tirsdag 29. mars 2011

Ubuntu

Eg har lenge vore fasinert av den afrikanske filosofien ubuntu, utan heilt å få grepet på filosofien. Ein av dei som har snakka mykje om dette er Desmond Tutu, og for ei stund sidan las eg boka Reconciliation. The Ubuntu Theology of Desmond Tutu for å forstå tankane, utan heilt å få grepet på dei då heller, trur eg. Det eg ikkje heilt klarar å gripe er: Er det verkeleg så enkelt? Er det ikkje noko meir? Noko som skal forvirre meg?

Engelsk Wikipedia har ein artikkel om ubuntu, og der kjem dei med dette sitatet som vert tillagt Tutu, utan at ein viser kvar det kjem frå. Uansett kven som har sagt det er det flotte ord ein verkeleg bør ta til seg.
One of the sayings in our country is Ubuntu - the essence of being human. Ubuntu speaks particularly about the fact that you can't exist as a human being in isolation. It speaks about our interconnectedness. You can't be human all by yourself, and when you have this quality - Ubuntu - you are known for your generosity.
We think of ourselves far too frequently as just individuals, separated from one another, whereas you are connected and what you do affects the whole world. When you do well, it spreads out; it is for the whole of humanity.
 

torsdag 24. mars 2011

Aktuelt frå Óscar Romero


Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
 Óscar Romero vart drepen i 1980. Trass i at dette er over 30 år sida, er orda hans framleis aktuelle.
Peace is not the product of terror or fear.
Peace is not the silence of cemeteries.
Peace is not the silent result of violent repression.
Peace is the generous, tranquil contribution of all to the good of all.
Peace is dynamism. Peace is generosity.
It is right and it is duty.
Henta frå Global Network for Peace and Tolerance

mandag 21. mars 2011

Kroniske problem.

Pave Pius VII. Her utan tiara av pappmasjé.
Biletet ligg på Commons.
Eg kom over ei opplysning i ein artikkel på Wikipedia i dag som er så god at eg nesten vert i tvil om kan vere riktig. Alt eg har klart å leite meg fram til, styrkar truverdet til artikkelen, men samtundes verkar dette nesten for godt til å vere sant. Kan dette verkeleg stemme? Kan ein slik juvel av ein historisk kuriositet vere heilt ukjent?

Artikkelen seier at 21. mars 1800 vart pave Pius VII krona til pave i ein kriseprega seremoni i Venezia. Pius VII tok over ei kyrkje i krise. Roma hadde blitt tatt av Napoleon sine styrker, og Vatikanet var plyndra. Konklavet som skulle velge paven vart derfor halde i Venezia. (Norsk Wikipedia har ein artikkel om dette konklavet som er heidra som ein "Utmerket artikkel") På konklavet vart Giorgio Barnaba Luigi Chiaramonti valgt til pave og tok pavenamnet Pius VII (også han har ein "Utmerket artikkel" på Wikipedia.) , og det er her den fantastiske historiske kuriositeten kjem: På grunn av Napoleon sine plyndringar hadde ein ikkje ein tiara/krone til paven. Ein laga derfor ein tiara av pappmasjé som vart brukt under kroningsseremonien.

Der satt altså Vicarius Iesu Christi med ei krone av knust papir!

Krona skal seinare ha blitt brukt av fleire pavar nesten fram til 1880, særleg på grunn av at den ikkje var så tung som dei som var lagd av sølv og andre fine material.

