fredag 31. desember 2010

Religionsfridomen vert igjen truga


Kvinner med niqab i Tyrkia.
Bilete fra Wikimedia Commons.
Utan at eg skal ha nokon meining om bruk av niqab og burka, den debatten er det muslimane sjølv som må ta, vil eg seie at eg vert trist når eg ser kva leiande politikarar for to av dei største partia i Norge kan få seg til å seie. Eg skulle ønske eg kunne seie at eg vart sjokkert, men begge partia har tidlegare vist at dei ikkje respekterar ein grunnleggjande menneskerett som religionsfridomen.

Ap sin integreringspolitiske talskvinne Lise Christoffersen tar på seg ein overdommarfunksjon og seier rett ut at ho ikkje trur på dei som vel å gå med niqab: "Jeg er tvilende til at noen egentlig ønsker å ha på seg dette. Jeg tror de er utsatt for press og religiøs indoktrinering". Ho trur altså ikkje dei vil, og om dei faktisk vil, er det på grunn av religiøs indoktrinering. Motiva folk har for å kle seg i dei religiøse plagga dei vel, bør vere opp til personane sjølve å vurdere, ikkje opp til politikarar som står på utsida og har som grunnhaldning at niqab ikkje kan diskuterast som eit klesplagg, men som "et undertrykkingsmiddel". Det bør det vere opp til dei som kler seg i det å vurdere. Uansett bør det ringe nokre alarmbjeller hos Christoffersen om ho ser på det som eit utslag av "religiøs indoktrinering". Då er det forbodet ho ynskjer eit alvorleg inngrep i desse kvinnene sin religionsfridom.

Når ho så går vidare til å seie at ei kvinne, den dagen ho "velger å ikle seg burka, sier hun at hun ikke ønsker å delta i det norske samfunnet" stemmer ikkje dette. Om det er nokon som ynskjer å melde kvinna ut av samfunnet er må det vere Christoffersen som ikkje ein gong viser kvinna nok respekt til å tru på henne om ho seier at ho har tatt eit eige val basert på sin religion.


To karmelittnonner i Brasil.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Christian Tybbring-Gjedde, ein mann som gang på gang viser ein oppsiktsvekkande arrogant og respektlaus haldning til muslimar kjem nok ein gong med ein håplaus analyse: "Det betyr at islamiseringen av Norge har tatt en ny vending. For et par år siden snakket vi i Frp om snikislamisering, men nå skjer det i full åpenhet". At han får det til å vere "islamisering" av samfunnet at nokre få kvinner vel å kle seg etter sin religiøse overtyding heng ikkje på greip. Er det "katolisering" av samfunnet når katolske nonner går rundt i byane våre med sine ganske så dekkande ordensdraktar? Eller "ortodoksifisering" når ortodokse kvinner tar på seg skaut for å be? Eller "sikhifisering" når sikhar tar på seg ein turban? At vi har ein kyrkjeleg tradisjon som er ganske så blotta for konkrete manifestasjonar i samfunnet gjer ikkje at vi treng å kjenne oss truga av dei tradisjonane som har slike utslag. Dei er like lite trugande for oss som vår mangel på slike symbol er for dei.

Heldigvis er det også krefter i Ap som har prinsippa i orden. Gerd Kristiansen seier: "Det er flott at initiativet kommer fra kvinnene selv og at de selv bidrar til debatten om hvordan de best kan integreres. Ingenting er bedre enn at kvinner selv ønsker å gjøre noe med at niqab-bruk oppleves problematisk" og "Vi er et flerkulturelt samfunn. Det må vi bare akseptere. Jeg forstår ikke dem som velger å bruke niqab eller burka, men jeg aksepterer at de gjør det".

Eg har nok større forståing for valet dei gjer enn Kristiansen, men eg vil seie meg samd med hennar siste kommentar. Vi er eit flerkulturelt samfunn, og då må vi akseptere at ikkje alle folk gjer det same som oss sjølve.

tirsdag 28. desember 2010

Lytt til Vandana Shiva

På Wikipedia kom eg plutseleg over noko. Det stod at dagen i morgon, 29. desember var FN sin dag for biologisk mangfald. Dette viste seg å vere feil, for denne dagen var 22. mai, men det fekk meg inn på tanken om ein kort videosnutt eg såg med Vandana Shiva for ei stund sidan.

