, trass i at både SV og Arbeidarpartiet har vedtak for at dei vil avvikle denne næringa.

På trass av alle etiske normer for dyrehald og dyrevelferd vel ein å la Senterpartiet få ein symbolsiger og beheld ei næring som systematisk utnyttar dyr utelukkande av estetiske og økonomiske motiv. Den reelle nytteverdien i pelsdyrhald er fråverande, då ein rett og slett ikkje har bruk for pels.

Vi veit at pelsdyr ikkje får tilfredsstilt dei behova dei har for rørsle, sosial omgang, tryggleik og liknande. Dette reagerer dei på med sjølvskading og drap av avkom. I tillegg vert avlivingsmetoder for mink og rev rekna som inhumane.
Den norske vetrinærforening sa i 2009 følgjande om pelsdyrhald:
Dagens pelsdyrhold er basert på hold av aktive rovdyr i små nettingbur. Driftsformen betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt naturlige adferdsbehov. DNV har tidligere uttrykt skepsis til pelsdyrholdet. På tross av gode intensjoner i næringa, viser det seg at det fortsatt er store dyrevelferdsmessige problemer i pelsdyrholdet. DNV mener derfor at tiden nå er moden for å vurdere avvikling av pelsdyrholdet i Norge 
Framleis kjem det jamneleg døme på at «det fortsatt er store dyrevelferdsmessige problemer i pelsdyrholdet».

Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi sa i 2008:
NENT mener at hold og avlivning av dyr kun for å benytte seg av dyretspels ikke er forenlig med god dyrevelferd, da pels i dag ikke en nødvendighet for å kle seg mot kulde
Eidsivating lagmannsrett slo i 1999 fast dette i ein dom:
Lagmannsretten legger til grunn at pelsdyroppdrett av rev og mink skjer på en måte som er i strid med dyrenes opprinnelige og grunnleggende behov [...]. Dersom en kun la en etisk betraktning til grunn for vurderingen av pelsdyroppdrett, så ville slik virksomhet vanskelig kunne aksepteres. 
Likevel ser det altså ut som om regjeringa vil gå inn for å behalde denne næringa. Dette er uforståleg og viser endå ein gong at SV ikkje får gjennomslag for viktige miljø- og natursaker i regjeringa. Behovet for å få Miljøpartiet Dei Grøne inn på Stortinget for å presse på for ein ny politikk vert grelt tydeleg i møte med slike avgjersler der symbolpolitikk får sigre over etikk og dyrevelferd.      

onsdag 9. november 2011

Øltsunamien i 1814

Etikett frå det famøse Meux's Brewery.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I fylgje handelsstanden har det lenge nærma seg adventstid, og med det kjem både testane av juleøl (som allereie er godt igang i bloggosfæren) og advarslar, som absolutt er på sin plass, mot uvettig alkoholbruk i samband med julefeiringa.

St. Isidors minne kan ikkje vere dårlegare enn at førjulsølblogginga også får innpass her, og då passar det godt å gå inn i ei historie som trass i sin tragikk også er så absurd at ho ikkje bør gløymast.

I 1814 hadde  Meux's Brewery i London lenge hatt enorme tankar dei brygga ølet sitt i. Den største tanken var tanken der dei brygga porter, som åleine tok 511 920 liter.

Tidleg om morgonen 17. oktober 1814 gjekk det heile frykteleg gale. Portertanken hadde på dette tidspunktet gjæra i fleire månader, og var tydlegvis ikkje klar for oppgåva. Eit av banda som heldt tanken saman rauk, og med det eksploderte ølet ut i bryggeriet. Som om ikkje dette var nok tok flodbølgja med seg andre tankar i bryggeriet, og tilsaman  1 224 000 liter øl flauma ut gjennom veggen i huset og ut i slumområdet rundt bryggeriet. Ølflaumen reiv med seg folk utanfor, faktisk var han så stor at to hus gjekk ned på grunn av den enorme ølstraumen som tok dei. Eitt av dei to husa var ironisk nok ein lokal pub der ei fjorten år gamal jente vart drepen då huset rasa ned over henne.

Folk i nabolaget reagerte på ein måte som både er underleg og forståeleg. Dei strauma ut i gatene med bøtter og kar og tok det ølet dei fekk tak i. Fleire av desse vart skada av den sterke straumen og måtte til sjukehus med skader. Der braut det nesten ut opptøyer då andre pasienter trudde at den sterke lukta av øl frå nokre av dei skadde kom av at dei fekk øl på sjukehuset. Dette ville dei andre også ha, og situasjonen vart spent før det vart klara opp i kva som hadde skjedd.

