søndag 28. august 2011

Augustin med visdomsord

Augustin er ein stor lære-
meister ein bør høyre på.
Her malt av Gaudenzio
Ferrari.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
28. august er minnedagen for Augustin, ein av dei verkelege kjempane i kyrkjehistoria. Det høver godt å markere dagen med eit sitat frå boka De Genesi ad Litteram. Sitatet er sørgjeleg aktuelt framleis. Eg treff jamnleg på kreasjonistar som kunne hatt godt av å lese dei kloke orda frå kyrkjefaderen.

Vi les orda i den engelske omsetjinga ein finn på Wikiquote.
Usually, even a non-Christian knows something about the earth, the heavens, and the other elements of this world, about the motion and orbit of the stars and even their size and relative positions, about the predictable eclipses of the sun and moon, the cycles of the years and the seasons, about the kinds of animals, shrubs, stones, and so forth, and this knowledge he hold to as being certain from reason and experience. Now, it is a disgraceful and dangerous thing for an infidel to hear a Christian, presumably giving the meaning of Holy Scripture, talking nonsense on these topics; and we should take all means to prevent such an embarrassing situation, in which people show up vast ignorance in a Christian and laugh it to scorn. The shame is not so much that an ignorant individual is derided, but that people outside the household of faith think our sacred writers held such opinions, and, to the great loss of those for whose salvation we toil, the writers of our Scripture are criticized and rejected as unlearned men. If they find a Christian mistaken in a field which they themselves know well and hear him maintaining his foolish opinions about our books, how are they going to believe those books in matters concerning the resurrection of the dead, the hope of eternal life, and the kingdom of heaven, when they think their pages are full of falsehoods and on facts which they themselves have learnt from experience and the light of reason? Reckless and incompetent expounders of Holy Scripture bring untold trouble and sorrow on their wiser brethren when they are caught in one of their mischievous false opinions and are taken to task by those who are not bound by the authority of our sacred books. For then, to defend their utterly foolish and obviously untrue statements, they will try to call upon Holy Scripture for proof and even recite from memory many passages which they think support their position, although they understand neither what they say nor the things about which they make assertion.

mandag 22. august 2011

Viser Borten Moe Senterpartiet slik dei verkeleg er?

Ola Borten Moe vert ofte kalla for Senterpartiet sin kronprins, og om det han har vist den siste veka er representativt for den politikken han meiner partiet skal føre - noko ein vel eigentleg bør tru - er det all grunn til å vere skeptisk til Senterpartiet framover.

Oljeplatform i Nordsjøen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Det første varselet denne veka var då ein oppdaga store nye oljefelt på norsk sokkel. Borten Moe jubla då og sa at «oljeeventyret» såvidt har starta. Han sa at dette vil snu trenden med synkande norsk oljeproduksjon. Med dei klimaendringane ein ser no burde ikkje reaksjonen til eit medlem av ei regjering som hevdar å vere klimavenleg vere å ville auke produksjonen av det største klimaproblemet vi har i dag. Ola Borten Moe er ikkje berre oljeminister. Han er også energiminister, og burde heller sørgje for å gjere Norge i stand til å takle ei framtid utan olje. Den framtida kjem, det einaste nye funn av olje kan gjere er å utsettje dette.

Miljøvernministeren forsøkte å gjere oljefunnet til ei gladsak for oss som ikkje vil ha oljeborring utanfor Lofoten og Vesterålen. Han peika på at dette vil gjere desse funna mindre naudsynte, men heller ikkje dette er noko Borten Moe verkar særleg open for. Han har tidlegare sagt at det er uaktuelt å verne desse områda, og hevda at framtida ligg i «å bore og hente opp mer hydrokarboner». 

Eg er svært ueinig i denne påstanden frå Borten Moe. Framtida ligg i å legge fossile energikjelder bak oss og utvikle fornybare energikjelder til å fylle behova våre. Dette bør også energiministeren vår sjå. Det er all grunn til å vere einig i det Miljøpartiet Dei Grøne seier i sin kommentar til saka: «De Grønne er bekymret for den manglende viljen i den rødgrønne regjeringen til å satse på andre hester enn fossilutvinning. Partiet er redd Norge kommer til å bli akterutseilt i den teknologiske omveltningen som pågår i ledende miljøer i de fleste avanserte industriland og fremvoksende økonomier.»


