lørdag 30. april 2011

Kaspar Hauser

Teikning av Kaspar Hauser.
Henta frå Wikimedia Commons.
Om vi skal tru lappen han hadde med seg då han dukka opp i 1812, er dette bursdagen til Kaspar Hauser. Forteljinga om denne guten høyrer heime i dei meir kuriøse delane av europeisk historie og er ei fascinerande forteljing eg ikkje heilt har klart å leggje frå meg etter at eg for fyrste gong kom borti historia då dei snakka om Kaspar på P2 for nokre månader sidan. Slik det ofte er med gode historier inneheld den mystikk, adlege konspirasjonar, kriminalitet og manglande løysning,

Kaspar Hauser dukka plutseleg opp på gata i Nürnberg i 1828. Med seg hadde han eit par papirlappar der den anonyme forfattaren av den eine av lappane opplyste at guten hadde vorte plassert hjå han som spedbarn. Denne verja hadde tatt på seg å lære Kaspar å lese og skrive i tillegg til nokre bøner. Han sa derimot at han aldri hadde latt guten slippe ut av huset sitt. På både denne lappen, og ein annan lapp han hadde med seg, vart det sagt at faren til guten var ein kavalerist, og at det var dette Kaspar også ville verte.

Han vart sjølvsagt undersøkt då dei fann han, og dei fann ut at han kunne lese og skive litt, be nokre bøner og slikt, men at ordforådet hans var avgrensa. Han verka å vere mentalt hemma, men fysisk var han i god form, sjølv om han nekta å ete noko anna enn brød og vatn.

Ein av lappane Kaspar skal ha hatt med seg.
Lappen ligg på Wikimedia Commons.
Ettersom han lærte seg å snakke betre, kom forteljinga om oppveksten hans. Han fortalde at han hadde budd i eit lite, mørkt rom der det berre var ei seng og ein trehest til å leike med. Om morgonen stod det brød og vatn til han på golvet. Det første mennesket han møtte, var ein mann som dukka opp rett før han vart sleppt fri. Denne mannen lærte han å skrive. Historia om Kaspar interesserte folk og styresmakter, og medan ein dommar såg på saka, vart han plassert hjå Georg Daumer, ein filosof og poet som oppdro Kaspar, men som også skreiv fleire bøker om han og med det gjorde han kjent for eit større publikum.

I 1829, medan han budde hjå Daumer, fann dei han ein dag blødande. Kaspar sa at medan han var på do hadde han blitt angrepe og truga på livet av ein mann. Han sa at han kjente att stemmen til mannen som stemma til den mannen som hadde henta han ut frå det mørke holet han hadde budd i tidlegare. Dei som fann Kaspar denne dagen, kunne ikkje unngå å sjå at blodsporet gjekk på kryss og tvers i huset, og ikkje på nokon måte gjekk der det ville vere naturleg å springe. Rett før dette skjedde hadde Kaspar og Daumer hatt ein heftig krangel etter at Daumer skulda Kaspar for å vere ein løgnhals.

Kaspar Hauser var allereie ein snakkis i byen og dette åtaket gav næring til rykta som gjekk om at han eigentleg var ein arving frå hertugfamilien i storhertugdømet Baden.

Portrett frå rundt då han skaut seg i
hovudet.
Biletet er henta frå Commons.
Åtaket og det at det kanskje var ein adeleg mann ein hadde å gjere med her, gjorde at dei flytta han til eit anna hus for at han skulle vere sikrare. Det gjekk omtrent eit halvt år etter den forrige episoden, før Kaspar ein dag vart skoten i hovudet. Denne gongen hadde han klatra på ein stol for å få tak i nokre bøker. Oppe på stolen hadde han mista balansen og reve med seg ein ladd pistol då han datt. Pistolen gjekk av og skaut han i hovudet. Det gjekk bra med Kaspar, men pussig nok hadde han rett før hatt ein krangel med den nye husverten sin som meinte han var ein løgnhals.

Kaspar byrja no å slite litt med dei tyske rikfolka, men den engelske Lord Stanhope var interessert i den mystiske guten og tok han til seg i 1831. Han brukte mykje pengar på å finne ut kven Kaspar eigentleg var, noko som skulle vise seg å vere ein dårleg ide. Allereie i 1832 kutta han alle band til Kaspar og kalla han ein svindel, men som ein god gentlemann gav han han framleis ein god slump pengar. Stanhope gjekk så langt som å skrive ei bok om Kaspar Hauser der han ville vise verda for ein svindlar dette var. Dette fekk sjølvsagt ikkje rykta om adlege band til å stilne, for det kunne jo like godt vere Stanhope som ville lure dei alle.