Napoléon kroner Joséphinetil si dronning. Bak Naopleon sit
det som mest sansynleg er ein ganske så sint pave Pius VII.
Maleriet av Jacques-Louis David ligg på Commons
Kroneproblema for Pius VII var ikkje slutt. Det er han som vert hugsa som paven som kom til Roma for å krone Napoléon Bonaparte i 1804. Pius VII var ikkje på nokon som helst måte ute på eit frivillig oppdrag, og skal før han drog til Paris ha skreve eit dokument som erklærte at han abdiserte om han vart teken til fange av Napoleon og ikkje kom att. Det var altså ille nok berre å vere der. Så for å gjere ting endå verre, skal Napoleon ha tatt krona frå paven og krona seg sjølv medan paven sat der som ein hjelpelaus tilskodar til det heile. For andre gong på nokre få år var altså Pius VII sentral i ein merkverdig kroningsseremoni.
Her må Napoleon ha tenkt at han gjekk for langt, for Pius VII fekk ein flott tiara i gåve frå Napoleon, for å betre på stemninga, utan at det hjalp nemneverdig. Ting eskalerte og paven ekskommuniserte etterkvart Napoleon som svarte med å arrestere paven og halde han fanga i fem år fram til han sjølv gjekk på ein kraftig blunder i 1814.

Pius VII fortsatte sitt virke, og ser ut til å ha gjort ein god jobb. Kanskje er det derfor vi ikkje hugsar han som pappmasjépaven? Uansett er ein pavekroning med tiara av pappmasjé ein for god historie til å gå i gløymeboka!

lørdag 19. mars 2011

Hurra for Ingrid Bjerkås!


Norsk kvinnelig teologforening arrangerer markeringar både
I Hamar og Nord-Hålogaland bispedømmer.
I dag er det 50 år sidan Ingrid Bjerkås vart ordinert til prest i Den norske kyrkje av Kristian Schjelderup. Bjerkås vart med det den første av det som har vorte ei rekkje med kvinner  i presteteneste.

Ta gjerne ein titt på NRK sin "Pioner i prestekjole", eller filmklippa som ligg her, i anledning dagen

Dagen vert sjølsagt markert i kyrkja, og også eg vil stille meg i rekkja av gratulantar og ynskjer heile Kyrkja til lukke med dagen!

Ingrid Bjerkås i samtale med Kristian Schelderup
etter ordinasjonen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.


torsdag 17. mars 2011

Josef av Arimatea

Josef av Arimatea måla av Pietro Perugino.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.


17. mars vert av dei fleste som forbind dagar med personar frå kyrkjehistoria, forbunde med St. Patrick, men dagen i dag er også minnedagen til ein av dei mest interessante personane i Det nye testamentet, Josef av Arimatea.

Josef av Arimatea vert nemd i alle dei fire evangelia. I Johannesevangeliet vert han kalla for «ein av disiplane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane». (Joh 19.38) Dette vert han kalla i samanheng med at han bed om å få liket til Jesus, handlinga han seinare vert hugsa for. Josef sat i det jødiske rådet som fremja saka mot Jesus, utan at han hadde «vore med på det dei andre hadde vedteke og sett i verk». (Luk 23,51) Han bad som sagt om å få liket til Jesus og la det i ei grav han hadde til disposisjon. Dette var altså den grava ein seinare fann tom.

Dette er i grove trekk det vi veit om Josef frå evangelia, men det er klart at det danna seg fleire legender rundt ein så spanande figur. Dei som er mest kjende no, er dei som knyt han opp mot England og Den heilage gral. Dette er artige legender om ein kan sjå forbi Dan Brown-bråket, men det er ikkje dei eg vil sjå på no.

Ein eller annan gong på 300-talet vart det skreve eit skrift som går under namna Acta Pilati eller Nikodemusevangeliet. Dette er eit artig skrift som fokuserer på, og utbroderar, skuldingane mot Jesus, arrestasjonen, rettsaka, krossfestinga, oppstoda, reaksjonane og kva Jesus gjorde i dødsriket. Som vitne i rettsaka møter vi fleire av folka Jesus gjorde friske, og vi får friska opp korleis Simeon tok imot den nyfødde Jesus i tempelet. Anbefalt lesing i fastetida! Skriftet er ortodokst i innhald og fekk stor utbreiing i kyrkja i mellomalderen.

