mandag 31. januar 2011

Peter Andreas Blix - Ein arkitekthelt

Peter Andreas Blix.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag, 31. januar, er dødsdagen til Peter Andreas Blix. Eg vart kjent med denne mannen då eg var prestevikar i Vik i Sogn, ei bygd som står i stor gjeld til denne mannen for å ha redda dei to middelalderkyrkjene i bygda.

Blix var arkitekt, og har mellom anna teikna brannstasjonen i Bergen og ein god del jernbanestasjonar. Han har også teikna flotte hotell som Mundal Hotell i Fjærland og Fleischers Hotell på Voss. Dette er flotte bygg, men eg skal vere ærleg å seie at det skal meir til enn å teikne nokre flotte hus og togstasjonar som sikkert er greie nok dei også, for å hamne på mi helteliste.

Minnetavle over Blix inne
i kyrkja.
Biletet har eg tatt, og det
ligg på Commons.
Hove kyrkje. Biletet er tatt av
Per Magne Kjøde og ligg på
Wikimedia Commons.
Inntoget hans på heltelista kom med det han gjorde frå 1879 og utover. På dette tidspunktet var han engasjert med å restaurere Mariakirken og Håkonshallen i Bergen. Dei hadde bruk for stein til arbeidet og gjekk ut i avisene for å få stein. Frå Vik i Sogn fekk han svar at han kunne få bruke steinen frå steinkyrkja deira frå middelalderen, Hove kyrkje. I staden for å bruke denne steinen drog Blix til Vik og kjøpte kyrkja for sine eigne pengar. Deretter restaurerte han den. Restaureringa vart ikkje gjort for å få kyrkja attende til opprinneleg stand, men den vart mellom anna dekorert med norrøne motiv. Resultatet vart nydeleg. Ikkje heilt historisk korrekt, men kyrkja vart redda og står i dag som eit minne over både middelalderen, dei som ville rive kyrkja og mannen som redda henne. Blix sjølve er gravlagt i golvet i kyrkja, og skal vere den siste som er gravlagt inne i ei kyrkje i Norge.

Det nydelege kortaket i kyrkja.
Biletet har eg tatt, og det ligg på
Commons.
Eg var som sagt prestevikar i Vik i si tid og hadde nokre gudstenester i Hove kyrkje. Ei gudsteneste i denne kyrkja er noko alle bør få med seg!

Koret er eit nydeleg kunstverk.
Biletet har eg tatt, og det ligg
på Commons.
Blix flytta til Vik for å jobbe med Hove, og medan han budde der kjøpte han Hopperstad stavkyrkje som også ligg i Vik. Også denne fiksa han opp på sin særeigne måte. Den vart delvis ein kopi av Borgund stavkyrkje, delvis pynta med Blix sine norrøne detaljar.

Ein vegg inne i kyrkja.
Biletet har eg tatt, og det
ligg på Commons.
Enkelte har vore kritiske til Blix. Han har sjølvsagt ikkje gjort desse kyrkjene slik dei opprinneleg var, men han har redda dei. Samstundes har han gjort dei unike i det han tilførte dei av utsmykningar på1800-talet. Også dette er ein del av kulturarven vår det er verdt å ta vare på, og eg veit ikkje om mange stader dette er vakrare enn i Hove kyrkje.

Ein kan lese meir om arkitekthelten i NRK Sogn og Fjordane sitt Fylkesleksikon eller i denne rosande artikkelen hjå Fortidsminneforeningen. På Wikimedia Commons kan ein også sjå mange bilete frå både Hove og Hopperstad. Kos deg!

torsdag 27. januar 2011

Ros til Bispemøtet

Forhåpentlegvis den permanente preses.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Biskopane har gjort eit klokt val. Dei har ikkje gjort slik regelverket sa, men fremja kun ein kandidat til presesrolla. Dette er eit strålande val!