Tilsaman ni personar døydde av øltsumanien. Nokre vart drukna, andre vart drepne av skader dei fekk då dei vart tekne av straumen eller fekk byggningar over seg. Det vert også sagt at ein døydde av alkoholforgiftning. Dei fattige folka som vart ramma av flaumen gjorde det dei kunne for å klare seg, og enkelte stilte ut lika og tok betalt for at folk skulle få sjå dei som vart drepne av ølflaumen. I eit hus stimla det saman så mange folk at golvet braut saman og alle som var der datt ned i ein kjellar halvfull av, ja nettopp, øl.

Ølstanken hang i i fleire månader i området som var ramma, og for mange folka som budde der var det som skjedde ein tragedie, sjølv om dei ikkje mista nokon som stod nær dei. Hus og butikkar var øydelagte og folk stod utan eit levebrød. Bryggeriet derimot, kom ut av det heile med beina på jorda. Det vart sjølvsagt ein rettssak etter dette, men dommaren meinte det som hadde skjedd var «an act of God» og at bryggeriet ikkje kunne klandrast. Dei dreiv vidare fram til eit anna bryggeri kjøpte dei opp i 1961.

1814 er lenge sidan, og det absurde i situasjonen er nok meir framtredande no enn det var då. Ni døde og eit hard ramma lokalsamfunn er ikkje noko å le av, samstundes som ein øltsunami er så sjeldant og absurd at historia bør forteljast vidare.

søndag 6. november 2011

St. Isidors minne har funne seg ein heim

Mannen i profil er St. Melaine.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
6. november er minnedag for den heller obskure helgenen Melaine som var biskop i Rennes i Bretagne på femhundre talet. Melaine gjekk gradane som munk og abbed, og det er ikkje mykje spanande å fortelje om han, anna enn det som gjer han interessant for St. Isidors minne. St. Melaine skal ha hatt seg ein tur over Kanalen til Cornwall. På grunn av dette har han blitt skytshelgen for eit par plassar der, deriblant ein plass som heiter Mullion.

Mullion ligg på halvøya der St. Isidors minne frå no av finn sin geografiske heimstad, nemleg halvøya The Lizard. (Firfirsla eller øgla) The Lizard er det sørlegaste fastlandet i England, og har ein historie prega av skip som går på grunn og smugling. Skal ein tru turistkontoret, er det også svært vakkert der.

Som om ikkje det flotte namnet skulle vere nok, har The Lizard fleire ting som trekk St. Isidors minne til halvøya. Halvøya er i stor grad bygd opp av ein steinart som har det flotte namnet serpentinitt, noko som sjølvsagt gler ein herptilven som underteikna. Hadde det berre vore dei flotte øgletilknyttingane i namnet og grunnfjellet hadde det nok ikkje vore nok til å rekne halvøya som bloggen sin geografiske heimehamn, men det er meir med denne halvøya.

Ein del av The Lizard  går under namnet «Meneage». Dette er kornisk og skal tyde noko slikt som «Munkelandet».  I dette området låg det sansynlegvis ei rekkje små, keltiske kloster, noko som gav det flotte namnet. Akkurat kor stort dette området er, er eg ikkje sikker på, men det skal bestå av fire heile prestegjeld og delar av eit femte, så litt areal må det vere.

Så der har vi staden St. Isidors minne no soknar heim til. Serpentinitten stig opp av havet og dannar halvøya The Lizard der ein finn munkelandet Meneage. Der bur St. Isidors minne.

tirsdag 1. november 2011

Allehelgensdag

Allehelgensdag er ein dag ein ofte forbind med sorg og sakn, særleg sidan Den norske kyrkja sine gudstenester i samband med allehelgensdag, dei såkalla helgemessene, ofte er minnegudstenester for dei ein har gravlagt det siste året. I samband med dette høver det godt med ein song frå Taize. Songen heiter "La ténèbre n'est point ténèbre". I norsk omsetjing er teksten følgjande:
Nattens mørke er ikke mørke, Gud for deg.
Som dagens klare lys skinner natten.



Ei fin påminning frå Salme 139 i vakre toner frå Taize.