Lappen Kaspar hadde med seg.
Biletet er henta frå Commons.
Kaspar budde no hos ein streng skulemann, Johann Georg Meyer, noko han hadde gjort sidan 1831. Meyer likte ikkje Kaspar, mellom anna på grunn av dei mange løgnene. Utover i 1832 og -33 vart det stadig dårlegare stemning mellom dei, og 9. desember 1833 har dei ein skikkeleg krangel om Stanhope som skulle vitje Meyer. Fem dagar seinare sjanglar plutseleg Kaspar heim med eit djupt knivstikk i brystet. Med seg har han ein lapp der angriparen identifiserar seg. Kaspar døyr tre dagar seinare av skaden.

Ein mistenkte snart at Kaspar hadde stukke seg sjølv, men rett og slett stukke djupare enn han hadde tenkt og dermed drap han seg. Lappen var mest sannsynleg skreve av han. Den inneheldt to skrivefeil som var typiske for han og var bretta slik han brukte å brette lappar. Kanskje ville han freiste å få sympati og merksemd slik at Stanhope likevel ville hjelpe han meir? På gravsteinen hans står det «Her ligger Kaspar Hauser, sin tids gåte. Fødselen var ukjent, døden mystisk».

Eg har vore inne på ryktet som gjekk om at Kaspar eigentleg var ein prins. Det ein hevda, var at han eigentleg hadde arveretten til hertugdømmet Baden. Det vart født ein prins i denne familien i 1812, men han døde berre ein månad gamal. Ryktet hevda at det slett ikkje var prinsen som hadde død, men ein annan baby som hadde blitt bytta med prinsen. Kvifor dette skulle ha skjedd er det litt vanskelegare å skjøne. Uansett; hadde dette vore riktig hadde Kaspar Hauser vore sonen til adoptivdattera til Napoleon, altså Napoleon sitt barnebarn. Dette var sjølvsagt eksplosive greier, og han vart forsøkt drept fleire gongar før ein til slutt klarte å drepe han før nokon avslørte kven han var og skapte krøll i dei europeiske arverekkjene.

Var Kaspar Hauser ein prins? Nei. Han hadde nok heller ikkje budd i eit svart hol til han var seksten heller. Det skal vere medisinsk umogeleg å leve slik han skal ha gjort og verte så normal som han vart. Historia skurrar jo også ganske kraftig allereie når han kan skrive etter å ha budd seksten år i isolasjon, kun avbrote av eit intensivt skrivekurs. Det er heller ikkje eigna til å vekkje tillit at begge lappane han hadde på seg då han kom hadde same handskrift, sjølv om den eine skulle vere frå mora. Men ein kan sjølvsagt ikkje slå seg enkelt til ro med slike svar, så ein har også sett på Kaspar sitt DNA. Dette viser seg å ikkje stemme med ho som skulle ha vore mora hans om teorien var riktig. Så prins var han ikkje. Heller ikkje hadde han budd seksten år i eit hol.

Men kven var denne løgnaren som dukka opp på gata i Nürnberg? Det er mysteriet. Noko må det jo ha vore med han, sidan han klarte å få med seg folk på alt dette. Om ikkje anna må han ha vore ein god løgnar.

torsdag 28. april 2011

Kven terroriserer eigentleg?

VG og Vårt Land (og sikkert andre) melder i dag at islamistar står bak ein minimal del av terroråtaka mot Europa. Det viser seg at islamistar stod bak kun "fem av 940 planlagte, gjennomførte eller avslørte terroraksjonene i Europa de siste tre årene". Samstundes er media fulle av snakk om den enorme terrortrusselen vi lever med. Det kan kvar dag verke som om det berre er flaks om vi ikkje vert sprengde i filler før dagen er over.

Eg har tidlegare vore inne på dette her på bloggen, og peika då på ein del seperatistgrupper som har stått bak enorme mengder terror i Europa dei siste tiåra. Det viser seg at desse gruppene, eller liknande grupper, framleis utfører ein del slike aksjonar, men desse er stort sett langt frå oss. Det er stort sett dei områda som vart ramma på 70-talet som framleis vert ramma. Hellas, Spania, Frankrike osb. Likevel les vi nesten dagleg i avisene våre om trusselen som heng over oss.

Sjølv om det har vore åtak i Danmark og Sverige, er hovudregelen at terroråtak ikkje skjer i Norden.