Vandana Shiva er ei av dei store heltinnene i verda. Ho jobbar for å sikre det biologiske mangfaldet i verda, slik at ikkje dei store, multinasjonale kornselskapa skal få monopol med sine genmanipulerte kornslag som krev særskilde typar med gjødsel og gift, også dette hendig nok produsert av dei same selskapa. Desse selskapa har gjort kjempeskade mellom anna i India, der Shiva kjem frå, gjennom å presse fram monopol på sine frøsortar. Dette har ført tusenvis av allereie fattige bønder ut i endå djupar fattigdom, og det har gått ei bølgje av sjølvmord over den indiske landsbygda på grunn av dette. Fattige bønder såg til slutt inga annan utveg...

Shiva kjempar mot dette. Ho kjempar for ei rettvis verd med naturlege plantesortar. Ho er ei dame det er verdt å høyre på!



Ein bonuslærdom frå dette er at Wikipedia er så bra at sjølv når det som står der er feil, er det lærerikt og kan få oss på gode tankar.

fredag 24. desember 2010

God jul

torsdag 23. desember 2010

O Emmanuel

Biletet er frå Wikimedia Commons.
Å Emmanuel,
du vår konge og vår lovgiver.
Du frelser
som folket lengter etter!
Kom og forløs oss,
Herre vår Gud.

O Emmanuel, Rex et legifer noster,
exspectatio Gentium, et Salvator earum:
veni ad salvandum nos, Domine, Deus noster.
Jes 7,14: Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

Sal 72Gjev kongen dine domar, Gud,
lat kongssonen få rettferd frå deg!
Så skal han døma ditt folk med rettferd
og dine armingar med lov og rett.
Då skal fjella gje folket fred
og haugane rettferd.
Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket,
så dei får sin rett.
Han skal berga dei fattige
og knusa valdsmannen.
Lat han leva frå ætt til ætt
så lenge sol og måne skin.
Han skal vera lik regnet
som fell på nyslegen eng,
lik ei regnskur som væter jorda.
I hans dagar skal rettferd gro
og lukke og fred råda
så lenge månen er til.
Lat han styra frå hav til hav,
frå Storelva til heimsens endar.
Dei som bur i øydemarka,
skal bøya seg for han,
hans fiendar skal slikka støvet.
Kongar frå Tarsis og fjerne strender
skal senda skatt til han.
Kongane i Saba og Seba
skal koma med sine gåver.
Han skal alle kongar hylla,
han skal alle folkeslag tena.
For han bergar den fattige som ropar,
armingen som ingen hjelpar har.
Han ynkast over småkårsfolk
og bergar livet åt dei fattige.
Han løyser dei frå tvang og vald,
deira liv er dyrt i hans augo.
Gjev kongen må leva
og få gullet frå Saba!
Folk skal alltid be for han
og velsigna han dagen lang.
Lat det vera slik mengd med korn i landet
at det bylgjar over åsane.
Lat grøda vera som skogen på Libanon,
lat byar bløma og breia seg
som graset på marka.
Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola skin.
Alle folk skal velsigna seg med det
og prisa han sæl.
Lova vere Herren, Israels Gud,
han som gjer under, einast han!
Hans herlege namn vere evig lova!
All jorda er full av hans herlegdom.

Amen, amen. 

Hag 2,7: Eg skjek alle folkeslag,
så skattane deira kjem hit.
Og eg fyller dette huset med herlegdom,

seier Herren, Allhærs Gud. 

onsdag 22. desember 2010

O Rex Gentium

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Å verdens Konge,
alle folk venter deg med lengsel.
Du er den hjørnesten
som samler alle til ett.
Forløs det falne menneske
som du har skapt av jord.

O Rex Gentium, et desideratus earum,
lapisque angularis, qui facis utraque unum:
veni, et salva hominem,
quem de limo formasti.

Apg 17,26: Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.

Jes 45,22: Vend deg til meg og få frelse,
heile du vide jord!
For eg er Gud, og ingen annan.


Sal 113,6-8: som ser ned i det djupe,
i himmelen og på jorda?Han reiser dei ringe or støvet,
lyfter dei fattige or oska
og sessar dei saman med stormenn,
med hovdingane i sitt folk.