At regjeringa skal utnemne Kyrkja sine leiarar er eit brot på religionsfridomen og ikkje noko som høyrer heime i eit moderne samfunn. Bispemøtet tar kontroll, slik Erling Rimehaug skreiv på Twitter. Dette er noko Kyrkja sjølv skulle hatt kontroll på for lenge sidan, men betre seint enn aldri.

Bispemøtet fortener også ros for eit godt val av kandidat. Helga Haugland Byfuglien vil fungere samlande og godt på kyrkja.

søndag 23. januar 2011

Vi treng fleire folk som Ruper Mayer

Fangebilete frå Landsberg
fengsel. Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
I dag, 23. januar, er det fødselsdagen til Rupert Mayer, ein person som ikkje er kjent i Norge, men grava hans er ein av dei største valfartsmåla i Tyskland. Han var ein jesuittprest som kjempa mot nazistane og satt i seks år som fange for nazistane, mesteparten av tida internert i Kloster Ettal. Eg vart klar over denne mannen då eg las ein turistguide før eg skulle til München, og skreiv på grunn av dette ein artikkel om han på Wikipedia som oppladning før turen. Dette gav meg kunnskap om denne mannen, og det å vitje grava hans vart ei stor oppleving. Alle som er innom München bør finne rom for ein tur til Mayer si grav.

Mayer vart prest i 1899. I eit forhør med Gestapo sa han seinare at han var både prest og jesuitt av «kjærleik til menneska». I 1912 vart han kalla til München, og jobba der særskild med innflyttarar som ikkje fann seg tilrette i byen. Han jobba med arbeidarorganisasjonar og studentar og jobba for born og familiar.

Då fyrste verdskrig braut ut melde han seg frivillig. Han gjorde teneste som feltprest fleire stader i Europa, og vart hedra med medalje for stort mot. Dette fekk han etter at han verna ein soldat for splintar med å legge seg over kroppen hans. Rupert Mayer mista sjølv den venstre foten i handlinga, og vart teken ut av militærteneste.

Etter krigen jobba Mayer hardt for å dempe dei katastrofale følgjene krigen hadde hatt for Tyskland. Han forfekta kjærleik som det einaste som kunne redde landet - ikkje hat eller klassekamp. Han forkynte at alle kristne måtte vere rede til å vedkjenne seg trua si, sjølv om det kunne by på problem. Han holdt opp mot 70 talar, foredrag og preiker i veka og samla store folkemengder på hovudtogstasjonen i byen til gudstenester kvar søndag. Desse gudstenestene vart stoppa av nazistane i 1937.

Byste av Rupert Mayer i kyrkja der han
er gravlagt.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Etter kvart som dei hadde blitt ein maktfaktor i landet, brukte Mayer alle høve til å tale mot nazistane. Han hevda at det ikkje var mogeleg å vere både katolikk og nazist. Nazistane var redde for den store påverknadskrafta Mayer hadde, og ila han taleforbod i mai 1937. Dette brydde han seg ikkje om, og i juni vart han arrestert og dømt til eit halvt år betinga fengsel. Av sine overordna vart han beden om å vere stille, noko han var heilt til nazistane offentleg vanæra han. Då tok han opp att taleaktiviteten, noko som gav han eit opphald i Landsberg fengsel i 1938. Der var han til han vart løslatt, men utan lov til å tale offentleg. Han fortsatte sitt arbeid, og vart endå ein gong arrestert. Denne gongen vart han sendt til Sachsenhausen der han var i sju månader. I Sachsenhausen vart han svært dårleg og holdt på å døy. Nazistane var redde for at dette skulle gje han martyrstatus, og sendte han derfor til Kloster Ettal, der han sat internert fram til krigen var over. I Ettal var han delvis saman med ein annan ivrig motstandar av nazistane, den lutherske presten Dietrich Bonhoeffer.

1. november 1945 hadde han sin siste preike i korskapellet i St. Mikaelkirken i München. Medan han snakka om at ein måtte etterligne helgenane med sitt liv for å kome til himmelen fekk han slag. Seinare same kveld døydde han.

