fredag 30. juli 2010

Fantastisk bilete!

Eg fann dette biletet i ein bileteserie Nettavisen lenka til. Det er eit heilt fantastisk bilete som eg fann ut at eg ville leggje her, slik at eg kan sjå det seinare.

Slangen i hogg, ølga som står og ser slangen kome og den store gule marihøna. Fantastisk!

torsdag 29. juli 2010

Den gløymde tragedien i Europa

Dei reisande har ei lang historie med ekstrem undertrykking i Europa, noko Dagbladet peika på for ei vekes tid sidan, og denne tragiske historia tar nok ikkje slutt med det aller fyrste. Heller tvert om. Det kan verke som om det er allment akseptert å sjå på sigøynarane som mindreverdige. Dei som våga seg på å lese kommentarfeltet i den før nemde artikkelen i Dagbladet kunne lese dei mest groteske utsegn, utsegn eg ikkje trudde det var mogeleg å seie om andre menneske. No skal ein sjølvsagt vere klar over at det som kjem fram i slike kommentarfelt ikkje på nokon som helst måte er represetativt, men er likevel skremande kva som kjem fram, og det er endå meir skremande at det var så få som tok til motmæle før kommentarane vart sletta.

VG og Vårt Land skriv i dag at Nicolas Sarkozy har beordra riving av 300 sigøynarlandsbyar og kallar folkegruppa for eit "sikkerhetsproblem for Frankrike". Han gjev altså ein offentleg godkjenning av å bruke desse folka som kollektive syndebukkar for alt som er gale i samfunnet. Det er ei enorm stigmatisering og ein haldning ein ikkje skulle tru ein fann hjå ein europeisk regjeringssjef. Sarkozy og hans regjering normaliserer rasisme, ja dei gjer den faktisk til offentleg politikk ved å kalle ei heil folkegruppe for eit "sikkerhetsproblem".

Det kan tenkast at den franske regjeringa burde ha kasta eit blikk på Den internasjonale fråsegna om menneskerettane, eit dokument som i stor grad er bygd på fransk filosofi og fråsegener frå den franske revolusjonen.  Blant desse rettane finn vi mellom anna desse formuleringane:
Art. 2: Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller anna meining, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre tilhøve.
Art. 6: Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek dei som rettssubjekt
Art. 7:Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan skilnad av noko slag
Art. 9: Ingan må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut or landet
Art. 11: Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å bli rekna som skuldlaus til ein offentleg domstol, der han har fått full trygd for retten til å forsvare seg, har prova at han er skuldig etter lova.
Art. 13: Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innafor grensene i sitt eige land.
Det skal også vere full rett til å reise ut or det landet ein bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land

Er det ei gruppe som verkeleg fortener vår sympati og støtte, er det desse folka!

mandag 26. juli 2010

Kva vert eigentleg sensurert vekk?

På fredag var eg ein tur i Den norske bokbyen i Fjærland, og der plukka eg med meg eit eksemplar av ein av dei gamle klassikarane. Kristi Efterfølgelse av Thomas à Kempis. Dette aktuelle eksemplaret er ei dansk omsetjing, omsett av Dr. Theol Sv. A. Becker og utgjeve av J. Frimods Forlag i 1926. I mi utgåve av boka kjem det fram at ei Eva Fischer (Eller noko liknande) fekk denne boka til jul i 1926, og skal ein døme etter notatane i teksten ser det ut som om gåva fall i smak hjå Eva. Det er mange strekar og andre markørar. Akkurat slik ei bok skal vere, altså.