Sal 47,9: Gud er konge over folka,
han sit på sin heilage kongsstol. 

tirsdag 21. desember 2010

O Oriens

Bilete frå Wikimedia Commons.
Å Solrenning,
du glans av det evige lys,
rettferds sol. Kom,
lys for dem som sitter i mørke
og dødens skygge.
O Oriens,
splendor lucis aeternae, et sol justitiae:
veni, et illumina sedentes in tenebris, et umbra mortis.

Luk 1,78: for vår Gud er rik på miskunn.
Og slik skal lyset frå det høge
gjesta oss som ein soloppgang

Mal 4,2: Men for dykk som har age for mitt namn, 
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.


Vis 7,26: For den er en avglans av det evige lys, plettfritt speiler den Guds virke og er et bilde av hans godhet. 

Hebr 1,3: Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge 

Joh 1,4-5: han, var liv,
og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
 


Tit 3,4: Men det vart openberra 
kor god vår Gud og Frelsar er,
og kor han elskar menneska
 


Luk 7,22: Gå og fortel Johannes kva de har sett og høyrt:
Blinde ser, lamme går,
spedalske blir reine, og døve høyrer,
døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
 


mandag 20. desember 2010

O Clavis David

Johannes skriv til kyrkjelyden i Filadelfia.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Å Nøkkel til Davids Hus,
du Israels kongestav.
Når du åpner, skal ingen lukke til,
når du lukker, skal ingen åpne.
Løs fangene av
syndens lenker
og før dem ut
av dødens skygge

O Clavis David, et sceptrum domus Israel;
qui aperis, et nemo claudit;
claudis, et nemo aperit:
veni, et educ vinctum de domo carceris,
sedentem in tenebris, et umbra mortis.  
 
Jes 22,22: Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp.
 
Op 3,7: Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia: Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:
 
Luk 1,32: Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
 
Mark 2,10: for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder
 
Matt 28,18: Då steig Jesus fram og tala til dei: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
 
Matt 16,18-19: Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.

søndag 19. desember 2010

O Radix Jesse

Illuminert Bibel som viser Matt 1. Isai-stuven er teikna inn.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Å Skudd på Jesse Rot
underfulle tegn
for alle folkeslag.
Konger skal tie
når du taler,
og folkeslag skal bøye kne.
O Radix Jesse, qui stas in signum populorum,
super quem continebunt reges os suum,
quem Gentes deprecabuntur:
veni ad liberandum nos, jam noli tardare.
Jes 11,1: Ein kvist skal renna or Isai-stuven,
ein renning skal skyta opp frå hans røter.

Jes 11,10: Den dagen skal folkeslag søkja
til renningne or Isais rot.
Han skal stå som eit samlingsmerke for folka,
og bustaden hans skal vera full av herlegdom.


Rom 1,3: evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt,

Matt 28,19-20: Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.

lørdag 18. desember 2010

O Adonai

Moses og den brennande busken.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Å Adonai,
du høvding for Israels hus.
Du talte til Moses
fra tornebuskens flammer
og gav han loven på Sinai berg.
Strekk ut din sterke arm
og frels oss fra syndens åk.
O Adonai, et Dux domus Israel,
qui Moysi in igne flammae rubi apparuisti,
et ei in Sina legem dedisti:
veni ad redimendum nos in brachio extento.
Apg 7,30-38: Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne. Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst: Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord. Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt.Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han. Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss.

Hebr 10,16: Såleis er den pakta eg vil gjera
med dei i dagar som kjem.

Og så seier han:
Eg vil leggja mine bod i hjarto deira
og skriva dei i hugen deira.

 
Hebr 12,18.21: De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.»

fredag 17. desember 2010

O Sapientia

Bilete frå Wikimedia Commons.
Å Visdom,
du evige Ord
som Gud har talt.
Du råder for hele verden,
sterk og mild leder du alt
kom lær oss å leve
klokt og rett!
O Sapientia, quae ex ore Altissimi prodiisti,
attingens a fine usque ad finem,
fortiter suaviterque disponens omnia:
veni ad docendum nos viam prudentiae.

Jes. 11,2-3: Herrens Ande skal kvila over han,Anden med visdom og vit,
Anden med råd og styrke,
Anden som gjev kunnskap om Herren
og age for han.
Han skal ha sin hugnad i age for Herren.
Han skal ikkje døma etter det han ser,
og ikkje skifta rett etter det han høyrer.