Bürgersaalkirche der Mayer ligg
gravlagt.
Biletet er tatt av Böhringer Friedrich
og ligg på Wikimedia Commons.
Han ligg i dag gravlagt i Bürgersaalkirche, like ved St. Mikaelkirken og den er eit stort mål for pilegrimar. I 1987 vart han saligkåra av Pave Johannes Paul II. Minnedagen hans er 1. november.

Framandfrykta og framandhatet spreier seg i heile Europa i dag, også i Norge. Vi treng folk som Rupert Mayer også i vår kyrkje i vår tid!

Vi sluttar i dag med bøna kjent som «Rupert Mayer-bøna».

Herr, wie Du willst, so will ich geh'n,
Und wie Du willst, soll mir gescheh'n.
Hilf Deinen Willen nur versteh'n.


Herr, wann Du willst, dann ist es Zeit,
Und wann Du willst, bin ich bereit.
Heut und in alle Ewigkeit.


Herr, was Du willst, das nehm' ich hin,
Und was Du willst, ist mir Gewinn.
Genug, dass ich Dein Eigen bin.


Herr, weil Du's willst, d'rum ist es gut,
Und weil Du's willst, d'rum hab' ich Mut.
Mein Herz in Deinen Händen ruht.

tirsdag 18. januar 2011

Bøneveke for kristen einskap

Kirkenes Verdensforbund sin logo er også eit symbol for
all økumenikk. 
I dag, 18. januar, startar den internasjonale bøneveka for kristen einskap som vert markert på heile den nordlege halvkule. Dette er ei veke som vert organisert av Det pavelige råd til fremme av kristen enhet på vegne av Den katolske kyrkje og Kommisjonen for tro og ordning i Kirkenes verdensråd på vegne av dei fleste andre. I Norge er det Norges Kristne Råd som står for organiseringa.

I år er det kyrkjene i Jerusalem som har utforma bønene, og veka kan også tene som ei ekstra påminning om å hugse dei kristne i heile Midtausten, men særleg i Jerusalem. Dette er dei eldste kyrkjelydane i verda, men dei er sterkt truga av den vansklege situasjonen dei er i med både den generelle valden og uroa og den valden som er retta særskild mot dei kristne.

Eg avsluttar med litani for kristen einskap, henta frå liturgien for fellesgudsteneste ein finn i opplegget frå Norges Kristne Råd.
L: I Kristus er verda forsona med Gud, og han gir oss bodskapen om forsoning. Som sendebod om forsoningsverket til Kristus ber vi til Gud:

L: Når vi ber saman i dei ulike tradisjonane våre:
A: Du Eine heilage, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi les Bibelen saman i ulike språk og kulturar:
A: Du Eine, som har gitt deg til kjenne og som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi tek kontakt og vert vener med jødar, kristne og muslimar, når vi bryt ned murar som er bygd av likesæle og hat:
A: Du Eine miskunnsame, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi arbeider for rettferd og solidaritet, når vi går frå redsle til tillit:
A: Du Eine sterke, som gjør oss til eitt, gjør einskapen vår synleg og gjør verda heil.

L: Alle stader der det finst liding på grunn av krig og vald, urett og ulikskap, sjukdom og fordomar, armod og vonløyse og vi søkjer nær til Kristi kross og til kvarandre:
A: Du Eine, som er såra og som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Saman med dei kristne i det heilage landet er vi vitne om at Jesus blei født i Betlehem, at han gjorde si teneste i Galilea, at han døydde og stod opp att, og at Den heilage Ande kom ned i Jerusalem. Når vi lengtar etter fred og rettferd for alle i trygg forvissing om at ditt rike skal koma:
A: Du Eine Treeinige, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

mandag 17. januar 2011

Dagens bilete på Commons

Om ein ser nøye på bloggen min, vil ein sjå at dte har dukka opp eit nytt element i høgremargen. Kvar dag, om alt fungerar slik det skal, skal dagens bilete frå Commons dukke opp. Dette er eit av dei beste bileta som ligg på den enorme mediebasen til Wikimedia. Dei ligg på frie lisensar og kan brukast deretter, men best av alt er at dei er fabelaktige bilete. Ein kan sjølvsagt abonnere på dei på RSS eller e-post.