Hjå Rafael kjem soldatane ved grava
dårlegare ut enn i Nikodemusevangeliet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Josef er framtredande i skriftet. Vi møter han først då han får Jesu lik, noko som gjer at dei som ivra for å få Jesus krossfest no går etter Josef. Han vert dømt til døden og kasta i fengsel. Der sit han fram til han skal førast fram for rådet som skal bestemme seg for kva måte han skal drepast på. Dei finn då cella hans tom, og som det står i Nikodemusevangeliet «Mens alle undret seg over dette, kom en av soldatene som hadde voktet graven inn i synagogen og sa: 'Idet vi holdt vakt over graven til Jesus, kom det et jordskjelv, og vi så en Guds engel som rullet bort steinen foran gravstedet og satte seg på den.'» (Nik 13,1) Dei finn så ut at også Jesus er vekk og at denne engelen har hevda at han har stått opp frå dei døde.

Dei finn ut kvar Josef er, han er i huset sitt i Arimatea, og han vert kalla inn til rådet att der han vert beden om å forklare seg. Josef kjem då med eit vitnesbyrd om Jesu oppstode som skil seg frå det som står i dei kanoniske evangelia, men som absolutt er eit artig, om enn mykje seinare, blikk på hendinga. Josef sa:
Etter at dere hadde stengt meg inne om kvelden den fredagen, stod jeg opp i bønn midt på sabbatsnatten. Da ble huset løftet opp fra alle fire hjørner, og jeg så Jesus som et strålende lys. Jeg ble så redd at jeg falt til jorden. Han tok meg ved hånden og reiste meg opp og jeg ble stenket med vann. Så tørket han ansiktet mitt, kysset meg og sa: 'Vær ikke redd, Josef, rett blikket ditt mot meg og se hvem jeg er.' Jeg så på ham og sa: 'Rabbi Elia!' Han sa: 'Jeg er ikke Elia; jeg er Jesus, hvis legeme du la i graven.' Og jeg sa til ham: 'Vis meg gravstedet hvor jeg la deg.' Da tok han hånden min og førte meg til det sted der jeg hadde gravlagt ham. Han viste meg linkledet, og tørklet som jeg hadde hyllet hodet hans i. Da forstod jeg at det var Jesus, og jeg tilbad ham og sa: 'Velsignet er du som kommer i Herrens navn.' Så tok han hånden min og førte meg til Arimatea til mitt hus og sa: 'Fred være med deg. I førti dager skal du ikke forlate ditt hus. For jeg skal gå til disiplene mine.
(Nik 15,5-6)
Slik vert Josef framstilla i Nikodemusevangeliet. Eg vil absolutt anbefale dette evangeliet som lektyre no i fastetida. Det kan nok skuldast for ein del av det den tidlege kyrkja ofte skuldast for, til dømes har det ein hard front mot jødane og den forteljinga eg har sitert nettopp står i fare for å ta vekk kvinnene sin sentrale posisjon i oppstoda, men det let oss samstundes få sjå påskedramaet på ein ny måte og minner oss om mange av dei folka Jesus møter i evangelia. Om ikkje dette freistar kan ein også lese eit nydeleg avsnitt der Jesus vert henta til Pilatus for å verte avhøyrd. I salen der forhøret skal finne stad står det fanebærarar som held faner med bilete av hovud på. Då Jesus kjem inn i rommet bøyer hovuda på fanene seg i respekt, noko som fører til forviklingar for stakkars Pilatus. Heile greia kan lesast på nettet her.

Ein liten kommentar til slutt: Eg har ofte vore kritisk til desse skytshelgentitlane ein har gjeve, men i Josef av Arimatea sitt høve har dei gjort det bra. Han er skytshelgen for gravferdsagentar og kyrkjegardsarbeidarar.
  • Bibelsitata er henta frå Bibelselskapet si omsetjing NT05
  • Sitata frå Nikodemusevangeliet er henta frå Apokryfe evangelier, omsett av Einar Thomassen, De norske bokklubbene, 2001, i serien Verdens hellige skrifter.

søndag 13. mars 2011

Livnar det i lundar?

Ein nederlandsk hoggorm et ei nordfirfirsle.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
BA meldte på nett i går at vårens første hoggorm var sett i Loddefjord. BT sin papirutgåve kunne også vise oss vårens første hoggorm. Om dette var den same ormen er vanskeleg for meg å vite.