Jes. 28,29: Dette òg kjem frå Herren, Allhærs Gud.Underfulle er hans råd,
stor er hans visdom.

Vis 9, 9-10: Visdommen er hos deg, den kjenner dine verk, den var til stede da du skapte verden, den vet hva dine øyne finner behag i, og hva som er rett etter dine bud. Send den til meg fra din hellige himmel, la den gå ut fra din kongetrone, så den kan arbeide ved min side og lære meg din vilje

Ordt 8,22: Herren skapte meg fyrst av alt,
eg var hans fyrste verk i fordoms tid.

onsdag 15. desember 2010

Ero Cras - I morgon kjem eg


Ein kan lese meir om desse antifonane hos anglicansonline.org.
Det er også der eg har henta dette biletet.
Ero Cras er ein samansetjing av den første bokstaven i namna på dei såkalla "O antifonane" lest baklengs. O antifonane er antifonar, altså korte liturgiske ledd, som er ein del av liturgien for vesper dei siste dagane i adventsida. Antifonane er gamle. Ein veit ikkje heilt kor gamle, men allereie frå rundt 500 e. Kr. kan dei ha vore i bruk.
Alle desse ulike antifonane består av ein mesiansk tittel og refererer til ulike skriftstader. Eg vil publisere ein bloggpost kvar dag framover, frå og med den 17., ein for kvar antifon.Samstundes vil eg vise skriftstader dei byggjer på. Det er ein fin måte å rette seg inn mot julefeiringa som adventstida leier fram til.

Dei norske omjingane i lista over er henta frå den norske omsetjinga av Wolfgang Pagge sin The O Antiphons. Ein finn også spanande stoff i The Advent Antiphons.

søndag 12. desember 2010

Nonner med vakker skrift

Rikt utsmykka Bibel.
Henta frå Wikimedia Commons.
Forskning.no la for ei vekes tid sidan ut ein spanande sak. Nils Dverstorp har tatt doktorgrad om skrivekunst i middelalderen, og har i den samanheng jobba særskild med klosteret i Vadstena i Sverige.

I dette klosteret, som i dei fleste andre kloster, brukte dei mykje tid på å produsere biblar og andre skrifter. I daglegtalen omtalar vi ofte slike skrifter som «munkeskrifter», og vi ser gjerne for oss munkar bøygd over store manuskript i den dårleg opplyste skrivestova.

Å kopiere Bibelen var ein viktig oppgåve. I si interessante bok om klosterliv i middelalderen, gjenngjev Karl Gervin noko den romerske senatoren og forfattaren Cassiodor sa om det å kopiere biblar.

Hvor salig er ikke utholdenheten og hvor rosverdig fliden som med hånden forkynner for menneskene, med fingrene får tunger til å tale og uten en lyd gir frelse til dødelige. Slik kjempes det mot Djevelens skammelige bedragerier med penn og blekk, og Satan får like mange sår som de Gudsord skriveren kopierer.
Karl Gervin, Klostrene ved verdens ende, Pax forlag, Oslo, 2007. Side 144
Det å skrive biblar var altså sett på som særs viktig, noko som ikkje er det minste rart all den tid Bibelen er grunnboka for klosterverksemda.

Det Dverstorp har vist i sitt arbeid, var at det i Vadstena var nonnene som stod for desse kopiane. «Munkenes bokproduksjon besto blant annet av referanselitteratur for prekener og bibelkommentarer, dette var hverdagsformål i middelalderens klosterliv», medan «Nonnene arbeidet i større grad med praktmanuskripter. Til det behøvdes flottere skrifttyper.» Til desse praktmanuskripta meiner eg det er naturleg å sjå for seg både bibelkopiar og også andre viktige bøker i klosterlivet som messebøker og liknande.

Kva viser dette oss? Bortsett frå at det viser oss at også i middelalderen hadde kvinner jamnt over finare handskrift enn menn, seier det oss noko om kvinner sin status i Kyrkja. Det viser oss at når det frå tid til anna vert hevda at Kyrkja til alle tider har undertrykt kvinner, er dette i alle høve ikkje meir enn ei delvis sanning. Det kan seiast mykje om kvinner sin plass i Kyrkja gjennom historia, men samanlikna med den plassen kvinnene har hatt i samfunnet generelt, kjem ikkje Kyrkja så dårleg ut. (Utan at eg vil gå inn på ein diskusjon om kvar Kyrkja sluttar og samfunnet byrjar gjennom historia.) Kvinner har mellom anna hatt viktige oppgåver i Kyrkja, som å kopiere Kyrkja sine heilage skrifter.