Eit tilfeldig bilde frå tidlegare utvalgte bilete. Dette var 12. november i fjor.
Detaljar her.

mandag 10. januar 2011

Om terror, historie og manipulering av folket

Cruiceskip til hamn i Southampton.
Merk det ugjennomtrenglege terrorgjerdet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
NRK brukte i dag Dagsrevyen til den vanlege terrorsmørja som vi har vorte så vande med dei siste åra. Skal ein høyre på media og ekspertar, bør vi når som helst vente oss at kroppen vår vert delt i småbitar av terroristar som hatar alt vi står for. Ein kjem med stadig nye tilltak for å gjere sitt for at denne horden av terroristar som berre ventar på å overfalle oss skal få det så vanskeleg som mogeleg. Ein nektar folk å ta med seg vatn på flyet, ein lagar 170cm høge nettinggjerder rundt internasjonale havner og ein oppmodar folk til å halde augo opne for personar med terroråtferd på offentlege stader. Kort sagt gjer ein alt som står i si makt for å hindre blodbad på europeisk jord. Samstundes må vi hugse det som vart sagt på Dagsrevyen i dag; Før eller seinare kjem nokon til å klare det. Dei kjem til å drepe oss!

Ser ein seg rundt ti år attende i tid, har det vore nokre terroråtak i Europa. Vi hugsar bombene i London, dei som freista å sprengje flyplassen i Glasgow, bomber i Madrid og eit teater og t-bane i Moskva. Det har sikkert vore andre ting også, men dette er vel dei viktigaste. Det har altså vore noko, ingen kan eller vil nekte på det. Eg veit ikkje heilt kor mange drepte det er snakk om, men tala for London og Madrid er omtrent 250, og på t-bana i Moskva vart rundt 40 drepne. Så kanskje fem hundre eller noko rundt der kan vere eit godt anslag. Sjølvsagt alt for mange, men likevel langt frå den vanlegaste måten å døy på i Europa det siste tiåret. Til samanlikning vart over hundre menneske drepne av snøskred i Alpane berre i 2008...

Det har altså vore nokre åtak på Europa, og skal ein tru media og politiet er det eit nytt mirakel kvar dag vi ikkje vert sprengde av folk frå ørkenen i Pakistan. Dei ulike fargekodane for kor truleg det er at ein ikkje overlever dagens handletur, er i alle fall sjeldan under oransje, og jo raudare fargen vert, jo meir skal ein snakke om det. For kva ville vore vitsen med terror om ein ikkje skremde folk før noko ganske sikkert kanskje vil skje om vi ikkje stoppar dei med alle middel sjølv om det heilt sikkert ikkje vil gå og vi alle kjem til å døy?

Det er klart at det er viktig å snakke mykje om dei åtaka som kanskje kan vere under planleggjing og dei mogelege terroristane som ein lurar på om har sett på eit kart der dei kanskje sit på hybelen sin i Paris der dei truleg studerer kjemi med noko ein kan forestille seg er onde mål. For snakkar ein ikkje mykje om desse lammande trugsmåla mot liv og helse, framstår jo samtida som .... fredleg....

IRA-propaganda. Henta frå engelsk Wikipedia.
Eg tok ein rask titt på CVen til fire kjende europeiske terrororganisasjonar på Wikipedia. Ikkje noko vitskapleg og sikkert ikkje utan feil og manglar, men likevel. Dei eg såg på var  ETA, Røde Brigader, Rote Armee Fraktion og IRA.