I Nordhordland snør det, og det ser ut som om vårens første tur for å leite etter hoggorm er langt vekke. I fjor var eg ikkje så heldig at eg fann nokon orm, men kanskje er dette året gildare?

Fram til den tid kjem kan vi kose oss med den anbefalte artikkelen om hoggorm på Wikipedia på bokmål, nokre flotte bilete frå Wikimedia Commons og ein vårleg draum frå Elias Blix. Alle tolv versa av «No livnar det i lundar» kan ein lese hjå Ivar Aasen-tunet, medan dei to første kjem her.
No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Ein hoggorm på nært hald. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

onsdag 9. mars 2011

Fastetankar II

På askeonsdag er det tradisjon i kyrkja for å verte teikna i panna
med ein askekross.
Biletet er henta fra Wikimedia Commons.
I dag går vi inn i fastetida, førebuingstida til påska. Eg har sett på nokre fastehelsingar og oppmodingar, og dei er ulike, sjølv om alle peiker på det same.

Erkebiskopen av Canterbury, Rowan Williams, laga ein kort videosnutt i 2009 som gjev ein strålande innføring i fastetida si historie. Han viser korleis denne tida har opphav i dåpspraksisen til dei første kristne. Dei døypte på påskedag, og fastetida kom derfor inn som ei førebuingstid til dåpen i påska. Heile innføringa til Williams kan lesast her, eller sjåast i filmen som ligg i botn av denne posten.

Pave Benedikt XVI tar også utgangspunkt i dåpen, og i ei glitrande fastehelsing utdjupar han korleis fasten er å vekse i dåpen og verte likare Kristus: "Dåpen er ikke en ritus fra fortiden, men møtet med Kristus som informerer hele den døptes liv, gir guddommelig liv og kaller til oppriktig forvandling: påbegynt og støttet av nåde. Den tillater den døpte å oppnå Kristi voksne skikkelse"

For å vekse i forvandlinga, som paven seier det, er tekstane i fastetida viktige. Paven tar oss gjennom tekstane i den katolske tekstrekka og slår fast at "Reisen gjennom fastetiden finner sin oppfyllelse i påskens Triduum, og særlig i den store vigilien i Den hellige natt. Da fornyer vi våre dåpsløfter og bekrefter at Kristus er vårt livs Herre, det liv som Gud skjenket oss da vi ble gjenfødt av "vann og hellig ånd". Og vi bekrefter igjen vårt faste engasjement med å besvare nådens handling, for å kunne være hans disipler."

Også på kyrkja.no er det vekstaspektet som er framme. Her vert ein utfordra:
I fastetiden inviteres du til å stille noen spørsmål;
  • Hva i ditt liv er det som risikerer å få for stor plass, - som trekker oppmerksomheten til seg slik at du beveger deg i en retning du egentlig ikke vil?
  • Hva trenger du å gi avkall på for å kunne leve mer helhjertet og sant? 
I vår kyrkje står Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon , og med det eit fokus på fastetida som ei tid der ein hjelper andre, sterkt, og også paven kjem inn på dette aspektet ved fasten i noko han seier "Gjennom å senke oss ned i Kristi død og oppstandelse gjennom dåpens sakrament, beveges vi hver dag til å befri våre hjerter fra byrden av materielle ting, fra et egosentrisk forhold til "verden" som gjør oss fattige, og forhindrer oss i å være tilgjengelige og åpne for Gud og vår neste. "

Kyrkja.no trekk også fram ein bibelstad som er viktig for det fokuset på fastetida som vi har fått med Fasteaksjonen. I Jesaja 58 står det
Er dette den faste eg vil ha:
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
heng med hovudet som sevet,
kler seg i botsdrakt og ligg i oske?
Kallar du dette for faste,
er det ein dag etter Herrens vilje?
Nei, så er den faste som eg vil ha:
at du løyser dei som med urett er bundne,
sprengjer banda i åket
og friar ut dei som er trælka,
ja, knekkjer kvart åk,

at du deler ditt brød med dei som svelt,
og lèt heimlause stakkarar koma i hus,
at du kler den nakne som du ser,
og ikkje sviktar dine eigne.
Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,
snart skal dei lækjast og gro, dine sår.
Di rettferd skal gå føre deg
og Herrens herlegdom sist i ferda.