Vadstena kloster.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I bloggen min har eg fleire gongar vore innom viktige kvinner i kyrkjehistoria, og då særleg kvinner som Teresa av Ávila og Julian av Norwich. Dagens tur til Vadstena tar oss til ei av dei største kvinnene i den skandinaviske kyrkja, Birgitta av Vadstena. Ho grunnla ein klosterorden, Birgittinerordenen, ein orden som har kloster for både menn og kvinner, men der abbedissen, altså ei kvinne, har høgast rang i klosteret. Det har vore store, mektige, viktige kvinner i Kyrkja gjennom heile historia. Når ein omtalar kyrkjehistoria som ein patriarkalsk maraton, gjer ein samstundes sitt til å gjere dette til ei sanning ved at ein gløymer og marginaliserer både dei store og viktige kvinnene i kyrkjehistoria og dei anonyme søstrene i Vadstena som med stor flid kopierte manuskript.

Kyrkja har ikkje ein feilfri historie når det kjem til korleis ein har handla mot kvinner, men dei kvinnene vi ser i historia fortener heller ikkje å verte gløymde.

onsdag 8. desember 2010

Ja, dette vil vi!

I dag offentleggjorde ei arbeidsgruppe under Norges Kristne Råd eit glitrande visjonsdokument med tittelen «Dette vil vi». Dokumentet er laga av ei gruppe satt saman av breidden i det kristne Norge. Frå min gamle organisasjon, Forbundet, via baptistar, katolikkar og migrantkyrkjelydar til adventistar.

Eg vil ikkje seie så mykje om dokumentet. Det er kort og greit og talar for seg sjølv. Eg vil derimot seie at det er gledeleg at Kyrkja samla no kjem klare ord til styresmaktene om korleis vi vil at folk skal verte handsama i landet vårt. I korte trekk seier dokumentet det eg har forfekta på denne bloggen gong på gong. Folk skal handsamast likt, uavhengig av bakgrunn, for vi ha alle det same menneskeverdet!

Eg gjev mi fulle støtte til «Dette vil vi». Eg vil oppmode alle til å laste det ned, noko ein kan gjere via denne lenkja, lese det og handle etter det som står i dokumentet.  Det er ei byrjing, men vi har ein lang veg å gå, for som det vert sagt i «Dette vil vi»

Vårt mål er fred, rettferdighet og et bærekraftig samfunn – “ en ny himmel og en ny jord hvor rettferdighet bor.” (2. Peter 3.13)

tirsdag 7. desember 2010

Frå slave til helgen?

Bilete frå National Catholic Reporter
Gjennom ei lenkje på Facebook kom eg over ein interessant artikkel i National Catholic Reporter. Den katolske kyrkja i USA har starta ein prosess dei vonar vil ende med kanonisering av Augustus Tolton. Tolton var den første katolske presten i USA med afrikansk bakgrunn, og han vart fødd inn i slaveri. Då han var ni år gamal vart slaveriet avskaffa, og sytten år gamal byrja han på skule i Roma. Han måtte til Roma fordi ingen skular i USA ville ta inn ein svart mann.

Han vart ordinert og sendt attende til USA, der han først virka som prest i Quincy, men der vart han pressa ut av ein kvit prest som ikkje ville jobbe med han. Deretter vart han overført til Chicago der han byrja å jobbe mellom dei svarte i byen. Han jobba der i 11 år, før han døde 43 år gamal. Noko som var vanleg for katolske prestar på denne tida. Kombinasjonen lange dagar, sjukebesøk og manglande antibiotika var ikkje heilt optimal for prestehelsa.

I livet til Tolton ser vi kyrkja på sitt verste, når vi ser kyrkja som ein spegel av dei raseskilja ein finn ellers i samfunnet. Dette er ikkje noko som berre var slik i USA på slutten av 1800-talet, men er diverre noko vi også ser i kyrkja i Norge i dag. Dei haldningane til folk med anna bakgrunn enn den «tradisjonelle norske» vi finn i samfunnet generelt, finn vi også i kyrkjelydane våre.