Eg tok fatt på forordet, skreve av ein Olfert Ricard, og byrja etter kvart å verte skeptisk. Kva var dette for utgåve av boka eg hadde fått tak i? Han skriv mellom anna at
Sokneprest Dr. S. A. Becker syntes at matte være nærmest af alle til at besørge en ny og tro Oversættelse, og vi beraadede os om et og andet, som matte ændres eller udelades, mens Princippet var at beskære saa lidt som muligt. De tidligere danske Udgaver har i regelen lidt af den Fejl, enten at tage alt med, ogsaa det som virker helt fremmed og forkert, eller at udelade og omskrive alt for meget.
Dei hadde altså vorte einige om att eitt og anna måtte utelatast eller endrast, og såg på det å ta med alt som en feil. Skepsisen min vaks, og den vart ikkje mindre då eg kom til fortalen av omsetjaren, Becker. I den seier han mellom anna.
Det havde været mest tilfredsstillende, om den [Oversettelsen] kunde være gennemført helt utden Lempelser. Det var dog ikke muligt, hvis Bogen skulde svare til sit opbyggelige Formaal.
Af foretagne Rettelser og Lempelser kan eksempelvis nævnes: »Munkeliv« omskrevet »stille og fromt Liv«, »Ordensmedlemmer« til »fromme« eller »hellige Fædre«, »Klostercelle« til »Lønkammer«, »Klosterbroder« til »den, som har viet sig til Gud« o.lgn.
Af Udeladelser er der forholdsvis faa: enkelte stærke Udtalelser om gode Gerninger og Menneskets Fortjeneste overfor Gud, nogle Henvisninger til bestemte Munkeordener, Skærsild o. lgn. Selv i Skriftets 4. Bog om Nadverend Sakramente er der udeladt saa lidt som muligt, mindre Stykker, hovedsagelig nogle stærke Ord om Præstens Stilling og Messeofferet.

Desse danske, lutherske teologane har altså sensurert og tilpassa Thomas à Kempis for å passe betre inn i den danske, lutherske røynda. Ein kan sjølvsagt seie at eg ikkje har kjøpt ei vitskapleg utgåve, og at dei kanskje hadde rett når det sa at dette måtte skje «hvis Bogen skulde svare til sit opbyggelige Formaal» sidan boka i samanhenga den vert omsett inn i inneheld mykje som «virker helt fremmed og forkert».

Hadde dei berre gjort boka lettare å forstå for lesarane, hadde det vore ei sak, men det dei har gjort, er å fjerne det ein kan seie er «særleg katolsk», og ein står att med noko som må vere ein tammare Thomas. Eg har endå ikkje bestemt meg for om eg gidd å lese boka, og om eg gjer det vil eg nok aldre klare å fri meg frå spørsmålet om det eg les er Thomas sine ord, eller orda til ein dansk prest.

Dei som har gjort dette med Thomas har gjort det dei har gjort i det eg tolkar som beste meining. Dei har freista å gjere Thomas tilgjengeleg for folk i Danmark og Norge på 1920-talet. Og dei har vore opne om det dei har kutta ut. Det står lista opp kva som er utelate og kva som er endra. Så gode skussmål kan ein nok ikkje gje alle som sensurerer bøker.

Eg byrja å undre meg på kva det er vi vert frårøva i våre utgåver av ulike bøker, og kom på ei anna bok der eg hadde vorte forbausa då eg las forordet. I 1995 eller deromkring fekk eg Anne Franks dagbok, og eg reknar med at den også vart lest rundt denne tida. På smussomslaget får vi vite at
I denne utgaven er det tatt med stoff som ble utelatt i den første utgaven.
Dagboken er nå blitt omtrent en fjerdedel tykkere og gir et mer nyansert og dypere innblikk i Anne Franks verden
Situasjonen her er sjølvsagt ein heilt annan. Det er her snakk om ei bok som aldri vart gjort klar for utgjeving av forfattaren, men som har blitt redigert av andre frå første utgåve. Det som hadde vorte utelate og no var med, var stort sett stoff som var kritisk til familiemedlemmer som var døde, samt nokre klåre skildringar av seksuelle draumer som vart for sterke for samtida, og kanskje samstundes heller ikkje var meint for andre enn dagboka. Dette vart teke med i den utgåva av boka eg har, noko ein sjølvsagt kan diskutere etikken i. Då eg las denne boka hugsar eg at eg var særs nøgd med at eg fekk lese «alt», medan eg når eg kjem på dette no vert meir usikker på kor godt eg likar at folk sine dagbøker vert publisert på denne måten, sjølv om Anne Frank hadde gjort delar av sin dagbok klar for publisering før ho døydde.