Wikipedia, som den fantastiske kjelda til kunnskap det er, hadde organisert dette fint. Først ser vi på ETA. Der har ein ei liste over nokre av angrepa, for som ein seier «these attacks number in the hundreds over a span of more than forty-five years, not all can be included here». Alt i alt reknar ein med at berre denne organisasjonen har stått for 829 dødsfall i tillegg til mykje anna. Dette gjennom ei lang rekkje åtak. Så var det Røde Brigader frå Italia. Dei etablerte seg på 1970-talet, og i følgje tala som ligg på Wikipedia stod dei åleine bak 14000 valdshandlingar det første tiåret dei eksisterte. Dei drap rundt 75 menneske, og stod for ei serie med kidnappingar og liknande åtak. Ei anna gruppe kjent for kidnappingar er RAF, eller Baader-Meinhof-banden. Også dei herja på 70-talet  og vidare utpå 80-talet. Også her har Wikipedia ei liste med åtak. Her reknar ein med 34 drepte i tillegg til alle andre skader dei etterlot seg. IRA har ein så lang historie med åtak bak seg at Wikipedia har sett seg nødde til å dele opp lista med åtak i fleire delar. Alt i alt kjem ein til saman til at det her er snakk om 1700-1800 drepte.

Her har ein altså hatt fire særs aktive organisasjonar med base i Europa som gjennom tiår har hamra laus på kontinentet. Og då har vi ikkje tatt med flykapringsspesialistane i PFLP...

Det har vore nokre åtak i Europa dei siste åra, og skal ein tru på dei politi og andre kunne det vore mange fleire, noko som sikkert stemmer. Men det endrar ikkje på inntrykket ein får av å sjå på situasjonen i Europa no samanlikna med til dømes 1970-talet. Då fremstår tida no som roleg og fredleg, eit heilt anna bilete enn det styresmakter og media tydlegvis vil at vi skal ha.

Spørsmålet melder seg. Kvifor? Kvifor er det så viktig å skremme folk med jamnlege oppdateringar på kor sansynleg det er at dagen i dag vert eit blodbad? Kvifor kan ein ikkje heller seie at vi har eit samfunn som er relativt trygt, der vi kan sleppe å uroe oss for at kvar ein stakkar som gløymer gymbaggen sin eigentleg er ein terrorist som drøymer om lemlesta småborn?

Lat oss heller høyre reelle nyhende! Ikkje gøym dei verklege problema i verda bak paraniod, historielaus, manipulerande skremselspropaganda! Lat oss høyre om klimakrisa. Lat oss høyre om fattige barn i Norge. Lat oss høyre om korleis barn døyr av sjukdomar ein enkelt kan kurere i Afrika. Lat oss høyre om at indarar lir for våre billige klede. Lat oss høyre om dette i staden!

onsdag 5. januar 2011

KM i galskap

Simeon på toppen av ei søyle.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det minnedag for ein av dei som kjempar høgt oppe i KM (Kyrkjemeisterskapen) i galskap. Simeon Stylitt var ein syrisk asket som levde rundt år 400. Kor mykje av det som vert sagt av han som er legendarisk og kor mykje som er historiske fakta kan sikkert diskuterast, men interessant er det uansett.

Simeon gjekk i kloster tidleg i tenåra og dreiv med ekstreme botsøvingar, noko som gjorde at til og med dei strengaste av munkane i klosteret såg på det han dreiv med som overdreve. På grunn av at han utsette seg for for strenge botsøvingar vart han etterkvart bortvist frå klosteret og sendt til eit anna.

I dette klosteret vart han i ti år. På desse åra åt han svært lite og brukte lange periodar nede i trange sjaktar eller brønnar der han mediterte. Til slutt holdt han på å drepe seg med eit tau han batt på kroppen der det vaks inn i kjøtet og nesten kosta han livet. Då sa også abbedden i dette klosteret at nok fekk vere nok og heiv han ut av klosteret på grunn av ekstrem askese.