Ein kan spørje seg kven som verkeleg terroriserer? Er det terroristane eller er det styresmaktene og media som konstruerar eit bilete av eit enormt trugsmål som faktisk ikkje er her? Målet med terror er jo å skremme folk til å gjere slik ein ynskjer. Det kan sjølvsagt skje eit åtak også i Norge, men det tjener ikkje til noko som helst å gå og vente på dette medan ein bit neglar i frykt kvar gong ein ser ein muslim. Samstundes som ein konstruerer dette falske biletet av ein terrorsituasjon som ikkje eksisterar, opplever vi at ein innfører lover under påskot av å kjempe mot dette trugsmålet. Kan ein sjå for seg Datalagringsdirektivet utan eit tiår med intensiv fryktpropaganda på førehand? Neppe.

Europeiske muslimar er ikkje eit trugsmål mot oss! Europeiske muslimar er våre medmenneske, våre medborgarar. Å konstruere eit fiendebilete der ein ser med frykt på ei heil gruppe i samfunnet vårt er ekstremt destruktivt både for dei personane som vert utsett for dette og for samfunnet som heilskap.

Franklin D. Roosevelt sa det presist: "the only thing we have to fear is fear itself".

søndag 24. april 2011

Johannes Chrysostomos preiker på påskedag

Ikonet er henta frå
Wikimedia Commons.
På denne påskedagen vil eg late Johannes Chrysostomos tale både på St. Isidors minne og på preikestolen. Hans påskepreike er eit fantastisk stykke retorikk som verkeleg får fram den sigeren påskedag er.  


Du som har ein trufast kjærleik til Gud:
Gled deg i denne vakre festen for ljoset!
Du som er ein takksam tenar:
Gled deg, og kom inn i Guds glede!

Er det nokon som er lei av å faste?
Kom no og krev di løn!
Om nokon har jobba frå den første timen,
no har tida komen for å få det du har fortent;
Om nokon kom etter den tredje time,
lat han med takksemd vere med i festen!
Og han som kom etter den sjette timen,
Lat det ikkje vere nokon tvil: Han skal ikkje miste noko.
Om nokon nøla til den niande timen,
lat han ikkje nøle meir, men lat han også kome.
Og han som ikkje kom før i den ellevte timen,
lat han ikkje vere redd fordi han var sein.

For Herren er takksam og tek imot også den siste som den første.
Han gjev til han som kom i den ellevte timen,
slik som han også gjev til han som har arbeidd frå starten.
Til den eine gjev han, og til den andre skjenkar han.
Han er takksam for arbeidet og set pris på slitet.
Han ærer handlinga og rosar haldninga.

Lat oss alle gå inn i Guds glede!
Den første og den siste,
De skal begge få dykkar løn.
Rik og fattig, gled dykk saman!
Du flittige og du late, feir denne dagen!

Du som har overheldt fasta, og du som ikkje har gjort det;
Gled dykk no, for bordet er rikt dekka.
Spis som kongar frå det: Kalven er den feitaste.
Lat ingen gå herifrå svoltne. Alle skal få del i trua sitt beger.
Gled dykk i rikdomen av Hans godskap!

Lat ingen sørge over sin fattigdom,
for det universelle kongedømet har vorte openberra
Lat ingen sørge fordi han har falle igjen og igjen:
For tilgjeving har stått opp frå grava-
Lat ingen frykte døden, for døden til vår frelsar har sett oss fri.
Han har øydelagt han, med å utstå han.
Han øydela dødsriket då han steig ned i det.
Han førte det ut i kaos i det det smakte hans kjøt.
Jesaja profeterte dette då han sa
«Dødsriket der nede kjem i uro når det skal ta imot deg.»
Helvete var i opprør fordi det vart utsletta.
Det var i opprør fordi det er håna.
Det var i opprør fordi det er øydelagt.
Det er i opprør fordi det har vorte gjort til inkje.
Det er i opprør fordi det er i fangenskap.
Helvete tok ein kropp, og oppdaga Gud.
Det tok jorda og støytte på Himmelen.
Det tok det det såg, og vart overvelda av det det ikkje såg.
Død, kvar er din brodd?
Død, kvar er din siger?

Kristus har stått opp, og du død, er utsletta!
Kristus har stått opp, og dei vonde kreftene har vorte støytt ned!
Kristus har stått opp, og englane gler seg!
Kristus har stått opp, og livet er sett fri!
Kristus har stått opp, og gravene er tømte for sine døde;
for Kristi oppstode frå dei døde,
har vorte fyrstegrøda av dei som har falle i søvn.