Kor mange slike redaksjonelle vurderingar ligg bak bøker vi les? Der vi trur vi les ei nøyaktig omsetjing eller nyutgjeving av ei gamal bok; kor ofte er då viktige delar utelete av grunnar som ikkje vert informerte om? Danskane som gav ut Thomas framstår som opne og ærlege om det dei gjorde, men kan vi stole på at alle er så ærlege? 

Det tyske frimerket av Anne Frank er henta fra Wikimedia Commons.

mandag 19. juli 2010

Den heilage familie

For ei veke sidan fekk eg eit spørsmål på diskusjonsida mi på Wikipedia om eg kunne ta på meg å skrive nokre artiklar om helgenar i den ortodokse kyrkja. Ein av helgenane det var snakk om, var Macrina den yngre som var ei nonne som levde på 300-talet i området rundt Kappadokia, og som har minnedag i dag, 19. juli.

Det er ikkje så mykje spektakulært med Macrina i seg sjølve, ho levde eit roleg liv i heimen og i klosteret. Begge plassar gjorde ho det ho skulle gjere, og vel så det. Det som derimot er spektakulært, er familien til Macrina. I overskrifta mi har eg kalla den «Den heilage familie», og om dette namnet skal brukast på andre enn Maria og Josef med den nyfødte Jesus, kan det nok ikkje høve betre enn på denne familien.

Foreldra til Macrina vert begge rekna som heilage, og det same gjer bestemora hennar, Macrina den eldre. Av dei ni søskena til Macrina (den yngre) vert ikkje mindre enn tre av brødrene hennar rekna som heilage, i tillegg til at den eine søstera hennar, Theosebia, vert rekna som salig av den ordtodokse kyrkja. Dei tre helgenbrørne hennar er ikkje smågutar. Det er snakk om biskopen Peter av Sebasteia og dei meir kjente brødrene Basilios den store, som har fått tittelen «kyrkjelærar» på grunn av sine vektige bidrag til teologien, og den fremragande teologen og mystikaren Gregor av Nyssa. Dei to siste er to av dei tre teologane som vert omtala som dei kappadokiske fedre. Ein god samling heilage, altså.

Ein kan sjølvsagt spekulere i korleis ein familie akkumulerer helgentitlar på denne måten. Kanskje kan det ha noko med saka å gjere at Gregor av Nyssa er kjelda til mykje av det vi veit om i alle fall den yngste og den eldste Macrina og Peter av Sebasteia. Eit anna alternativ er sjølvsagt at dette verkeleg var ein familie med ei eksepsjonell tru. Sanninga er kanskje ein stad mellom desse alternativa, men eg er tilbøyeleg til å tru den ligg mest mot det siste; at dette var ein familie med ei sterk tru. Eit artig appropos er at den tredje av kappadokiarane, Gregor av Nazianz også kom frå ein slik familie. Begge foreldra hans, begge søskena hans og ein fetter reknast som helgenar.

Attende til Macrina den yngre. På katolsk.no stod det ei bøn som skal ha vore Marcina sine siste ord då ho låg for døden. Denne bøna tok eg med i artikkelen på Wikipedia, og eg tenkte eg skulle avslutte med den no,
Du har fridd oss fra frykten for døden. Du har gjort slutten på dette livet begynnelsen på det sanne liv (...) En dag vil du ta tilbake det du har gitt, forvandle med nåde og udødelighet våre dødelige og uskjønne rester (...) Måtte min sjel bli mottatt i dine hender, uplettet og ubesudlet, som et offer til deg.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

torsdag 15. juli 2010

St. Svithun kjem med dårlege nyhende

Sidan Stavanger faktisk er den staden der eg har budd lengst i strekk, er det heilt på sin plass å nemne at det i dag er minnedag for St. Svithun som er vernehelgen for Stavanger. Sjølv vart eg ordinert i Stavanger domkyrkje, ei kyrkje som vart vigsla til treeininga og St.Svithun, så eg vil stoppe litt opp med denne mannen og kyrkja som vart vigsla til han.

Som det ofte er med desse britiske helgenane veit ein ikkje så mykje om han, men ein veit at han var biskop i Winchester og at han døydde i 862. Han vart født i Wessex og kom etterkvart i teneste som prest for kong Egbert. I teneste for han stod han ansvarleg for å oppdra han som seinare vart kong Ethelwulf. Ethelwulf gjorde Svithun til biskop av Winchester, hovudstaden i hans kongedøme. I dei ti åra Svithun var biskop, skal kongedømet ha vore det viktigaste i England.