Då skal Herren svara
når du kallar på han,
når du ropar om hjelp,
skal han seia: «Her er eg!»
Når du tek bort kvart tyngjande åk,
held opp med å peika fingrar
og tala vondt om andre,

når du deler ditt brød med den som svelt,
og mettar den som lid naud,
då skal ljoset renna for deg i mørkret,
og natta skal verta som ljose dagen.
Gjennom desse tre blikka på fastetankane frå tre av dei viktigaste kyrkjelege tradisjonane i Vesten, vår lutherske kyrkje, den anglikanske kyrkja og den katolske kyrkja, ser vi korleis vårt fokus på fasteaksjon og sosial rettferd er ein naturleg del av fasta, og ei logisk vidareføring av tankane Paven kjem med og det historiske bakteppet frå Canterbury. Vårt fokus er også heilt i tråd med orda frå Jesaja. Det vi gjer er i ein god fastetradisjon i kyrkja, men det har ikkje vondt av å verte utdjupa av det Paven minner oss på; fokuset i fasten er Kristus!


Sammenfattet er fastetidens reise, der vi inviteres til å tenke over korsets mysterium, ment å skulle reprodusere "hans døds mønster" (jfr. Fil 3,10) inne i oss, for å utvirke en dyp omvendelse i våre liv: at vi gjennom Den hellige ånds handling skal bli forvandlet, slik Paulus ble på veien til Damaskus: at vi kan orientere vår eksistens fast etter Guds vilje; at vi må bli frigjort fra vår egoisme og med dette overvinner instinktet til å dominere andre; at vi åpner oss for Kristi kjærlighet. Fastetiden er en gunstig tid til å erkjenne vår svakhet, og gjennom en oppriktig gjennomgang av vårt liv motta den fornyende nåde i botens sakrament. Deretter kan vi vandre resolutt mot Kristus.




Artikkelen ligg også på melandkyrkja.no

fredag 4. mars 2011

Den fremste barneboka?

Biletet er henta frå denne bloggen.
Vårt Land tar i dag fram ei bok om den blinde Bartimeus som ei bok som har gjort stort inntrykk på nordmenn. Dette er sjølvsagt i samband med at preiketeksten i kyrkja på søndag handlar om ein blind mann.

Eg har lest denne boka eg og, men eg kom til å tenkje på ei anna bok som har gjort mykje større inntrykk på meg. Guds gjøgler av Tomie dePaola. Eg kom over denne boka i hyllene på Bøker og Børst, ein utestad i Stavanger for nokre år sidan, og las gjennom han  igjen. Framleis er boka like bra.

I boka får vi høyre det som skal vere eit gamalt fransk sagn om Giovanni, ein fattig gategut som kan sjonglere. Han vert etterkvart ein omreisande sjonglør, men vert henta inn av alderdomen. Han kjem så attende til heimbyen sin, og kjem inn i kyrkja der. Der ser han eit bilete av Maria med Jesus på fanget. Han synes Jesus ser så trist ut, og bestemmer seg for å gle han med å sjonglere. Medan han sjonglerer, døyr han og då munkane i kyrkja finn han, har ein av sjongleringsballane hans kome inn i biletet og ligg i hendene på Jesus.

Då eg var liten likte eg forteljinga og dei fine teikningane. No likar eg den mellom anna for at den er så lite pietistisk. Giovanni æra Gud med sine fargerike ballar, og med dette viser ein at kunsten ikkje er eit adiafora, men at kunsten har ein eigenverdi og kan brukast for som ei gudsteneste for seg sjølv.

For meg er dette kanskje den viktigaste kristne barneboka. Om nokon har andre gode kandidatar, er kommentarfeltet til for å brukast.

Biletet er henta frå denne bloggen.