Han tilhøyrer æra og makta i all æve. Amen!
Den norske teksten er mi omsetjing av preika på engelsk slik ein finn han på Medieval Sourcebook. Der er det visse avgrensingar for gjennbruk. Om nokon vil bruke min omsetjing, kan ein fritt gjere det så lenge ein held seg innanfor dei krava ein finn hjå MS.

fredag 22. april 2011

Stabat Mater

Mitt barn mitt barn
mitt legemes tunge frukt
Fjernt og med dempet røst
til døden ensom levde min Jesus
Men firmamentet speiles i det blod
som flyter over korsets grove hud
Som i Genesis skal dine ord føde
galakser av kjærlighet i Adams ætt

Mitt barn mitt barn
min navnløse smertes
sønn med det navnløse Høye
Hvem løfter byrden av mine skuldre
Mine tårer er avlet av en dypere sorg
enn den jeg bærer min sorg er et ekko
av den kjærlighet som bærer denne verden
Nå roper Han barna hjem vår forlatte Far
Arnold Eidslott
Teikning av Fra Bartolomeo.
Henta frå Wikimedia Commons.

Diktet er henta frå Poetens evangelium, Jesu liv i norske dikt, redigert av Håvard Rem.

torsdag 21. april 2011

Håpets bord

Det er skjærtorsdag. Vi markerer dagen med biletet Hapag ng pag-asa, Håpets bord, av den filipinske kunstnaren Joey Velasco. Biletet frå 2005 rysta Filipinane då det vart kjent for folk. Det minna folk på at også gateborna var menneske. Jesus kom også for dei. Vi treng også denne påminninga. Også for våre utstøytte er nattverden håpets måltid. Jesus kom også for dei vi ikkje vil ha noko å gjere med. Han kom også for dei vi går forbi på gata og latar som vi ikkje ser.
Hapag ng pag-asa
Henta frå kunstnaren si heimeside.

lørdag 16. april 2011

Fin fyr, men ein norsk helgen?

Magnus Orknøyjarl.
Biletet er tatt av E.Dreier
og ligg på Commons.
Norge renn ikkje akkurat over av folk som vert rekna som heilage av Kyrkja. Dei vi har er mellom anna ein krigarkonge i Olav den heilage, ei prinsesse som nok ikkje er ein historisk person i Sunniva og ein munk vi ikkje kjenner så godt i Torfinn. Så har vi Hans Nielsen Hauge som vert minna av Evangelical Lutheran Church of America og Missourisynoden i USA. Vi har også nokre folk som Petter Dass, Eivind Berggrav og Lars Olsen Skrefsrud som nok kunne ha hatt eit meir verdsett minne om i stod i ein annan tradisjon.

Kanskje det er derfor vi reknar Magnus Orknøyjarl, som har minnedag i dag, for ein norsk helgen? Resten av verda ser visst på han som skotsk, sjølv om han rett nok levde i ei tid då Orknøyane var norsk.

Magnus vart født på Orknøyane i 1076 som son av ein norsk høvding. Ettersom han vart eldre hamna han i konflikt med søskenbarnet sitt, Håkon, som vart sendt til Norge for å skape ro på Orknøyane. I Norge knytta han band til Olav Kyrre og Magnus III Berrføtt, og fekk med seg kongen på å vinne kontroll over Orknøyane. Magnus Berføtt tok øyane og sette sonen sin som herskar der, medan vår Magnus måtte bli med søskenbarnet Håkon og bror sin i fylgjet til kongen.

Det vert sagt at han kjempa som dei andre i kampane på Orknøyane, men då han måtte dra på viking til Skotland og England saman med kongen ville han ikkje kjempe på same måte. Han sa at han ikkje ville slåst mot nokon han ikkje hadde noko uavklara med, og medan dei andre gjekk i land, heldt han seg i skipet og bad tidebøn.

Dette gjorde sjølvsagt at kongen og Magnus ikkje gjekk så godt saman, og ved høve hoppa Magnus over borde og søkte tilflukt hjå den skotske kongen Edgar den fredlege. Hjå Edgar vart den religøse krisa han hadde vore i på båten djupare, og han fekk også selskap som kunne lede han i kristentru. Han angra djupt på det han hadde gjort i ungdomen, og levde eit svært fromt liv.

I Skotland gifta han seg også. Ho han gifta seg med veit vi lite om, men ho heitte Ingarth. Desse to lova at dei skulle leve saman som bror og søster, og levde kyske heile livet.

I 1103 døydde Magnus Barfot, og sonen hans som då var på Orknøyane, drog til Norge for å verte konge. Håkon vart då gjort til jarl over heile Orknøyane. Magnus drog då frå Skotland til Orknøyane og gjorde krav på å verte jarl for halvparten av øyane. Dette var populært mellom bøndene der, og Håkon såg etterkvart at han måtte gje Magnus det han krevde, under visse krav.