Svithun døydde i 862, og i løpet av nokre år vart kroppen hans overført frå gravplassen der han låg og inn i katedralen i Winchester, der det vart rapportert fleire mirakel der folk vart friske. Restane av Svithun vart overført til den nye kyrkja som vart bygd i Winchester i 1093, men forsvann i reformasjonen.

Til Stavanger kom svithunkulten med Reinald, den første biskopen i byen. Han hadde med seg den eine armen til Svithun, og denne vart plassert i katedralen Reinald fekk bygd. Også her forsvann relikviet under reformasjonen. Det siste ein veit om armbeinet var at Tord Rodt som var kommandant på Bergenhus festning tok seg inn i kyrkja 9. desember 1537 og tok det med seg.

Dei historiske linjene til armbeinet til St. Svithun er ganske greie. Det kom til Stavanger rundt 250 år etter at han døydde, etter å ha vore i Winchester. Det er all grunn til å tru at dette beinet faktisk kom frå den personen det vart hevda å kome frå. Då er det større grunn til å stille seg meir skeptisk til ein del av dei andre relikvia dei hadde i domkyrkja i Stavanger, relikvier vi kjenner frå ein oversikt som vart laga i 1517. På lista over kva ein hadde i Stavanger finn ein mellom anna ein linklut med Jesu blod, ein stein frå Getsemane, Blod frå Olav den heilage, ein beinbit frå Paulus, eit bein frå Markus, bein frå St. Sunniva og hennar folk og ein bit av skipet dei kom til Selje med, ein bit av krossen til Jesus, eit stykke av Maria sitt hodeklede, ein beinbit frå apostelen Andreas, ein bit av banneret til St. Georg og mykje anna.

Svithun er vernehelgen for Stavanger, men det vart også rapportert at hans forbøn førte til sterkare regnfall, noko som gjer at han også vert rekna som vernehelgen mot tørke. Dagen i dag vert i folketrua sett på som eit varsel om komande vêr, og sidan det har regna slik at Noah ville vore imponert her i dag, er dette eit dårleg varsel:
St. Swithin's day if thou dost rain
For forty days it will remain
St. Swithun's day if thou be fair
For forty days 'twill rain nae mair

Biletet av St. Svitun er teke av Nina Aldin Thune og er henta frå Wikimedia Commons. Frå Commons har eg også henta biletet av Stavanger domkyrkje, som er teke av Dundak.

mandag 12. juli 2010

Eg vonar ein finn denne planeten snart

(Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com)

tirsdag 6. juli 2010

Italiensk jentehelgen og irsk bombemann - Same lærdom

I dag feirar Den katolske kyrkje ei italiensk jente eg aldri hadde høyrt om før i dag. Den heilage Maria Goretti var ei italiensk jente som skal ha vore svært from. Då ho var tolv år gamal vart ho drepen av ein nabogut som forsøkte å valdta henne. Hans vitnemål sa at medan han knivstakk henne skal ho berre ha fokusert på hans frelse og at han ikkje måtte begå ei slik stor synd.

Mordaren var for ung for dødsstraff, og havna i fengsel. Han fekk ei sterk oppleving av synd og anger i fengselet, og då han kom ut oppsøkte han mor til Maria og bad om tilgjeving. Han gjekk så inn som lekbror i kapusinerordenen. Åtte år etter at han slapp ut fekk han og mor til Maria nattverd saman. Dei hadde vorte forsona. Han var også tilstades då Maria vart heilagkåra i 1950, noko som unekteleg må ha vore ein rar oppleving for han.

Historia fekk meg til å tenkje på noko eg fekk eit innblikk i på Norges Kristlige Studenforbund sitt nordiske sommarmøte for nokre år sidan. Temaet der var forsoning, og ein av dei som snakka om dette var IRA-mannen Patrick Magee. Magee er mest kjent som Brightonbombaren, eit namn han har fått fordi han er dømt for å plante ei bombe i hotellet der Det konservative partiet hadde landsmøtet sitt i 1984. Fem menneske vart drepne i angrepet.