Samstundes viser livet hans kyrkja på sitt beste. Om opphaldet sitt på skule i Roma sa Tolton dette:
I was finally admitted to the College de Propaganda Fide, and found out that I was not the only black man there. There were students from Africa, China, Japan, and other parts of the world. The church which knows and makes no distinction in race and color had called them all.

When the church does all of this, is she not a true liberator of the race? In this church we do not have to fight for our rights because we are black. She had colored saints — St. Augustine, St. Benedict the Moor, St. Monica, the mother of St. Augustine. The church is broad and liberal. She is the church of our people.
Dette er også eit like sant bilete av kyrkja i dag, både i Norge og resten av verda. Kyrkja - og då meiner eg heile kyrkja og ikkje berre Den katolske kyrkja som Tolton her snakka om, men også den lutherske kyrkja og heile kyrkjefamilien - er i sanning eit fargerikt fellesskap der folk av alle nasjonalitetar og kulturar vert innlemma på like vilkår.  Tolton sitt liv viser her Kyrkja i sine ytterpunkt.

Erkebiskopen av Chicago, Francis Kardinal George seier om Tolton at «Fr. Tolton’s cause for sainthood is being introduced in the Archdiocese of Chicago, and during this year for priests it would be good to pray to him and to ask the Lord to send us many more priests like him.»

Dette har kardinalen heilt rett i. Vi treng fleire prestar som Tolton. Då meiner eg ikkje prestar som må vere svarte eller tilhøyre eit undertrykt folk, men prestar som avspeglar folket vi er kyrkje for. Vi treng prestar som klarar å kommunisere til alle etniske og kulturelle grupper og subkulturar, ikkje berre den kvite middelklassen som Den norske kyrkje når i dag.

Korleis det går med kanoniseringsprosessen veit eg ikkje. Det får katolikkane ta seg av. Interesserte kan lese meir på http://www.toltoncanonization.com/.  Men Tolton kan stå som eit døme til resten av kyrkja på våre verste og beste sider. Lat oss lære av og dyrke dei beste sidene som kjem fram i Tolton sitt liv!

lørdag 4. desember 2010

Avisa Sunnhordland på villspor

Gjennom spalten «Å Vestland» i Bergens Tidende las eg på torsdag denne veka følgjande sitat frå ein leiarartikkel i Sunnhordland:
Me respekterer at andre har sitt religiøse liv, men me er slett ikkje samde i at alle krav som kjem frå den muslimske leiren skal innfriast. Det kan ikkje vera slik at dei som av ulike grunnar flyktar frå sitt eige land for å få eit betre liv, skal koma med krav som vil føra til store omleggingar i eit etablert samfunn, med sin eigen sterke kultur. Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.
Bergens Tidende, 2. des 2010. Del 1, side 2. 
Eg veit ikkje kven som skriv leiarartiklane i Sunnhordland, men personen som skreiv dette, bør verkeleg ta ein ny runde med kva prinsipp som vert fronta gjennom avisa. Dette er djupt udemokratisk, det gjer skil på menneskeverdet til folk og det er tankar som er umogelege å gjennomføre, og som til slutt vil kollapse i sin eige galskap.

For det første er det djupt udemokratisk at leiarskribenten vil ta frå dei som kjem til Norge mogelegheiten til å påverke vårt samfunn. Det er «dei» som skal føye seg etter «oss». «Vi» har altså retten til å definere korleis «dei» skal ha det, og «dei» må berre finne seg i dette. Er «dei» ueingige, har «dei» ikkje noko dei skulle ha sagt, «dei» er jo her som ein slags form for permanente gjestart. Det er djupt udemokratisk korleis leiarskribenten vil nekte desse folka å ta del i samfunnsdebatten på lik linje med alle andre folk. Dei har, som alle andre grupper, full rett til å ta opp saker og be om at ting skal tilpassast dei. Det gjer dei heldigvis også, på same måte som alle andre grupper i samfunnet frontar sine sakar. Dei som er borgarar i landet er alle like mykje eit medlem av vårt samfunn, og då har alle like mykje rett til å påvirke samfunnet i den leia dei er interessert i å føre det. Om det er ei lei majoriteten av samfunnet ikkje vil, fungerer demokratiet slik at vi ikkje går dit, men vi tilpassar ofte samfunnet til minoritetsgrupper med gode argument. Leiarskribenten vil ta vekk desse grunnleggjande, demokratiske rettane til desse folka når det vert sagt at «dei» skal inrette seg etter «oss». Den demokratiske, likeverdige måten å gjere dette på, er at alle innrettar seg etter alle. Dei folka som er i eit samfunn, pregar samfunnet og ingen har rett til å seie at «vi var her først, så det er vi som bestemmer.» Det er det «dei store gutane» i femte klasse på skulen seier til dei små i første. Då kallast det mobbing. No seier Sunnhordland det same.