Det var no fred på Orknøyane ei stund. Magnus styrte etter ein målestokk han fann i trua si. Han var hard mot valdsmenn og liknande, og freista å vere god og hjelpsam mot dei fattige. Samstundes var han hard mot stormennene som framleis drog på viking, noko som gav han uvenner mellom dei. Desse stormennene stilte seg på side med Håkon, og tilhøva vart etterkvart umogelege for Magnus.

Skjærtorsdag 1115 var det avtalt at dei to jarlane skulle møtast for å kome fram til ein avtale for å skape ro på øyane. Magnus møtte opp med så mange folk som avtalt, medan Håkon hadde med seg ein stor hær. Magnus gav beskjed om at dei ikkjeskulle kjempe, og mesteparten av hans menn drog frå staden. Så gjekk han inn i ei kyrkje, der han våka og bad heile natta, før han feira messe på langfredag. Han gjekk så ut for å møte Håkon.

Magnuskatedralen i Kirkwall.
Biletet er frå Commons.
I møte med Håkon tilbaud Magnus seg å dra på pilegrimsferd for å gjere bot for syndene til begge to. Dette vart avslått, og heller ikkje eit tilbod om å dra til Skotland fall i god jord. Magnus foreslo då at Håkon skulle kappe av han kroppsdelar eller blinde han, slik at han i alle fall ikkje fekk liv på samvetet. Håkon godtok dette, medan ein av mennene hans tok til orde og sa at ein av dei måtte døy for å skape ro på øyane. Håkon beordra då at Magnus skulle drepast. Magnus knela ned og bad for dei som drap han og velsigna sverdet som skulle halshogge han. 16. april 1115 vart han drepen med to hogg.

Liket hans vart gravlagt i Kristkirken i Birsay, og det vart snart eit pilegrimsmål. Han fekk raskt ry som ein heilag mann, og vart den viktigaste helgenen nord på dei britiske øyane. Liket hans må ha blitt flytta litt rundt, og ligg no mest sansynleg i Magnuskatedralen i Kirkwall. Han vart offisielt heilagkåra i 1898, og er med det den eianste norske helgenen som har blitt offisielt heilagkåra. Om han då er norsk...

Slik ser etiketten ut.
Biletet er henta frå destilleriet.
Eg vil kome med ein sjeldan produktomtale på St. Isidors minne. Bloggen er ikkje i ferd med å verte rosa, og eg får nok ikkje sponsorpengar for dette, men det er verdt å nemne at St. Magnus ligg framme i dagens kultur også. I september 2010 kom Orknøyane sitt eige destilleri, Highland Park, med whiskyen Saint Magnus, ein svindyr affære med heile 55% alkohol. Whiskyen har godgjort seg i 12 år, og dei har berre tappa rundt 12000 flasker av dette. Eg skulle gjerne slått kloa i ei av desse flaskene, for kva er betre enn å nyte det som mest sannsynleg er ein nydeleg whisky og samstundes minnast ein mann som heller ville døy enn å drepe andre. Highland Park skriv dette om Magnus: «Saint Magnus was a man of peace, contemplation and scholarly learning; spiritual intensity is more a feature of Magnus’ Saga than violence and cruelty. It is a life story of Christian devotion and forgiveness, qualities that are not usually associated with the Vikings, and includes the healing of the sick, crippled, blind and insane.»

Ein kan sjølvsagt sjå på namnet og hyllesten til Magnus som eit pr-triks frå destilleriet, men det fins verre ting ein kan minne oss om for å selgje eit produkt enn «Christian devotion and forgiveness».

mandag 11. april 2011

"...står om enn tårnene faller..."

Østre Porsgrunn kirke brann ned til grunnen i natt, noko som på mange måtar er trist, særleg om det skulle vise seg at brannen var påsett. Frå det eg les på kunsthistorie.com kan det sjå ut som om dette var ei flott kyrkje med historisk verdi, og med dette eit tap for Kyrkja og samfunnet.

Biletet av kyrkja er henta frå kunsthistorie.com.
Brukast på dei vilkåra ein finn der.
Samstundes er det verdt å minne om kva Kyrkja verkeleg er. Confessio Augustana seier at kyrkja er samfunnet av dei truande. Kyrkja er ikkje bygga vi samlast i, og er heller ikkje avhengige av desse bygga. Kyrkjebygga våre er i utgangspunktet ikkje meir enn hjelpemiddel i Kyrkja sitt oppdrag: Å forkynne Evangeliet og forvalte sakramenta. At enkelte bygg har historisk og kulturell verdi i tillegg til dette er ein bonus, og noko vi kan vere takksame for, men vi må ikkje gløyme at Kyrkja ikkje er avhengig av bygga. Bygga er derimot avhengige av Kyrkja for å ha sin fulle funksjon.