Han flytta så til foten av fjellet Telanissus der han lot seg mure inne i eit lite rom. Der mediterte han, og sjølv om ein prest gav han mat, fann dei han tilslutt medvitlaus utan at maten var rørt. Han livna til att, slik katolsk.no skildrar det "av eukaristien og ved å spise et par salatblad"... Han vart på denne staden i tre år, men roa seg litt ned og vart berre murt inne i fastetida. Etter dei tre åra flytta han til toppen av fjellet og lenka seg fast til ein stor stein. Dette førte til at patriarken i Antiokia sendte ein utsending for å fortelje at slike verkemiddel ikkje var naudsynt for å følgje Gud.

Simeon tok dette til etteretning og fekk ein smed til å fri seg. Samstundes hadde han vorte ein slags kjendis, så han fekk ikkje fred og ro, men vart stadig oppsøkt av folk som ville snakke med den heilage mannen. Derfor drog han inn til Aleppo, der han fann ei søyle som han klatra opp på.


Restane etter Simeon si søyle.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Om det som vidare skjedde skreiv eg dette om han på Wikipedia for ei stund sidan:
Den første søylen han klatret opp på var rundt tre meter høy og hadde en diameter på toppen på rundt to meter. På toppen av denne søylen ble han i fire år. Neste søyle var seks meter høy, og han ble på denne i tre år, før han fant en søyle på 11 meter som han ble på i ti år. Den fjerde, og siste, søylen ble bygget for ham av folk i byen, og var 18 meter høy. På toppen av denne søylen bodde han de siste tjue årene av livet sitt.
Hver faste hadde han den samme rutinen. Han stod og bad de to første ukene, deretter satt han i to uker før han lå resten av fasten. Han måtte ligge da han på dette tidspunktet alltid var utslitt siden han verken spiste eller drakk i fastetiden. Hver dag prostrerte han i bønn over tusen ganger, og to ganger om dagen snakket han med besøkende. Han hadde etterhvert blitt en attraksjon som tiltrakk seg besøkende fra store områder.
I 459 døydde han på toppen av den største søyla. Han vart gravlagt med pomp og prakt og det vart bygd eit kloster og ei kyrkje på staden der søyla stod.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at Simeon var ein from og gudfryktig mann, men han praktiserte ein askese som hadde gått heilt over styr. Eg har generelt problem med å forsvare askese, då eg vil hevde det ikkje tar på alvor det at Gud skapte oss til menneske med ein kropp og at dette var etter Guds vilje. Trass i at eg har prinsipeielle problem med askese, har eg ikkje problem med å sjå og respektere at folk ser på det som ein måte å leve ut si tru på, og at det er eit uttrykk for ei manifistering av gudstrua som ein kan settje pris på.

Likevel vert Simeon sin askese mest galskap for meg. Den var for ekstrem, sjølv for det asketiske miljøet som var i klostera rundt han, og då er det ekstremt.  Det er sikkert fleire kandidatar av velmeinande, from galskap, men Simeon kjem høgt oppe i KM.

Det kan også vere verdt å lese om dei heilage idiotane. Større eller mindra dosar galskap har både sin plass og verdi i kyrkja, og alt som framstår som galskap treng ikkje vere faktisk galskap. 

tirsdag 4. januar 2011

Allkunne med mageplask

Biletet er henta frå Wikipedia.
Dette er ikkje eit fritt bilete, men eg
tek sjansen på å bruke det her, så får
dei saksøke som vil det.
I dag vart det kjent at nettleksikonet Allkunne vil gå til søksmål mot Wikipedia på grunn av at ein artikkel om Arve Bruvoll har blitt kopiert frå Allkunne til Wikipedia på nynorsk og deretter over til Wikipedia på bokmål.

I denne saka må ein halde fleire tankar i hovudet samstundes. På den eine sida står det klart og tydleg i Wikipedia:Opphavsrett at slike ting som dette ikkje skal finne stad. Derfor slettar også vi som er administratorar på dei ulike Wikipedia-utgåvene massevis av artiklar som vi veit eller trur er brot på opphavsretten. Av og til skjer det desverre at vi ikkje får med oss alt, noko som har skjedd her. Slike ting kan sjølvsagt skje, men det er absolutt ikkje noko som er ynskjeleg frå nokon på nokon stad i Wikipediasystemet.