Bilete frå finsk revefarm.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag kom Borten Moe med det som nok anten er ein lekasje frå, eller eit slags forhandlingsutspel for, landbruksmeldinga som skal kome i haust. Der seier han at pelsdyrnæringa ikkje skal avviklast, trass i at både SV og AP har vedteke at dei vil dette.

Pelsdyrnæringa har gang på gang vist at dei ikkje er i stand til å halde dyra sine på ein måte som er forsvarleg. Og uansett om dei nokon gong skulle klare dette, kjem ein ikkje vekk frå at å halde dyr i fangenskap for så å ta livet av dei utelukkande på grunn av estetikk ikkje er etisk forsvarleg. Dyr har også ein eigenverdi og kan ikkje skaltast med som ein vil. Å drepe dei kun fordi ein vil sjå fin ut er ikkje forsvarleg. Ein kan forsvare å drepe dyr til mat; då tener dyra eit mål som rettferdiggjer dette, nemleg å halde liv i eit anna dyr (i vårt tilfelle: mennesket). Dette er ein naturleg del av livet. Å kle seg i pelsen er ikkje verken naturleg eller naudsynt i vårt samfunn.

Det er inga gode argument for å halde fram med pelsdyrhald. Det er ein industri som systematisk set profitt før etikk, og dermed noko ein snarast bør forby.


Ingen av desse sakene er overraskande. At Senterpartiet er for pelsdyrhald er ikkje nytt, heller ikkje at Borten Moe vil køyre ein svært offensiv borepolitikk. Det er derimot ikkje så ofte ein får to døme på ei veke på korleis ein systematisk set mennesket utanfor naturen vi er ein del av og gjennom dette kjem til feil konklusjonar. Pelsdyrhald får ikkje globale konsekvensar slik oljeutvinninga får, men mønsteret er det same. Ein tar ikkje ansvaret vi menneske har for naturen på alvor. Det er ein alvorleg feil.

Om dette verkeleg er den kursen Senterpartiet vil gå etter i åra som kjem, er det trist. Samstundes er det mange folk i Senterpartiet med stort hjarta for både dyrevelferd og klimaet. Det er burde vere mogeleg for alle desse å styre partiet på rett kjøl.

torsdag 18. august 2011

Gitar mot krig

18. august 1969 stod Jimi Hendrix på scena på Woodstock og gjorde noko av det mektigaste som har vorte gjort i rockehistoria. Han og gitaren hans gjorde «The Star-Spangled Banner» til ein massiv antikrigshymne. Kun ved hjelp av gitaren kan ein høyre bomber, fly og krigen sine forferdelege lydar.

Hendrix gjorde dette i protest mot Vitenamkrigen, men krigsprotesten er framleis like aktuell. Norske styrker kom heim frå bombing av Libya denne månaden, og vi har framleis styrker i Afghanistan.

Kanskje nokon burde tatt for seg «Ja, vi elsker» med ein elektrisk gitar?

torsdag 11. august 2011

Børnelærdom

Sidan denne veka for min del er spekka med kateketikk i form av konfirmantundervisning, høver det godt med ein gamal katekismesalme som nok store delar av den eldre befolkninga i landet framleis kan utanboks. På nummer 669 i Landstads reviderte salmebok finn vi salmen «Frykt mitt barn, den sanne Gud» av den danske presten Bertel Pederssøn. Salmen summerar opp boda, trusvedkjenninga, Fadervår og sakramenta i dei fem versa på ein strålande måte. Kan ein denne salmen, har ein ei grei kjennskap til grunnleggjande kristendom. I Menighetsblad for Flakstad og Moskenes seier Lillian Larsen: «Det er igrunnen synd at salmen er gått ut av salmerepertoaret fordi den i fem små vers sammenfatter katekismens viktigste deler.» Eit godt poeng, og St. Isidors minne slår eit lite slag for å blåse nytt liv i denne gamle salmen.