Det som har skjedd i Porsgrunn er trist for kyrkjelyden som har mista samlingslokalet sitt. Eg vonar dei har gode alternativ, slik at dette ikkje vil ramme kyrkjelydsarbeidet. Det ser også ut som at det er trist fordi samfunnet har mista eit kulturhistorisk minnesmerke.

For Kyrkja er derimot ikkje ein slik brann nokon krise. Tvert om ser ein ofte at kyrkjelyder som har opplevd slike brannar blomstrar opp i ettertid, og dei får ofte meir tenelege kyrkjebygg. Og for Kyrkja og det oppdraget vi skal oppføre, er det ikkje slik at eit gamalt bygg er betre eller meir heilag enn eit nytt. Alle bygg som vart brukt som forsamlingslokale for Kyrkja tener den same nytta, som ein stad der Evangeliet vert forkynna og sakramenta forvalta.

Eg vil avslutte med å sitere nokre vers frå ein salme av N.F.S. Gruntvig.

Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller;
tårnene mange sank i grus, klokker enn kimer og kaller,
kaller på gammel og på ung, mest dog på sjelen trett og tung,
syk for den evige hvile.

[...]

Vi er Guds hus og kirke nu, bygget av levende stener,
som under kors med ærlig hu troen og dåpen forener.
Var vi på jord ei mer enn to, bygge dog ville han og bo
hos oss med hele sin nåde.

Samles vi kan da med vår drott selv i den laveste hytte,
finne med Peter der er godt, tok ei all verden i bytte.
Ånd er og liv i hver en stund ordet til oss av Jesu munn,
ordet kun helliger huset.

Dog våre hus med kirkenavn bygget til Frelserens ære,
der han de små tar mildt i favn, er oss som hjemmet så kjære.
Herlige ting er i dem sagt, der har han gjort med oss sin pakt,
han som oss himmelrik sjenker!

lørdag 9. april 2011

Phil Ochs

I dag er det dødsdagen til Phil Ochs, ein av dei store visesongarane. Phil Ochs skreiv protestsongar rundt tematikk som Vietnamkrigen, borgarrettar og arbeidarar sine rettar. Tekstane hans var humoristiske, skarpe, treffsikre og ofte fantastisk gode.

Han gav ut nokre platar, men som så mange andre musikarar var den mentale helsa skral og vart verre og verre utover på 70-talet, før han tok sitt eige liv i 1976.

Phil Ochs og Bob Dylan var vener i byrjinga på deira respektive karrierer. Dei hadde ein form for venskapeleg rivalisering, der det vart sagt at Ochs på dette stadiet var betre enn Dylan. Tenk korleis karriera til Ochs kunne ha gått om han hadde vore frisk!

I just can't keep up with Phil. And he just keeps getting better and better and better.
Bob Dylan, 1965
Eg har tidelegare skreve ein bloggpost om ein av dei andre viseheltane mine, Victor Jara, der eg siterte ei skildring av korleis Ochs og Jara traff kvarandre i Chile og song saman. Av alle songstunder i historia er dette ei av dei eg helst skulle ha vore på!

For å minnast denne fabelaktige musikaren og poeten legg eg ved ein video som viser Phil Ochs spele det som på mange måtar vart signatursongen hans, I Ain't Marching Anymore, ein protestsong som handlar om den amerikanske trangen til å gå til krig rundt omkring i verda. Den vart skreve i samband med Vietnamkrigen, men fortel historia om korleis ein ung soldat må marsjere ut for å døy i ei rekkje med krigar amerikanerane har vore med i sidan nasjonen vart grunna. Songen er flott, teksten er flott, moralen er flott, men dei historiske sanningane er fæle.

[I Ain't Marching Anymore] borders between pacifism and treason, combining the best qualities of both.
Phil Ochs skildrar teksten i plateomslaget.


torsdag 7. april 2011

Carissimi og ansvar for kyrkja

Carissimi sin logo.
Henta frå http://www.carissimi.nu/
Eg er ikkje ein av dei prestane som har skreve under på Carissimi-oppropet, og eg er heller ikkje einig med dei. Det er fleire ting eg reagerer på og er ueinig i i denne samanhengen, men det er særleg ein ting som slår meg, og det er det eg oppfattar som manglande ansvarskjensle for kyrkja.