På sommarmøtet fortalte han ope om dette. Det var ei rar oppleving, for han var ein sympatisk mann som det var vanskeleg å ikkje like, samstundes som han forsvarte bomba han hadde planta og sa han kunne ha gjort det fleire gongar. Men han var der for å snakke om forsoning, og det er forsoningsprosessen som har skjedd etter at han slapp ut av fengeselet som er det interessante.

Då han slapp ut av fengselet tok Jo Tuffnell, dotter til ain av dei som vart drepne i angrepet, kontakt med Magee. Dei møtte kvarandre fleire gonger og har brukt det som har skjedd aktivt i fredsarbeid. Jo Tuffnell fortel meir om dette i denne artikkelen. Tuffnell var ikkje i Trondheim, men vi såg ein film der dei to saman snakka om det som hadde skjedd. Dei var ikkje einige, men det var heller ikkje målet. Målet var å vise at det var menneske på begge sidar av konflikten. Dei ville vise at forsoning var mogeleg, sjølv etter hendingar som dette.

Frå begge desse hendingane kjem ein altså ut med same lærdom. Det eine er sjølvsagt at med dødsstaff ville aldri noko av dette skjedd. Då ville ein latt hat få gjenngjelde hat, og stått att kun med offer og opne sår.  Det andre er at dette er døme på at forsoning er mogeleg sjølv etter store overgrep. Hat er ikkje ein naudsynt konsekvens at slike hendingar, sjølv om det kan vere den som kjem lettast. 

Historier som dette må gjerast kjende i samfunnet vårt. Dei gjev håp og inspirasjon, og dei står som motvekter mot til dømes ropa om dårlegare soningshøve for å straffe forbrytarar og tankar om hevn mot dei som gjer vonde ting. Slike historiar kan hjelpe oss til å halde på menneskeverdet også for dei som har gjort brotsverk, samstundes som dei kan hjelpe dei som vert ramma av hendingar som dette til å leve betre i ettertid.

Biletet av Maria Goretti er henta frå katolsk.no, medan  biletet av Magee og Tuffnell er frå BBC.

torsdag 1. juli 2010

A is for Allah

Yusuf Islam, betre kjent under sitt gamle artistnamn Cat Stevens, har i løpet av det siste året vorte ein av mine favorittartistar. Eg har framleis ikkje kome meg gjennom all musikken hans, sidan eg ikkje oppdaga han før forrige sommar, men er framleis i utforskingsfasen. Ei av platene eg ikkje har høyrt er barneplata A is for Allah som han gav ut i 2000. Plata laga han etter at dattera hans var født, då han ville gje henne, og andre born, ei god opplæring i islam, samstundes som han ville lære henne det arabiske alfabetet. Ein av songane på denne plata er denne songen som heiter det same som albumet, A is for Allah. Utan å ha høyrt meir enn denne songen, verkar den som ei slags oppsummering av resten av plata.

Dette er ein fin song uansett, men pedagogikken i den er vidunderleg. Teksten på songen er ein katekisme i seg sjølve, der den går gjennom dei viktige punkta i islamsk lære og formulerer dei på vers og med enkle huskereglar knytta til alfabetet. (Teksten kan lesast på islamiclyrics.net, der den også er illustrert med dei aktuelle arabiske bokstavane. Eit lynkurs i arabisk og islam, altså.) Melodien skal vere i ein muslimsk musikktradisjon som kallast nasheed, og blir brukt for undervisning i islam.

Nokon av dei musikalske kreftene i kyrkja burde kjenne inspirasjonen frå Yusuf Islam og lage ein tilsvarande musikk-katekisme som dette. Ein enkel tekst som går gjennom hovudpunkta i kristen lære, gjerne knytta opp mot knaggar som alfabetet eller likande, kombinert med ein enkel og fengande melodi. Det er eit sikkert vinnarlag. (Kanhende eksisterar det slike gode songar, men eg kjem ikkje på nokon.)

Fram til nokon lagar ein slik song, får vi nøye oss med Yusuf Islam. Høyr, nyt og lær.



Biletet er henta frå Wikimedia Commons.