Frykt, mitt barn, den sanne Gud,
misbruk ei hans navn og bud!
Hold din søndag, bruk guds ord!
Ær og lyd din far og mor!
Hat og mord og utukt fly! Stjel ei!
Løgn og falskhet sky!
Gi ei ond begjæring ly!

Vi på Gud vår Fader tror,
Som alt skapte med sitt ord,
Og på sønnen, Gud og mann,
Prest, profet og konge sann,
På den Hellig Ånd vår trøst,
Som oss helliggjør fra brøst,
Reiser op til livets lyst.

Fader vår i himmelhavn,
Hellig vorde oss ditt navn,
La ditt rike komme fritt,
Skje din vilje verden vidt,
Gi oss brød, forlat vår synd,
Led i fristelse ei inn,
Frels oss fra alt ondt med fynd.

Fader, Sønn og Hellig Ånd,
Som har rakt mig Guddoms hånd
Og har døpt mig til ditt navn,
Hjelp jeg bær mitt navn med gavn,
Holder pakten kristelig,
Tror på dig rett hjertelig,
Bliver felst evindelig!

Mett min sjel, o Jesus kjær,
Med ditt kjød, som livet er,
Vederkveg mig, Frelser min,
Med ditt blod i klaren vin
Til min synds forlatelse
Og din ihukommelse -
Dig lov, pris og ære skje!
              Bertel Pedersen 1608

fredag 5. august 2011

Takk til vandraren!

Bursdagsbornet.
Biletet er henta frå Commons.
I dag er det fødselsdagen til Ivar Aasen. Vi feirar dette med diktet «Vidsidh» frå Etterleivde dikt I slik ein finn det i Skrifter i samling I. Denne ligg ute som PDF hjå dei gode folka på Ivar Aasen-tunet. Fotnota til diktet seier at «Vidsidh» tyder «ein som hev fare vidt ikring» og er henta frå eit gamalengelsk kvad. Eit passande namn på diktet.

Artig nok skil han ut radværingar som ei eiga gruppe skilt frå strilane i diktet. Kan hende var dette eit skilje ein hadde på Aasen si tid? Eller er det berre kunstnerisk fridom for å få sving på alitterasjonane?

Vidsidh
Vide hev eg vinglat
i Vegom ute;
øvst i Upplondom,
ytst paa Havstrondom
i Byom og i Bygdom
bergemillom,
i Tun og Torg
og i tettaste Skogom.

Merkat hev eg mange
Manna Heite:
Skolp og Skogning
og Skodjebygding,
Trumsing, Tronnesing,
Trondheims Gastar,
Senjing og Saltværing,
Sogning og Fyrd.

Voss og Valdres
og Vesteraaling,
Lustring, Leirdøling,
Lofoting, Vikning,
Ranværing, Rissværing,
Romsdøling, Molding,
Hitring, Hamning,
Hellandsfar og Namsing.

Strinding, Stryning,
Stril og Guling,
Jølstring, Junse,
Jæderbu og Ostring,
Ringebygg, Rennebygg
og Radværing,
Selbygg, Sparbygg,
Spinnværing synst i Enden.

Lesjaværing, Lomværing,
Lustring og Suling,
Kvinnværing, Kvæming
og Kvinesdøling,
Orkedaling, Øyning
og Innhering,
Beitstøding, Bynesing,
Borgundsynding.

Hord og Hardeng
og Herleværing,
Eidfyrd, Oddvær,
Etnesbu og Storing,
Sirdøling, Soggendøling,
Sæterdøling, Evjing,
Egder og Austmenner,
Aarndals Menner.

Tindøl, Tudøl
og Telemarking,
Bambling, Bøhering,
Botning og Krødling,
Halling, Hadlending,
Heidemarking,
Ringeriking, Romeriking,
Romedøl og Hamring.
Takk, Ivar Aasen!

tirsdag 2. august 2011

Resirkulering er viktig!

Sjølv utan å kunne fransk er moralen enkel: Resirkulering er viktig og bør heiast fram!