Kyrkja har gjort eit vedtak om at vi har to syn i den saka Carissimi reagerer på, nemleg homofilisaka. Dette lever eg godt med, men Carissimi meiner det ikkje er haldbart at dette ikkje får andre konsekvensar enn det vi ser no. Dei vil ha mogelegheit for tilsyn frå biskopar som står for det same som dei sjølve. Dette er eit legitimt synspunkt som dei må få fremje, og sjølvsagt eit synspunkt vi har rom for i kyrkja. Konsekvensen ein dreg frå dette går derimot til ein konsekvens som eg stussar på. Ein har truga med og trugar framleis med å gå ut av Den norske kyrkje på grunn av dette, og Vårt Land melder at ti prestar allereie har gjort dette, sjølv om nokre av desse avgangane nok skuldast pensjonsalder og liknande.

Meiner ein noko er feil, ja grunnleggjande feil, i den læra Kyrkja forfektar, skal ein sjølvsagt kjempe mot dette slik Carissimi-prestane gjer, men eg kan ikkje forstå anna enn at den beste plassen å kjempe frå er frå innsida av kyrkja.

Gjer som Maximus, Carissimi!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Ein av mine store heltar er Maximus bekjennaren. Han levde på 600-talet og var sentral i den såkalla monoteletistiske kontroversen der sterke kreftar i kyrkja, mellom anna patriarken av Konstantinopel fornekta delar av Jesu menneskelege natur, og hevda at han berre hadde guddommeleg vilje. Altså ei grunnleggjande vranglære som treff midt i kristologien. Maximus gjekk ikkje ut av Kyrkja. Han vart verande og kjempa mot denne læra med nebb og klør, sjølv om det kosta han både kroppsdelar og fridomen.

Hadde Maximus gjort som Carissimi-prestane trugar med, hadde det kanskje ikkje vore nokon att som kjempa for ein ortodoks kristologi!

Eg er som sagt ikkje einig med Carissimi-prestane, men eg vil på det sterkaste oppmode dei til å bli i Den norske kyrkje. Meiner dei at vi gjer noko feil, bør dei verte verande i vårt fellesskap og kjempe for si sak mellom oss. Frå utsida har dei inga gjennomslagskraft. Ein skal tenkje svært mørkt om homofilisaka om ein meiner det er verre vranglære enn alle mogelege andre vranglærer Kyrkja har vore plaga med og overvunne. Hadde dei rett-truande tatt halen mellom beina og gått, kunne Kyrkja si lære sett svært annleis ut i dag.

Mitt hjartesukk til Carissimi er: Bli blant oss og gjer så godt de kan for å overtyde oss andre om at de har rett! Hugs at carissimi tyder elskede. Det beste de kan gjere for dykkar elska Kyrkje er å stå i fellesskapen.

mandag 4. april 2011

St. Isidors minne minnast St. Isidor


Isidor av Sevilla i bispesetet.
Biletet henta frå Wikimedia Commons.
 I dag, 4.april, er det minnedag for Isidor av Sevilla, mannen denne bloggen har tatt namnet sitt frå. Fleire har spurt meg om kven denne Isidor var, og eg vil nytte høvet til å seie litt om dette i dag.

Isidor av Sevilla var biskop i Sevilla i over tre tiår i tidleg middelalder (rundt år 600). Han jobba for å samle kunnskap, og står bak det enorme encyklopediet Etymologiæ, der han freista å samle all kunnskap han kunne for ettertida. I dette verket, som var på 20 bind, samla han mange skrifter frå dei gamle filosofane som Aristoteles og andre. Gjennom fleire hundre år var det kun gjennom Isidor sitt arbeid at det kristne Europa hadde kjennskap til desse skriftene. Han skreiv også andre vikige verk, til dømes ei historie for den iberiske halvøya, biografiar for personar som vert nemnde i Bibelen, ei synonymordbok og ei astronomisk avhandling.


Ei side frå Etymologiæ med eit typisk
T-O-kart som viser den bebudde verda.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
 Han oppretta også eit institutt og bibliotek i Sevilla så både presteskap og andre skulle få utdanning. Dette leia han sjølv, og han fekk også gjennomslag for at alle bispedøme skulle ha slike institusjonar. I desse skulane, som vart forløparar for dei seinare universiteta innførte han også faga medisin, jus, hebraisk og gresk i tillegg til dei vanlegare allmenne faga og latin.

Som biskop og teolog var han også viktig. Han jobba hardt for å overvinne arianismen som var på frammarsj i Spania, og han var ein viktig person i å gje Filioque-tillegget i Nikenum aksept i vestkyrkja. Han gjorde også ferdig den såkalla mozarabiske liturgien, ein liturgi som i dag berre vert brukt i Toledo, han samla tidlegare kyrkjelege lover og vedak i samlinga Collectio Isidoriana og skreiv ei handbok i liturgi og kyrkjeleg embedslære.