Så langt har altså Allkunne ei grei sak. Det som ville vore naturleg då dei fann dette plagiatet ville vore at dei tok kontakt med anten ein administrator eller ein i leiinga for Wikimedia Foundation eller Wikimedia Norge. Hadde dei gjort det hadde den aktuelle artikkelen vorte sletta på staden og saka hadde ordna seg på ein grei måte.

Plagiatet vart oppdaga i november i fjor. I dag kjem pressemelding om at ein vil krevje erstatning frå Wikipedia, utan at ein har teke kontakt for å få ordna opp i problemet. Dette er useriøsitet på eit nivå ein ikkje ventar frå Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Ein kan undre seg på kva ein vil oppnå med dette. Ein krev 75 000 kr, men det er meir nærliggande å tenkje at dei ikkje bryr seg så mykje om denne summen, men tenkjer i staden at "all PR er god PR". Om det er det berre å seie at "Nei, det er det ikkje!" Dette er ikkje god PR for Allkunne som fremstår som konfliktskapande og utan vilje til å skape konstruktive løysningar.

Lat oss vone Allkunne ser at dei tapar mykje meir på denne saka enn dei kan vone på å få att i økonomisk kompensasjon, slik at ein kan finne fram til ein konstruktiv løysing. Den finn ein ikkje i retten!

Ekstra kjedeleg for meg er det at den aktuelle artikkelen faktisk er ein eg treng for å fullføre maratonprosjektet Liste over forfattere i Norsk Salmebok og Salmer 1997.

lørdag 1. januar 2011

Lat oss hugse kyrkja i Alexandria

2011 starta med ein tragedie for Kyrkja. 21 menneske vart drepne då ein koptisk kyrkjelyd i Egypt vart ramma av ei bombe.

Eg har her på bloggen tidlegare vore innom denne kyrkja som i lengre tid har vore utsett for store prøvingar. Eg legg også no med ein liten filmsnutt som viser noko av den flotte i den koptiske tradisjonen.

Pave Johannes Paul II skreiv ei bøn som høver godt i dag. (Også det ei bøn eg har vore innom på bloggen tidlegare.)

Du, skapar av natur og menneske, du skapar av sanning og venleik, eg ber deg:
Høyr mi stemme. Det er stemma til ofra, ofra for krig og vald, mellom menneske og mellom nasjonar.
Høyr mi stemme. Det er stemma til alle borna, dei som lid og vil lida når menneske satsar på våpen og krig.
Høyr mi stemme, når eg ber deg om å gje alle menneskehjarta freds visdom, rettferds styrke og fellesskaps glede.
Høyr mi stemme. Gje innsikt og kraft, så vi alltid kan svara på hat med kjærleik, svara på urettferd med rettferd, svara på naud med hjelp, svara på krig med fred.
Gud, høyr mi stemme, og gje verda fred, din evige fred.




Ellers er det berre å seie seg einig i Olav Fykse Tveit sine ord: «Å angripe mennesker som er samlet til bønn er den ynkeligste form for angrep man kan tenke seg.»

Angrepte på kyrkja i Alexandria er eit angrep på heile Kyrkja, slik angrepa på kyrkjer i Irak og andre stader har vore det. Når eitt lem lir, lir alle. Men det er viktig å hugse at sjølv om dette er eit angrep på alle kristne, er det ikkje eit angrep frå alle muslimar. Vi kan ikkje la ein liten minoritet få styre vårt bilete av ein religion som omfattar ein milliard menneske. Terror som dette rammar også alle dei uskuldige muslimane gjennom at dei vert stilte til ansvar for noko dei ikkje har noko som helst med. Dette er også Egypt sin president inne på når han seier «Hele Egypt er angrepet. Blind terrorisme skiller ikke mellom koptere og muslimer»


Bøna er henta frå Den store bøneboka. 365 bøner frå ulike tradisjonar. Genesis forlag, 1999. Side 242