For det andre gjer ein skil på menneskeverdet når ein deler folk inn i rangerte grupper som det vert gjort her. «Dei» høyrer ikkje til her, men det gjer «vi», så då bestemmer «vi». Dette er konklusjonen om ein følgjer logikken i argumentet til Sunnhordland. Alle vil sjå at slike tankar ikkje er noko vi vil ha i vårt samfunn. Vi vil ha eit samfunn der alle er like mykje verdt, uavhengig av etnisk bakgrunn, religion, kor lenge dei har budd i Norge og likande. Vi kan ikkje seie at nokon skal ha fleire grunnleggjande rettar enn andre. Retten til å vere med å bestemme i landet ein bur i, vert slått fast mellom anna i §21 i Menneskerettane, og i §2 vert det slått fast med klare ord at:

Enhver har krav på alle de rettigheter og friheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, eiendom, fødsel eller annet forhold.
Sunnhordland bryr seg ikkje nemneverdig med dette. Dei slår fast at  «Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.»

Den innebygde galskapen i det Sunnhordland forfektar vert klar om ein ser litt nærare på det dei seier. Dei snakkar i utgangspunktet om krav frå «den muslimske leiren», før dei slår fast at « dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar». Korleis meiner Sunnhordland at dette skiljet mellom «dei som kjem hit» og oss andre skal definerast? Er det slik at det er muslimane som gruppe som er «dei som kjem hit» eller er det berre dei muslimane som er fødde i andre land? I så fall, er det greit om muslimar fødde i Norge frontar krav på vegne av gruppa, eller er det berre dei gruppene som finn seg innanfor det vi kan definere som «våre reglar» som kan kome med krav til storsamfunnet? Kva er i så fall dei gruppene som er innanfor? Og korleis kjem ein dit? Hanseatane er dei norske nok? Eller dei danske adelsfamiliane? Tredjegenerasjonsinnvandrarar? Eller kva med kristne innvandrarar? Og vil ein i så fall seie at kristne polakkar har meir rett til å «koma med krav som vil føra til store omleggingar» enn kristne kenyanarar, sidan dei trass alt ligg nærare «våre reglar» kulturelt sett? Ein hamnar i eit uføre der ein til slutt ikkje kan gje nokon rett til å freiste å forme samfunnet vårt.

Kategorisering i «oss» og «dei» skapar dessutan fiendebilete og hidrar både integrering og kommunikasjon. Det stengjer nokon folk ute frå det gode selskap, og byggjer murar mellom grupper. Å setje grupper i samfunnet opp mot kvarandre, slik Sunnhordland gjer, er oppskrifta på å destabilisere samfunnet gjennom å skape mistru, frykt og dårleg kommunikasjonsklima. (Det ironiske er at dei gjer dette medan dei kommenterer eit foredrag av Kjell Magne Bondevik, som snakkar om korleis ein kan byggje fred og kommunikasjon, og slår fast at «me er langt på veg samde med Bondevik».)

Demokratiet sitt vesen er slik at dei som er medlemmar av eit samfunn saman formar reglane og rammene for samfunnet. Når demografien endrar seg, vil også rammene for samfunnet endre seg. Det er heilt naturleg, ja det er eigentleg ynskjeleg i eit demokrati. Når vi får fleire og fleire muslimar i Norge, skal dei ha akkurat dei same rettane som alle andre til å fronte sine saker og til å forandre samfunnet dei er ein del av. Det skulle berre mangle. 

Sunnhordland er diverre ikkje åleine i å fronte slike meiningar. Dei vert ofte fronta i demokratiet sitt namn, sjølv om dei i sitt grunnleggjande vesen er udemokratiske og strir mot grunnleggjande menneskerettar.