Også for Isidor var dei fire elementa
sentrale i vitskapen.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
I 1598 vart Isidor kanonisert og i 1722 utnemd til kyrkjelærar, ei ære kun 33 personar har fått. Han har i seinare tid vorte fremja som skytshelgen for internett, noko han i praksis nok også kan seiast å ha vorte. Han har også gjeve namn til denne bloggen. Eg er ikkje i stand til å heidre minnet etter denne mannen på ein tilstrekkeleg måte med mine skriblerier, men eg kan i det minste minne folk om ei av dei verkelege kjempene i kyrkjehistoria.

fredag 1. april 2011

My Father My King

Coverbiletet er henta frå
engelsk Wikipedia.

Eg står snart klar på Rockefeller for å få med meg kongane av post-rock, Mogwai. Det første eg høyrde av dette bandet var det majestetiske musikkstykket «My Father My King». Dette stykket introduserte meg for bandet og musikksjangeren, og er derfor eit viktig stykke musikk for meg.

Tekstmessig høver det også godt inn på St. Isidors minne. Det vil seie; det er ein instrumental, men melodiane i stykket byggjer på to melodiar som tradisjonelt vert brukte til den jødiske bøna Avinu Malkeinu, som byrjar med orda som på engelsk vert «My Father, My King». 

Bøna er i tysk språkdrakt slik når den vert brukt til Jom kippúr.
Unser Vater, unser König, wir haben gesündigt vor dir.
Unser Vater, unser König, es gibt für uns keinen König außer dir.
Unser Vater, unser König, tue mit uns um deines Namens willen.
Unser Vater, unser König, mache nichtig über uns verhängte schwere Entscheide.
Unser Vater, unser König, mache nichtig die Gedanken unsrer Hasser.
Unser Vater, unser König, vereitle den Rat unsrer Feinde.
Unser Vater, unser König, sende Heilung den Kranken deines Volkes.
Unser Vater, unser König, halte zurück Plage von deinem Erbe.
Unser Vater, unser König, halte fern Pest und Schwert und den Verderber von den Söhnen deines Bundes.
Unser Vater, unser König, gedenke! Denn Staub sind wir.
Unser Vater, unser König, tue es um deinetwillen und nicht um unsertwillen.
Unser Vater, unser König, zerreiße unser Urteil.
Unser Vater, unser König, merze aus das Dokument unserer Verschuldungen.
Unser Vater, unser König, verzeih und vergib unsere Verfehlungen.
Unser Vater, unser König, wisch weg und beseitige unsere Verschuldungen von deinen Augen.
Unser Vater, unser König, bring uns zurück in völliger Buße vor dich.
Unser Vater, unser König, schreib uns ins Buch des Gedenkens.
Unser Vater, unser König, schreib uns ins Buch der Verdienste.
Unser Vater, unser König, schreib uns ins Buch der Ernährung und Versorgung.
Unser Vater, unser König, laß sprossen für uns Heil in Bälde.
Unser Vater, unser König, nimm an in Erbarmen unser Gebet
Unser Vater, unser König, tue es um deinetwillen und nicht um unsertwillen.
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen Namens willen.
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen Erbarmens willen und erbarme dich über uns.
Unser Vater, unser König, wir haben keinen König außer dir.
Unser Vater, unser König, um deinetwillen erbarme dich über uns.
Unser Vater, unser König, nimm in Barmherzigkeit und Wohlgefallen unser Gebet an.
Unser Vater, unser König, o laß uns nicht leer vor Dir ausgehen!
Unser Vater, unser König, tue es um deretwillen, die für Deinen heiligen Namen erschlagen wurden.
Unser Vater, unser König, tue es um deretwillen, die für Deine Einheit hingeschlachtet wurden.
Unser Vater, unser König, tue es um deretwillen, die für die Heiligung deines Namens den Tod durch Feuer und Wasser erlitten.
Unser Vater, unser König, ahnde vor unserer Augen das Blut deiner Knechte.
Unser Vater, unser König, tue es deinetwillen, wenn nicht unsertwillen.
Unser Vater, unser König, tue es deinetwillen und rette uns!
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen Namens willen!
Unser Vater, unser König, tue es um deines großen, mächtigen und furchtbaren Namens willen, der über uns genannt wird!
Unser Vater, unser König, aus Gnade erhöre uns, denn wir haben keine verdienstvollen Handlungen, erweise und Milde und Huld und hilf uns!

Henta frå talmud.de
Mogwai avsluttar ofte konsertane sine med denne. Eg kan ikkje hugse om dei gjorde det då eg såg dei på Øya-festivalen for nokre år sidan, men eg vonar dei gjer det i morgon. Fram til då får dette opptaket frå La Route du Rock Festival gjere nytta. 


Skru opp lyden og nyt!